Marteiliose

Marteiliose er ein smittsam skjelsjukdom som skuldast den eincella parasitten Marteilia refringens (Paramyxea).

Marteiliose er ein liste 2 sjukdom, og førekomst av eller mistanke om marteiliose skal straks rapporterast til Mattilsynet.

Smittestoff og smittevegar

Årsaka til sjukdommen er den eincella parasitten Marteilia refringens (Paramyxea).

M. refringens treng temperaturar over 17 °C for sporulering, noko som fører til at smitteoverføring og tap finn stad i sommarhalvåret. M. refringens kan bruka ulike hoppekreps (Copepoda) som mellomvert.

M. refringens smittar ikkje landdyr eller menneske.

Sjukdomsteikn og diagnostikk

Parasitten angrip verten sitt fordøyingssystem, og resultatet kan bli opptil 90 % dødelegheit i smitta bestandar av flatøsters. Blåskjel er meir motstandsdyktige mot sjukdom, men tap av opptil 40 % er blitt registrert.

Infiserte skjel viser sjeldan teikn på sjukdom før dei daudar, men lukkemuskelen kan bli svekka slik at dei blir ståande halvopne («gaping»).

Tidleg i infeksjonen vil skjela ha normal fyllingsgrad ved opning, men seinare magrast dei av.

Diagnostikk
Parasitten kan påvisast ved lysmikroskopisk gransking av farga vevssnitt (histologi) og farga vevsavtrykk (imprint) av skjela sin fordøyingskjertel. Molekylærbiologiske metodar som PCR og in situ hybridisering blir også brukt.

Førekomst

Parasitten kan infisera både blåskjel og flatøsters, men er mest alvorleg for flatøsters (Ostrea edulis). Marteiliose har ført til store tap av flatøsters i store delar av Europa.

Marteiliose blei første gong beskriven hos østers i Europa på slutten av 1960-talet, og sjukdommen er påvist i dei fleste europeiske landa. Seinare blei det vist at parasitten også finst hos blåskjel (Mytilus edulis og Mytilus galloprovincialis. Parasitten er spreidd frå land til land ved transport og flytting av smitta skjel.

Overaking

Noreg har sidan 1995 hatt eit overvakings- og kontrollprogram for marteiliose hos flatøsters og blåskjel (frå 2010). Frå 2015 er ikkje Veterinærinstituttet lenger involvert i programmet.

Gå til overvakingsprogram.

Tiltak

Marteiliose er ein liste 2 sjukdom. Mattilsynet vil setja i verk strenge tiltak for å hindra vidare smittespreiing dersom sjukdommen blir påvist. Eit av hovudtiltaka vil vera forbod mot flytting av skjel mellom smitta og smittefrie område.