Raud hønsemidd

Raud hønsemidd (Dermanyssus gallinae) er eit blodsugande edderkoppdyr som er utbreidd i verpehønsflokkar i Noreg og i resten av Europa. Parasitten påverkar økonomisk lønsemd, dyrehelse og dyrevelferd negativt, og kan dessutan ha ugunstige miljøeffektar som følgje av bruk av kjemikaliar.

Parasitten er eit stort problem for hønene si helse og velferd, og i ekstreme tilfelle kan den føra til store blodtap og død. Raud hønsemidd er ein potensiell smitteberar for fleire andre sjukdomsframkallande agens, til dømes raudsjukebakteriar og Salmonella.

Smittestoff og smittevegar

Raud hønsemidd (Dermanyssus gallinae) er ein blodsugande parasittisk midd som i hovudsak livnærer seg av blod frå hønsefugl, men han kan òg nytte andre fugleartar og pattedyr som vertsdyr. Hønsemidden syg blod frå både tamme og ville fuglar. Han kan mellom anna finnast hos fugleartar som nyttar same reirplass over lengre tid, til dømes sporvar, svaler, duer. Hos ville fuglar finst det også liknande middartar, mellom anna Dermanyssus hirundis.

Når midden er svolten, finn han fram til ein vert for å suga blod. Dette skjer i mørket, altså om natta  eller på stadar i hønsehuset der det er mørkt, til dømes i reirkassar.

Parasitten er lett synleg og lettast å oppdage etter blodsuging. Då er han raud og om lag 1 mm lang. Midd som ikkje har suge blod, er gråkvit og noko mindre (om lag 0,7 mm). Etter blodmåltidet forlèt midden vanlegvis verten og oppheld seg i hovudsak i sprekker og andre skjulestader i innreiing, utstyr og miljøet rundt fuglane. Han kan også finnast i reirmateriale, sprekker og skjul i vegger og tak i fjørfehuset. Midden kan overleve lenge under gunstige forhold. Det er rapportert at han kan overleve i opptil eit halvt år utan tilgang til blod. Dette gjer kontroll og nedkjemping av midden utfordrande.

Raud hønsemidd utviklar seg frå egg til vakse individ via eit larve- og to nymfestadium. Larvane liknar dei vaksne, men har tre par bein, og dei tek ikkje til seg næring. Nymfer og vaksne har 4 par bein, og dette er dei einaste stadia som syg blod. Nymfene treng blod for å utvikla seg vidare, og dei vaksne treng blod mellom kvar egglegging.

Eit vakse individ kan leggja 7-9 egg på eitt måltid blod. Utviklinga frå egg til kjønnsmodent individ kan ta ned mot ei veke under gunstige miljøtilhøve (sommar). Ved mangel på fuglevertar kan midden suga blod av pattedyr, mellom anna gnagarar, hundar, kattar og menneske.

Raud hønsemidd kan fungere som ein potensiell vektor for fleire virus- og bakteriesjukdommar, mellom anna avipoxvirus, fowl adenovirus, Mareks sjukdom, raudsjukebakterien Erysipelothrix rhusiopathiae, Salmonella spp. og Mycoplasma spp. Trass i at fleire sjukdomsagens er påviste i eller på midden, er det framleis uklårt kva rolle han spelar som smittereservoar og smittespreiar i felt.

Kontroll av raud hønsemidd kan baserast på ein kombinasjon av fysiske, kjemiske og biologiske tiltak.

Fysiske tiltak omfattar mellom anna reingjering, varmebehandling, mekanisk fjerning av midden og utforming av innreiing som reduserer talet på skjulestader. Kjemiske tiltak omfattar bruk av akaricid og andre kjemiske middel som drep eller hemmar midden. Utvalet av kjemiske middel er avgrensa, mellom anna på grunn av omsyn til mattryggleik, dyrehelse, arbeidsmiljø og miljøpåverknad. Biologiske tiltak omfattar bruk av naturlege fiendar, som rovmidd. I tillegg blir det arbeidd med utvikling av vaksinar mot raud hønsemidd. Fleire biologiske kontrolltiltak har vist lovande resultat i eksperimentelle studiar, men effekten har så langt vore varierande under kommersielle produksjonsforhold.

Sjukdomsteikn og diagnostikk

Raud hønsemidd kan identifiserast i mikroskop, men det er lite som skil denne arten og andre nære artar morfologisk, så sikker identifikasjon kan difor vera utfordrande. Analyse av DNA-sekvensar er difor den sikraste metoden for identifikasjon, og den vil også kunne gje informasjon som ein kan bruke for sporing av smitte.

Raud hønsemidd kan også gå på menneske. Folk kan få skabbliknande utslett som klør sterkt. Graden av reaksjon varierer frå individ til individ, og visse menneske reagerer ikkje i det heile. Personar som arbeider i fjørfehus eller som kjem i tett kontakt med reir og fuglar, er mest utsette.

 

Førekomst

Raud hønsemidd er særleg utbreidd i eggproduksjonen. Førekomsten i verpehønsflokkar i enkelte europeiske land er svært høg (>80 %), men varierer frå land til land. I Noreg finst midden i ca. 20 % av verpehønsflokkane. Skilnader i utbreiing heng truleg saman med faktorar som påverkar smittepresset, slik som klima og driftsformer.

Tiltak

Ved innsett av nye dyr i fjørfehus bør huset vera reingjort/desinfisert etter førre innsett. Unngå flytting av utstyr og materiell mellom hus, eventuelt må dette skje kun etter ein grundig vask/desinfeksjon, som er eit kritisk tiltak for å minska smitterisikoen mellom hus. Eggbrett kan varmebehandlast for å redusere smittespreiing med returembalasje. Det er også viktig å hindra at villfugl byggjer reir på eller nær av fjørfehuset, då ein kan risikere utveksling av midd mellom villfugl og fjørfe i huset.

Reingjering og sanering av fjørfehus som er infiserte med midd, skal skje straks etter slakting av dyra. Det finnest kommersielle aktørar som kan hjelpe med å gjennomføre sanering for midd. All behandling startar med grundig mekanisk grovreingjering og støvsuging. Vidare behandling mot raud hønsemidd kan skje ved varmesanering av infisert hønsehus (55°C over fleire timar) eller ved kjemisk behandling, eller ved ein kombinasjon mellom desse. Sjå eigen rapport om dette frå 2007. Det kan vera utfordrande å bli heilt kvitt parasitten, og ein har sett at parasitten kan koma tilbake i sanerte hus.