Schmallenbergvirus

Schmallenbergvirus blir spreidd med sviknott og kan vera årsak til alvorlege misdanningar hos lam, kalv og kje.

Hausten 2011 blei eit nytt virus, kalla Schmallenbergvirus, oppdaga hos drøvtyggjarar i Tyskland, Nederland og Belgia. Viruset har seinare spreidd seg til fleire andre europeiske land og sirkulerer også i Noreg. Viruset er ikkje kjent for å smitte menneske. Infeksjon med Schmallenbergvirus er ein liste 3-sjukdom.

Smittestoff og smittevegar

Schmallenbergvirus er eit kappekledd RNA-virus i slekta Orthobunyavirus i familien Peribunyaviridae.

Viruset blir overført med sviknott (Culicoides spp.). Det finst ei rekkje artar av sviknott i Europa og Noreg som kan overføra viruset.

Viruset finst i blodet hos mottakelege dyr i opptil ei veke, og sviknott som syg blod av infiserte dyr i denne perioden kan spreia viruset til andre dyr ved seinare blodmåltid. Direkte og indirekte overføring mellom dyr er ikkje rekna som ein sannsynleg smitteveg.

Overføring av virus til foster under drektigheita kan føre til abort, dødfødsel og medfødde misdanningar.

Sjukdomsteikn

Storfe, sau, geit, bison, alpakka og enkelte ville drøvtyggjarar (mellom anna rådyr og hjort) har vist seg å vera mottakelege for Schmallenbergvirus.

Dyra vil som oftast visa få klinske teikn på infeksjon, men storfe kan utvikla akutt sjukdom med feber, redusert fôropptak, fall i mjølkeytinga og av og til diaré. De kliniske teikna går oftast over utan behandling i løpet av nokre dagar.

Infeksjon av drektige dyr kan føre til at viruset blir overført til fosteret. Dersom infeksjonen skjer i ein kritisk periode av fosterutviklinga, kan dette føre til abort, dødfødsel eller medfødde misdanningar hos kalv, lam og kje. Misdanna avkom er oftast daudfødde eller dei daudar straks etter fødsel. Varierande grad av misdanningar i form av deformerte bein (artrogryphose), vasshovud (hydrocefalus), vridd hals (torticollis), S-forma ryggrad (skoliose) og underutvikla sentralnervesystem (hypoplasi av CNS) er påvist. Det er også påvist virus i kalvar som har dauda i første leveveke, utan synlege misdanningar. Førekomsten av misdanna avkom er til vanleg låg i råka område, men kan være høg i enkelte buskapar.

Diagnostikk

Diagnosen infeksjon med Schmallenbergvirus kan stillast ved viruspåvising med rRT-PCR eller ved påvising av antistoff hos dyr som har vore smitta tidlegare. PCR av blod frå mordyr er mest aktuelt tidleg i infeksjonsløpet, medan virus kan påvisast i relevant vev frå infiserte foster, fosterhinner eller nyfødde dyr. Antistoff kan påvisast med ELISA i mjølk og blod/serum.

Differensialdiagnoser

Akutt Schmallenbergvirus-sjukdom hos storfe kan vere vanskeleg å skilje frå akutt coronavirusinfeksjon («vinterdysenteri») hos storfe. Andre Orthobunyavirus (som Akabanevirus), blåtungevirus, bovint virusdiarévirus og ei rekkje ikkje-infeksiøse årsaker kan gi tilsvarande misdanningar som Schmallenbergvirus.

Førekomst

Schmallenbergvirus blei første gong påvist i prøver frå storfe frå Schmallenberg i Tyskland hausten 2011, og kort tid etter i Nederland og Belgia. Viruset spreidde seg raskt til store delar av Mellom-Europa og er seinare påvist i fleire europeiske land.

I Noreg blei viruset påvist første gong i 2012. Overvaking etter 2020 viser at viruset har vore i omløp i delar av Sør-Noreg, og antistoff mot viruset er også påvist i innsendte prøver i 2026.

I område der viruset sirkulerer, er smittespreiing knytt til aktiviteten til sviknott. Denne er størst på seinsommaren og hausten. Temperatur og vind har betydning for kor raskt infiserte sviknott kan spreia viruset.

Overvaking

Det er ikkje eit eige aktivt overvakingsprogram for Schmallenbergvirus i Noreg nå. Antistoff mot Schmallenbergvirus blir likevel undersøkt som ein del av overvakingsprogrammet for brucellose hos storfe. Det er tidlegare gjennomført overvaking av Schmallenbergvirus i fleire omgangar, seinast i 2022.

Gå til overvakingsprogrammet.

Tiltak

Det er vanskeleg å hindre smittespreiing av Schmallenbergvirus fordi viruset blir overført med sviknott.

Vaksinasjon kan redusere risikoen for infeksjon og fosterskade. Det finst ei vaksine med marknadsføringstillating i EU, men vaksinen er ikkje marknadsført i Noreg. Bruk av vaksinen krev tillating frå Mattilsynet, og slik tillating er ikkje gitt.