Miltbrann

Miltbrann (anthrax) er ein perakutt eller akutt infeksjonssjukdom som er årsak til alvorlege symptom og død hos mange dyreartar og menneske.

Miltbrann er ein A-sjukdom, og førekomst av eller mistanke om miltbrann skal straks rapporterast til Mattilsynet.

Smittestoff og smittevegar

Årsaka til miltbrann (anthrax) er den kapseldannande stavbakterien Bacillus anthracis. Ein viktig eigenskap ved bakterien er at den kan danna svært motstandsdyktige sporar som kan overleva i mange tiår i jord. Bakteriar som ikkje sporulerer, vil dauda ut i løpet av 2-3 døger ved temperaturar over 14 °C.

Sjukdommen smittar ikkje direkte frå dyr til dyr, men ved sporar som blir opptekne via fôr, inhalerte via luft eller opptekne gjennom sår i huda.

Bakterien formeirar seg truleg berre i dyr eller menneske. Difor er det i praksis dyrekadaver eller produkt frå infiserte dyr som er kjelde for ny smitte. Dyregraver med miltbrannskadaver som blir opna er ei vesentleg smittekjelde. Ved flaum kan sporane spreiast til beiteområde eller vasskjelder og vera opphav til nye infeksjonar.

Innhausta fôr ureina med jord kan innehalda smittestoff. Utilstrekkeleg varmebehandla kjøtbeinmjøl som har vore brukt i kraftfôr, har tidlegare vore ei smittekjelde. Blodsugande insekt, som visse fluge- og myggartar, kan også overføra miltbrannssmitte.

Sjukdomsteikn og diagnostikk

Storfe, som er mest mottakelege for smitten, viser sterk allmennpåkjenning og daudar ofte brått med utflod av mørkt blod frå naturlege kroppsopningar,

Miltbrann hos storfe, og sau, geit og rein har ei inkubasjonstid på 1-5 døger, og sjukdommen varer frå nokre timar til 3 døger. Enkelte dyr daudar utan å ha vist symptom. Andre får høg feber, muskelskjelvingar, fall i mjølkeproduksjonen, og drektige dyr kan abortera. Slimhinnene blir hyperemiske, og dyret kan få blodig diare. Ein kan sjå blod i urinen og ødem i underhuda i hals- og brystregionen. Hos daude dyr kan ein ofte sjå mørkt, tjøreaktig, ikkje-koagulert blod frå naturlege kroppsopningar.

Hos hest er sjukdommen akutt, med kolikk, blodig diaré, pustevanskar, ødem i underhuda i brystregionen, under buken, på bein, jur eller ytre kjønnsorgan.

Gris er meir resistent, og dyr kan ha sjukdommen utan tydelege symptom. Dei kan ha hevelse i svelget, med spreiing til hals og bryst, feber, sterkt redusert matlyst, og av og til diaré.

Diagnostikk
Obs! Det skal ikkje skjerast i dyr som er mistenkte for å ha miltbrann! Om ein skjer i dyret, kan det danna seg sporar som kan spreiast til miljøet rundt.

Ein skal ta blodprøve frå ei overflatisk vene, i blodprøveglas utan tilsetting. Dette skal leggjast i ei transporthylse med skrukork. Prøver skal pakkast forsvarleg, som påpeika i gjeldande retningsliner, og sendast med «Ekspress over natt» til Veterinærinstituttet i Oslo.Ein skal alltid gi beskjed til laboratoriet om at prøve er på veg.

Diagnosen blir stilt på grunnlag av mikroskopi og bakteriologisk dyrking. Prøvene blir undersøkte kostnadsfritt. Blodutstryk frå nyss daude dyr (mindre enn eitt døger) kan mikroskoperast i felt av personale med røynsle frå slik diagnostikk. Blodutstryk skal fargast med polykrommetylenblått. Positive funn viser seg ved typiske stavbakteriar med rosa kapsel.

Miltbrann kan forvekslast med andre tilstandar som fører til brå død. Lynnedslag, perakutt miltbrannsemfysem, malignt ødem eller brå dødsfall pga. blodforgifting eller andre forgiftingar kan gi liknande symptombilete som miltbrann.

Førekomst

Miltbrann finst over heile verda. Sjukdommen førekjem sporadisk i den vestlege verda, men i Afrika, Asia og delar av Mellom- og Sør-Amerika er det oftare utbrot. I ein del aust-europeiske land blir det meldt om ein del tilfelle der menneske er inkluderte. Sverige hadde to utbrot i storfebuskapar i 2008 og 2011. I Russland var det eit stort utbrot hos tamrein i 2016. I begge alle tre tilfella kom smitta frå gamle miltbrannsgraver. Noreg hadde mange tilfelle av miltbrann i første halvdel av 1900-talet. Siste tilfellet på dyr i Noreg blei registrert i 1993.

Alle varmblodige dyr kan få sjukdommen. Mest mottakelege er storfe, sau,  og geit og rein, mens fuglar reknast for å vera resistente. Elles er miltbrann påvist hos hest, gris, hund, katt, elg, hjort, ilder, mink og rev her i landet.

Tiltak

Miltbrann er ein A-sjukdom. Handteringa av miltbrann er fastsett av Landbruksdepartementet i M-27/1995 «Retningslinjer om bekjempelse av miltbrann».

Dyr

Aktuelle fagområder