Selen og vitamin E mangel

Mangel på selen og/eller vitamin E er årsak til alvorlege sjukdomsproblem.

Ulike dyreartar har varierande behov for selen og vitamin E, og behovet er også avhengig av fysiologisk status.

Smittestoff og smittevegar

Selen og vitamin E er essensielle element i cellene sitt forsvar mot oksidative stoff hos dyr og menneske.

Selen i store mengder er svært toksisk.

Sjukdomsteikn og diagnostikk

Mangel på eitt eller begge desse stoffa er sett i samband med muskeldegenerasjon, reproduksjonsproblem, svaktfødde dyr, jurbetennelse, nedsett immunforsvar og generell vantrivnad.

Kalvar, ungdyr, kviger og sinkyr som har liten tilgang på kraftfôr kan ha låg selenstatus dersom det ikkje er gitt nok selentilskot. Mjølkekyr har som oftast god status av selen fordi ein gjerne brukar kraftfôr i mengder som har tilpassa seleninnhald (ca. 0,3-0,4 mg/kg, maks. 0,5 mg/kg) til å dekka heile behovet. Selenstatus hos dyr på utmarksbeite er ofte betre enn hos dyr som beiter på innmark. Dette skuldast at dyra i utmarka har tilgang til urter, buskar og bork som kan innehalda meir selen enn kulturvekstane.

Mjølkebuskapar på godt grovfôr får oftast nok vitamin E.

Ammekubuskapar har ofte mangel på selen og vitamin E, og kalvane er særleg utsette. Årsaka er at dei får lite kraftfôr og anna tilskot som inneheld selen. Grovfôr av redusert kvalitet kan føra til vitamin E mangel.

Dårleg selen/vitamin E-status er ikkje uvanleg i sauehaldet på heimebeite og innefôring. Lite kraftfôr og lite mineraltilskot kan gi selenmangel, og dårleg grovfôr kan gi vitamin E mangel. På utmarksbeite får dyra vanlegvis dekka selenbehovet gjennom relativt selenrike urter etc., og ferskt gras gir dekning av E-vitamin.

Det er viktig å vera klar over at lokalprodusert kraftfôr, som til dømes havre til hest, ikkje er tilstrekkeleg kjelde til dekking av selenbehovet.

Behov for selen og vitamin 

Veterinærinstituttet reknar med at optimal selenkonsentrasjon i fullblod hos drøvtyggjarar og hest ligg i området 0,10 til 0,15 mg/ml blod.

Nivået av vitamin E i blodplasma bør vera over 2.0 mg/ml hos drøvtyggjarar, og hos hest blir nivå over 1,0 mg/ml rekna for å vera tilfredsstillande.

Desse nivåa gjeld for alle aldrar og ulike produksjonar, bortsett frå vitamin E hos nyfødde dyr, som ofte har eit lågare nivå på grunn av avgrensa opptak i fosterlivet.

Førekomst

Selen

Naturleg selennivå i nordiske vekstar er lågt. Kjelder for tilførsel av selen er kommersielt kraftfôr, mineralrikt tilskotsfôr, vomkapslar med mineral, saltslikkestein, veterinære injeksjonar, og gras og korn som er gjødsla med gjødsel som inneheld selen.

Både kraftfôr, mineraltilskotsfôr, saltslikkestein, injeksjonar og vomkapslar inneheld uorganisk selen (natriumselenitt). Gjødsling med selen (natriumselenat) fører til at plantene lagar organisk selen (selenmetionin) som dyra tek opp frå plantene. Dette siste kan vera eit godt tiltak som er lite nytta.

Organisk selen har vist seg å ha ei betre fordeling i dyreorganismen og gir mellom anna høgare innhald i muskulatur og mjølk. Slik kan selenstatus hos dyr også vera viktig for det humane seleninntaket gjennom animalske produkt. Selen er svært giftig i større mengder og ein bør derfor unngå overdosering ved bruk av fleire selenkjelder. Saltslikkestein med mineral har vist seg å bidra lite som selentilskot.

Vitamin E

Ferskt gras og i surfôr som er optimalt konservert, inneheld normalt rikeleg med vitamin E. Ved ekstra behov kan ein gi tilskotsfôr med vitamin E som vanlegvis også inneheld mineral.

Tiltak

Drøvtyggjarar og hest som blir fôra med råvarer frå vårt område, treng selentilskot.

Tilskot av vitamin E trengst ikkje når dyra går på beite eller blir fòra med ferskt gras eller godt surfôr (helst frå silo, då undersøkingar tyder på at kvaliteten er betre og innhaldet av vitamin E høgare i surfôr frå silo enn frå rundballar). Behovet for tilskot av vitamin E ser ut til å vera større om vinteren og våren når dyra får konservert fòr enn om sommaren og hausten.

Det er ulike behov for selen og vitamin E etter dyreart og fysiologisk status. Det er vanleg å løysa dette ved å rekna at behovet for desse stoffa per kg tørrstoff er relativt konstant, slik at dyr som treng mykje fôr også får tilført meir selen og vitamin E. Det kan likevel vera slik at dyr i rask vekst eller i stor mjølkeproduksjon, har eit større behov. Samansetjinga av fôr påverkar også behovet for selen og vitamin E. Meir umetta feitt i fôret aukar behovet for desse stoffa.

Ein kan grovt rekna at behovet for selen hos drøvtyggjarar og hest ligg på 0,10-0,15 mg/kg totalfôr på tørrstoffbasis. Ein bør unngå betydeleg høgare innhald enn dette fordi selen kan vera toksisk.

Behovet for vitamin E (sum tokoferoler) hos drøvtyggjarar og hest kan reknast å vera minimum 30 mg/kg totalfôr på tørrstoffbasis. Vitamin E er ikkje toksisk slik som selen og ei høgare dosering er uproblematisk.