Mædi

Mædi er ein kronisk virusinfeksjon hos sau. Infeksjonen er årsak til ein langsamt framskridande lungebetennelse.

Mædi er ein B-sjukdom, og førekomst av eller mistanke om mædi skal straks rapporterast til Mattilsynet.

Smittestoff og smittevegar

Årsaka til mædi-visna hos sau er eit lentivirus, mædi visna virus (MVV) i familien Retroviridae.

Viruset er i nær slekt med eit virus som er årsak til leddbetennelse og hjernebetennelse hos geit (CAEV). Både sau og geit kan infiserast av begge virus, men det er ein viss vertspreferanse. Mædi-visna kan ikkje overførast til menneske.

Mædi er rekna for å vera ein relativt lite smittsam sjukdom. Infiserte dyr som ikkje viser kliniske symptom kan også overføra virus. Dei viktigaste smittevegane er via råmjølk/mjølk, spytt, lungesekret og nasekontakt. Smitte via luftvegane krev nær kontakt i ein lengre periode. Smitteoverføring til lam i livmora er påvist, men betyr truleg svært lite. MVV er påvist i sæd ved infeksjon i kjønnsorgana. Smitteoverføring med sæd er ikkje påvist, men kan ikkje utelukkast. Overføring med infiserte sprøyter, insekt eller utstyr kan førekoma, men betyr truleg lite.

Det er beskrive at dei fleste sauene blir smitta som lam. Lamma kan smittast frå ei infisert mor, via både råmjølk og vanleg mjølk, og via luftvegane.

Den viktigaste årsaka til spreiing av smitte mellom flokkar er innkjøp av smitta dyr. Under vanlege norske tilhøve er risikoen for smitte på utmarksbeite liten. Oppstalling av dyr i små innhegningar i samband med sanking og samtransport  kan vera risikofaktorar for overføring av smitte mellom flokkar.

Viruset har lita evne til å overleva utanfor vertsdyret. For at smitten skal gå frå dyr til dyr, trengst som regel overføring av infiserte kvite blodceller. Viruset tåler frysing, men blir raskt inaktivert ved temperaturar over 50° C og ved påverknad av feittløysande stoff (detergentar).

Sjukdomsteikn og diagnostikk.

Sauer som blir smitta med MVV vil vera infiserte resten av livet. Inkubasjonstida er lang. Dei fleste infiserte dyra viser ingen klåre teikn på sjukdom. Sjukdommen er subklinisk. Talet på subklinisk infiserte dyr kan variera frå flokk til flokk.

Hos sauer i 4-10-års alderen kan sjukdommen visa seg ved pusteproblem som utviklar seg over veker og månader, noko som er sjeldan hos yngre dyr. Omfanget av pustevanskar aukar med tida. Nokre dyr kan ha tørrhoste. Dersom dyra  ikkje får andre infeksjonar, er temperaturen normal. Dyra kan stryka med i løpet av 3-10 månader etter at dei første sjukdomsteikna har vist seg. Nokre dyr kan få lesjonar i jur og/eller ledd.

Symptom ved kroniske lungebetennelse der årsaka er andre agens enn MVV, som byllesjuke og lungeadenomatose (ikkje påvist i Noreg), kan likna på symptoma ved mædi.

Diagnostikk
Typiske sjukdomsteikn saman med lungeendringar  påviste ved obduksjon kan gi mistanke om mædi. Funn av ståande lunger ved slakting kan også gi mistanke om mædi. Diagnosen kan bekreftast gjennom serologi eller PCR og sekvensering av PCR-produkta for virus-spesifikke sekvensar.

Hos infiserte sauer utan sjukdomsteikn blir diagnosen basert på påvising av antistoff mot MVV. Antistoff mot viruset kan påvisast i blodet frå 2 til 8 veker etter at dyret er blitt smitta. Nokre dyr kan likevel ha forseinka antistoffproduksjon, opptil fleire månader. Smitta dyr vil vera antistoff-positive resten av livet.

MVV og CAEV kan ikkje skiljast serologisk.

Førekomst

Mædi finst i heile verda bortsett frå i Australia, New Zealand og Island. Island fekk sjukdommen etter ein import i 1922, men greidde å utrydda den i 1965, etter å ha slakta ned meir enn 600 000 sauer.

Mædi kom til Noreg i åra 1962-70 med import av texelsau frå Danmark, og kliniske symptom blei påviste første gong rundt 1970. Fram til 1995 var sjukdommen diagnostisert i ca. 150 flokkar fordelt på dei fleste fylka i landet. I perioden 1995-2002 var positive nædiflokkar påviste einast i Rogaland og Hordaland, men i 2002 blei mædi påvist i Trøndelag. Dette funnet førde til at meir enn 50 flokkar på fleire stader i landet fekk diagnosen mædi i 2003. Sjukdommen blei systematisk bekjempa ved restriksjonar på kontakt mellom flokkar, slakting av smitta dyr og omfattande prøvetaking. Prevalensen dei neste åra blei estimert til 0.2 % positive flokkar. Sidan 2005 har det ikkje blitt påvist mædi i Noreg.

Overvaking

Det har funnest eit overvakingsprogram for mædi hos sau sidan 2003. Kvart år blir mange blodprøver undersøkte for antistoff mot MVV. Mædi er ikkje blitt påvist i Noreg sidan 2005.

Gå til overvakingsprogrammet

Tiltak

Mædi er ein B-sjukdom. Det finst inga behandling eller vaksine mot sjukdommen. Når sjukdommen blir oppdaga, iverksett Mattilsynet naudsynte tiltak og pålegg restriksjonar på besetninga for å unngå spreiing av smitte. 

Aktuelle vann- og landyr

Aktuelle fagområder