Proliferativ nyresjuke (PKD)

Årsaka til proliferativ nyresjuke (PKD) er parasitten Tetracapsuloides bryosalmonae.

Sjukdommen finst både i setjefiskanlegg og hos vill laksefisk i vassdrag, og kan vera årsak til store tap.

Smittestoff og smittevegar

Proliferativ nyresjuke (Proliferative Kidney Disease – PKD) og er årsaka av den fleircella parasitten Tetracapsuloides bryosalmonae som tilhøyrer dyregruppa myxozoer (Myxozoa) i underklassen Malacosporea.

Tetracapsuloides bryosalmonae har mosdyr (Bryozoa) i ferskvatn som hovudvert. Inne i mosdyra går parasitten gjennom ei kjønna formeiring. Etter kvart blir det også produsert sporar som er parasitten sitt spreiingsstadium. Sporane blir spreidde gjennom vatnet, og dersom dei treffer ein laksefisk, hektar dei seg fast.

Sporane sitt infektive innhald, protoplasmaet, trengjer inn i verten gjennom slimcellene i fisken si hud. Inne i fisken blir parasittane spreidde med blodet og kan påvisast og oppformeirast i dei fleste av fisken sine organ og når til slutt nyra, som er målorganet for parasitten. I nyra skjer endå ei oppformeiring av parasitten. Oppformeiring som skjer i fisken er ukjønna, og etter kvart blir det danna sporar som kan påvisast i fisken sin urin. Desse sporane er annleis enn dei som blir danna i mosdyra.

Sjølv om laksefisk kan verta infisert av T. bryosalmonae kan det likevel vera at laksefisk ikkje spelar ei vesentleg rolle i T. bryosalmonae sin livssyklus. Det er vist at parasittane kan spreiast frå vertsindivid til vertsindivid inne i mosdyrkoloniane. Det er også vist at parasittane kan ha eitt kvile-/spreiingsstadium (statoblastar) hos mosdyr.

Mosdyr er små dyr som lever i vatn og som stort sett dannar koloniar. Dei einskilde dyra i ein koloni blir kalla zooidar. Koloniane viser seg som kalkaktige, geléaktige, moseliknande eller svampliknande belegg på planter og gjenstandar under vatn. Dei fleste mosdyrslektene er marine, men ei gruppe (Phylactolaemata) lever i ferskvatn.

Mange mosdyr i ferskvatn blir utsette for store miljømessige årstidsvariasjonar. For å tilpassa seg dette kan dei danna eit kvilestadium som tåler både tørke og innfrysing, til skilnad frå koloniane. Frå slike kvilestadium – statoblastar – dannar det seg nye koloniar når tilhøva igjen blir gunstige. I Noreg er dette oftast om våren. Mosdyra kan formeira seg ved knoppskyting, ved at nye zooidar veks ut frå ein koloni. Formeiringa kan også vera kjønna. Mosdyr er hermafrodittar, altså både hann og ho på sama tid.

Frå Noreg er 10 artar ferskvassmosdyr kjende. Mellom desse er Cristatella mucedo og Fredericella sultana, som begge er sett på lista over vertar for T. bryosalmonae. Dei er begge vanlege og utbreidde frå nord til sør.

Sjukdomsteikn og diagnostikk

Som for andre agens er det viktig å skilja mellom parasitten T. bryosalmonae og sjukdommen PKD, fordi ein laksefisk godt kan vera infisert utan å vera sjuk.

PKD er ein sjukdom som først og fremst er kjend frå setjefiskanlegg. Sjuk fisk får ofte bleike (anemiske) gjeller og sterkt oppsvulma nyre. Fisken sitt immunforsvar kan gi store vevsendringar først og fremst i nyre og milt. Dette viser seg ved at buken ser oppsvulma ut.

Sjukdommen PKD utviklar seg som regel når temperaturen i vatnet har vore over 15 °C i 14 dagar. Dette gjer at sjukdommen oftast bryt ut om seinsommaren. I elver der det finst bryozoer infiserte med T. bryosalmonae og med høg sommartemperatur kan laksefisk bli infisert og utvikla PKD.

Problema kan forsterkast i regulerte vassdrag med lita sommarvassføring, der temperaturen kan bli høg. I andre europeiske land har ein sett stigande tal på PKD-utbrot og blant anna i  Sveits har dette ført til ein alvorleg nedgang i bestanden av aure. Samstundes har ein registrert auke i sommartemperaturen i mange elver. PKD kan difor bli eit større problem som følge av auka temperatur grunna klimaendringar.

Parasitten kan påvisast i vevssnitt, spesielt nyre og milt, eller den kan påvisast ved PCR.

Førekomst

Tetracapsuloides bryosalmonae er blitt påvist mange gonger i Noreg tidlegare, særleg i setjefiskanlegg. I 2006 blei PKD funnen hos ville lakse- og aureungar i Åbjøra og Jølstra. I Åbjøravassdraget har det truleg vore regulære utbrot av PKD i perioden 2002-2006. Ein reknar med at smoltproduksjonen i Åbjøravassdraget blei redusert med mellom 50 og 75 % som følgje av denne sjukdommen.

Førekomsten av T. bryosalmonae er vanleg i laks i norske vassdrag langs heile kysten og er også påvist i ørret (Salmo trutta) og røye (Salvelinus alpinus). Det er og funne fisk med sjukdomsteikn i fleire vassdrag. Den høge førekomsten av parasitten peikar på at sjukdommen PKD kan få stor innverknad på bestanden av norsk villaks og andre laksefisk dersom temperaturen aukar som følgje av den globale oppvarminga.

Tiltak

Laksefisk er ein mellomvert for T. bryosalmonae, og flytting av infisert fisk kan difor føra til spreiing av parasitten. Setjefiskanlegg som hentar vatn direkte frå infiserte vassdrag kan få parasittsporar inn saman med inntaksvatnet. I slike tilfelle treng ein filtrera inntaksvatnet eller bruka alternative vasskjelder.

Dyr

Aktuelle fagområder