Leishmaniose
Leishmaniose (også kalla leishmaniasis) er ein alvorleg sjukdom hos hund og menneske, der årsaka er ein eincella parasitt (Leishmania). Katt kan også bli smitta.
Parasitten finst ikkje i Noreg, men er funnen hos hundar og personar som har vore i Middelhavsområdet eller i tropiske og subtropiske område.
Leishmaniose er ein liste 2-sjukdom, og førekomst av eller mistanke om denne sjukdommen skal straks meldast til Mattilsynet.
Smittestoff og smittevegar
Årsaka til Leishmaniose er eincella organismar av slekta Leishmania. Det finst mange ulike artar.
Parasitten blir overført mellom dyr og menneske gjennom bitt av blodsugande sandmygg (også kalla sommarfuglmygg), og den treng å utvikla seg i myggen for å bli smittefarleg. I sjeldne tilfelle kan parasitten bli overført direkte mellom hundar, til dømes ved blodoverføring, bittskader, paring, og under drektigheit frå mor til foster.
Sandmygg finst ikkje i Noreg, og det er lite truleg at smitten kan spreiast frå ein infisert hund til friske hundar, sjølv om noen få tilfeller av direkte smitte mellom hundar er beskrive. Smitta hundar bør som eit føre-var tiltak ikkje brukast i avl eller som blodgivarar.
Sjukdomsteikn og diagnostikk
Leishmaniose hos hund finst til vanleg ei kronisk form. I nokre tilfelle er sjukdommen avgrensa til hudendringar, men ofte ser ein alvorleg systemsjukdom med feber, avmagring, anemi, nasebløding, lever- og nyreskade. Prognosen er avventande til dårleg.
Sjukdomsbiletet hos menneske varierer, og kan delast inn i ei hudform (kutan leishmaniasis) og ei systemisk form (visceral leishmaniasis). Les meir om leishmaniose hos menneske på heimesida til Folkehelseinstituttet.
Diagnostikk
Antistoff mot parasitten kan påvisast i blod. Det tek i gjennomsnitt fem månader frå hunden er smitta til antistoff kan påvisast i blodet (opptil 22 månader). Dersom ein frisk hund skal undersøkast for Leishmania bør dette gjerast tidlegast ca. seks månader etter mogleg eksponering, og ein bør vera klar over at sesongen for sandflugevektoren kan variera frå område til område. Eit høgt antistoffnivå heng ofte saman med klinisk sjukdom. For påvising av parasitten kan ein ta ut prøver frå lymfeknutar, beinmarg, milt, blod eller materiale frå hudlesjonar, for å sjå om denne er til stades i vevet. Slike prøver kan undersøkast mikroskopisk eller ved PCR.
Førekomst
Leishmaniose er ein importsjukdom. I Noreg finst sjukdommen berre hos dyr eller menneske som har vore i område der parasitten og sandmyggen finst. Dette gjeld Middelhavslanda og Portugal, Aust- og Sør-Asia, Nord- og Aust-Afrika og Latin-Amerika.
I Europa er hund hovudreservoar for leishmaniaparasittane.
Tiltak
Leishmaniose er ein liste 2-sjukdom. Hundar som får påvist sjukdommen får restriksjonar av Mattilsynet. Restriksjonane skal hindre smitte til andre dyr.
Behandling av sjukdommen hos hund er vanskeleg, med risiko for tilbakefall.
Etter opphald i eller import av hundar frå Middelhavsområdet bør ein vera merksam på at hunden kan vera smitta av leishmaniaparasittar. På reise bør hunden beskyttast mot myggåtak (spot-on preparat eller halsband) og haldast inne om kvelden og natta. Ein bør bruka myggnett om nødvendig. Insektavvisande preparat kan føreskrivast av veterinær. Det er mogleg å vaksinere mot Leishmania dersom hundar skal reisa til område der dei kan utsetjast for smitte. Det finnes ingen marknadsførte vaksiner i Noreg per i dag, men veterinær kan søke om godkjenningsfritak. Vaksinasjon hindrar som regel ikkje infeksjon, men det kan minske sjansen for at hundar utvikler sjukdomsteikn. Sidan effekt av vaksinasjon reknast som usikker, er vern mot myggåtak også viktig for vaksinerte hundar.
Det blir tilrådd at hundar som har vore i område der både Leishmania og sandflugevektoren er til stades (til dømes rundt Middelhavet), bør undersøkast for Leishmania antistoff når dei vender tilbake til Noreg. Hundar med positivt titer bør følgjast opp av veterinær for smittestatus. Hundar som er vaksinerte mot Leishmania kan ha eit positivt antistofftiter, avhengig av kva slags vaksine som er brukt.