Musepest

Musepest (Nephropathia epidemica) er ein sjukdom som smittar mellom dyr og menneske (zoonose). Sjukdommen blir forårsaka av eit virus som smågnagarar er reservoar for.

Mus som kikker opp av et hull.
Musepest kan smitte fra smågnagere til mennesker. Foto: Colourbox

Smittestoff og smittevegar

Årsaka til musepest er Puumalavirus. Viruset høyrer med til virusslekta Hantavirus i familien Bunyaviridae.

Smågnagarar skil ut virus i spytt, urin og avføring. Menneske kan bli smitta gjennom innanding av støv som inneheld virus frå  muselort og -urin, eller ved å få i seg vatn ureina med avføring frå mus.

Sjukdomsteikn 

Smågnagarar blir til vanleg ikkje sjuke av hantavirus, men dei skil ut virus i urin og avføring i lang tid.

Hos menneske er den skandinaviske varianten av viruset først og fremst årsak til akutt nyresjukdom, men infeksjonen er sjeldan dødeleg.  Hantavirus i andre delar av verda  kan gje meir alvorleg sjukdom hos menneske, til dømes  nyre- og/eller lungesjukdom. Likevel er infeksjonar utan, eller med milde symptom, truleg det vanlegaste. Les meir om Nephropathia epidemica på Folkehelseinstituttets hjemmesider.

Diagnostikk

Antistoff mot viruset kan påvisast i blod hos smitta dyr. Viruset kan og påvisast i blod og vev med RT-PCR. Ved import av tamrotter og innføring av ville gnagarar til laboratorier er testing aktuelt.

Veterinærinstituttet utfører ikkje undersøkingar for hantavirus og det er ingen systematisk overvaking av førekomst i smågnagarbestandane i Noreg.

Førekomst

Hantavirus finnes over store deler av verda, og det er beskrive 35 ulike variantar av viruset. Ulike hantavirusa har ulike gnagarartar som reservoarvert. Utbreiing av viruset heng saman med kor dei ulike gnagarartane lever.

I Noreg er det kun Puumalavirus som er påvist. Klatremus (Myodes glareolus)  blir rekna for å vera hovudreservoaret for Puumalavirus i Sør-Noreg. I Nord-Noreg er raudmus (Myodes rutilus) hovudreservoaret.

Puumalavirus er vanleg i Skandinavia og Aust-Europa. Hantavirus som sirkulerer i andre deler av verden kan vere årsak til meir alvorleg sjukdom hos menneske, og nokre variantar av desse kan smitte direkte mellom menneske.

I 2013 blei Seoul hantavirus påvist både hos ville og tamme rotter i Storbritannia, og hos tamrotte i Sverige. Dette viruset finst utbreidd i Asia, og Sin nombre hantavirus er vanleg i Nord-Amerika. Seoul-viruset smittar brunrotte (Rattus norvegicus). Det er ikkje kjent kor utbreidd Seoul-viruset er i tamrottepopulasjonane, verken i Noreg eller i andre land.

Tiltak

Sidan Seoul-viruset er påvist hos tamrotter i fleire land, kan ein risikera å få inn dyr som er berarar av viruset, ved import av kjæledyr. Slike dyr kan smitta både dyr og menneske. Ved import av tamrotter bør desse difor testast for hantavirus.

Musepest hos menneske (Nephropathia epidemica) kan førebyggjast ved å nytta våt klut i staden for kost, og eventuelt bruka hanskar og munnbind om ein skal gjera reint på stader der det er eller har vore gnagarar. Slik kan ein unngå innanding av støv som inneheld virus frå  muselort og -urin.

Kontaktperson

Bente Fjermestad-Eie

Bente Fjermestad-Eie

Veterinær, fagansvarlig smådyr og zoonoser

Les siste nytt fra Veterinærinstituttet

 
Alle nyheter