Nodavirus hos marin fisk

Nodavirus er årsak til sjukdommane viral nervevevsnekrose (VNN) og viral encephalopati og retinopati (VER).

VNN og VER er liste 3 sjukdommar, og førekomst av eller mistanke om VNN/VER skal straks rapporterast til Mattilsynet.

Smittestoff og smittevegar

Sjukdommane viral nervevevsnekrose (VNN) og viral encephalopati og retinopati (VER) skuldast begge infeksjonar med nodavirus.

Det finst ulike variantar av viruset, og det ser ut til at kvar fiskeart har sin variant. Dei ulike variantane kan likevel vera årsak til sjukdom hos meir enn ein art, slik at ulike fiskeartar kan smitta kvarandre. Sjuk fisk er den viktigaste smittekjelda, men virus er svært motstandsdyktig og kan overleva lenge i vatn.

Sjukdomsteikn og diagnostikk

Viruset er årsak til skade på nervevev i hjerne, ryggmarg og auge og kan gi store tap i yngelfasen. Dette viser seg i spiralsymjing, rulling og symjing med buken opp, manglande appetitt og endring av pigmentering. Flatfisk kan bli liggjande på botnen med heva hovud og hale pga. krampe. Ved obduksjon finn ein få endringar bortsett frå forstørra symjeblære.

Diagnostikk
VNN/VER blir diagnostisert ved funn av karakteristiske histopatologiske endringar i sentralnervesystemet samt påvising av nodavirus ved hjelp av immunhistokjemi, virusdyrking eller molekylærbiologiske metodar.

{BOX}}

Vil du ha undersøkt prøver for VNN/VER?

Ved mistanke om sjukdom: Varsle Mattilsynet (tlf. 22 40 00 00). Dei vil vurdere om det skal takast prøver for innsending til Veterinærinstituttet.

Ved ønskje om prøvetaking for kontroll/import/eksport treng ein ikkje varsle Mattilsynet.

Send inn prøver{{/BOX}}

Førekomst

Infeksjon med nodavirus er påvist hos marine fiskeartar i oppdrett og i enkelte tilfelle hos villfisk. VNN/VER finst i heile verda og blir rekna som eit stort problem i oppdrett fordi sjukdommen kan føra til store tap av yngel og juvenil fisk.

I Noreg er VNN/VER påvist hos kveite og piggvar sidan midten av 1990-talet. Sjukdommen blei for første gong påvist hos torsk i Noreg i 2006.

Viruset er dessutan påvist i villfanga leppefiskarter langs kysten vår, men funna er førebels ikkje knytta til sjukdom i desse artane.

Avgrensa oppdrett av mottakelege marine artar har gjort at sjukdomen berre har vore påvist sporadisk dei seinare åra.

Overvaking

Mattilsynet og Veterinærinstituttet har tidlegare gjennomført eit overvakings- og kontrollprogram for VNN. Programmet blei avslutta i 2003.

Tiltak

VNN og VER er liste 3 sjukdommar, og funn av eller mistanke om VNN/VER skal straks rapporterast til Mattilsynet.. Sjukdomen var tidlegare listeført i OIE, men den verdsdekkande  førekomsten førte til at sjukdommen er teken av lista, og det er difor ikkje lenger rapporteringsplikt mot OIE.

Aktuelle dyr

Aktuelle fagområder