Pseudorabies (Aujeszkys disease)

Pseudorabies, også kalla Aujeszkys disease (AD), er ein virusinfeksjon som råkar gris. Viruset kan smitta til storfe, småfe, hest, hund og katt. Hos desse er sjukdommen alltid dødeleg. Viruset smittar ikkje til menneske.

Sjukdommen eller smittestoffet har aldri vore påvist i Noreg.

AD er ein liste 1-sjukdom, og førekomst av eller mistanke om AD skal straks rapporterast til Mattilsynet.

Smittestoff og smittevegar

Årsaka til AD er eit DNA-porcint herpesvirus 1 i familien Herpesviridae. Det finst mange variantar med ulik evne til å framkalla sjukdom. 

AD-viruset smittar mellom grisar stort sett via trynekontakt. Det kan også smitta via sæd og over placenta. AD-viruset kan spreiast mellom buskapar med luft over avstandar på 2-3 km under gunstige vêrtilhøve (høg luftfukt og vind). Virus blir i liten grad skild ut via avføring. 

AD-virus er relativt resistent utanfor grisen. Det er stabilt ved pH 4-12. På overflata av tøy og tre blir virus inaktivert i løpet av 10-15 dagar. I gjødsel blir viruset inaktivert i løpet av ein månad om sommaren og 2 månader om vinteren, men ved høg virusbelasting kan infektive virus påvisast i vesentleg lengre tid. Det er vist at AD-virus kan inaktiverast ved 60 °C i 30-60 minutt, ved 70 °C i 10-15 minutt og ved 80 °C i 3 minutt.

Sjukdomsteikn og diagnostikk

Inkubasjonstida er frå 1 til 11 dagar, og kortast hos spedgris. I nysmitta buskapar spreier sjukdommen seg raskt til alle aldersgrupper, medan infeksjonen kan finnast utan symptom i kronisk smitta buskapar.

Diagnostikk

AD-virus kan isolerast frå nasesvabrar i 8-17 dagar etter smitte, og frå svelgsvabrar i 18-25 dagar. Viruset er påvist i sæd i opptil 12 dagar. 

AD-virus kan påvisast ved ELISA, RT-PCR, immunhistokjemi eller virusisolasjon frå organ. Antistoff mot viruset kan påvisast ved ELISA-test av serum (fullblod). Grisar kan vera latent infiserte med AD-virus og samstundes serologisk negative. 

Førekomst

AD har aldri vore påvist i Noreg. Sjukdommen har funnest i dei fleste svineproduserande landa, men er utrydda frå kommersielt svinehald i mange land i Vest-Europa i løpet av dei siste 35 åra (mellom anna Sverige, Danmark, Tyskland og England). I ein del land er villsvinpopulasjonen framleis smitta, medan den kommersielle tamsvinpopulasjonen er rekna for å vera fri. 

AD-viruset kan smitta ei rekkje artar, men svin er det einaste naturlege reservoaret. Viruset er ikkje veldig smittsamt. Delen av infiserte grisar i ein buskap kan variera mellom 10 og 90 %. Grisar som har overlevd infeksjonen blir kroniske smitteberarar. Andre artar blir rekna som blindvegsvertar då infeksjonen alltid er dødeleg hos desse. Dersom smitten blir eliminert frå svin, vil den raskt døy ut også hos andre artar.

Overvakning

AD er omfatta av det nasjonale overvakingsprogrammet for spesifikke virusinfeksjonar hos svin. Veterinærinstituttet testar årleg blodprøver frå ca. 4 000 grisar for antistoff mot AD-virus. Det er aldri funne positive grisar.

Gå til overvakningsprogrammet

Tiltak

AD er ein liste 1-sjukdom. Utbrot av AD vil bli nedkjempa med isolasjon og nedslakting av buskapen. 

På grunn av dokumentert fristatus for AD kan Noreg be om tilleggsgarantiar ved import av levande grisar eller rånesæd. Importerte grisar blir plasserte i norsk isolat der dei mellom anna blir testa med omsyn til antistoff mot AD-virus. 

Vanleg brukte desinfeksjonsmiddel er effektive. For desinfeksjon av gjødsel blir leska kalk tilrådd, 20 kg Ca(OH)2 pr. kubikkmeter.