Infeksiøs laryngotrakeitt

Infeksiøs laryngotrakeitt (ILT) er ein alvorleg og svært smittsam luftvegssjukdom hos fjørfe som blir forårsaka av eit herpesvirus. Sjukdomen råkar først og fremst høns, men kan òg førekome hos andre fugleartar. ILT har ikkje vore påvist i kommersielle fjørfeflokkar i Noreg sidan 1971, men blir sporadisk påvist hos hobbyfjørfe. ILT er ein liste 2-sjukdom, og mistanke om eller påvising av sjukdomen skal straks rapporterast til Mattilsynet.

Smittestoff og smittevegar

ILT blir forårsaka av Gallid alphaherpesvirus 1, også kalla infectious laryngotracheitis virus (ILTV). Det er eit kappekledd DNA-virus i familien Herpesviridae og underfamilien Alphaherpesvirinae.

Viruset smittar først og fremst ved direkte kontakt mellom fuglar gjennom luftvegsekret. Smitte kan òg skje indirekte via forureina klede, sko, utstyr, strø og andre gjenstandar. Flytting og transport av smitta fuglar er viktige risikofaktorar for spreiing av ILT. Luftboren smitte over korte avstandar kan òg førekome.

Etter den akutte infeksjonen kan ILTV etablere ein latent infeksjon i nervesystemet. Fuglar som har vore smitta, kan derfor bli livslange smitteberarar sjølv om dei ikkje viser sjukdomsteikn. Virus kan reaktiverast og bli skilt ut på nytt, særleg ved stress eller annan belastning. Tilsynelatande friske fuglar kan derfor føre smitte vidare til andre flokkar.

Det er ikkje dokumentert at ILT blir overført vertikalt frå foreldre til avkom gjennom egget. Virus kan likevel forureine utsida av egg frå smitta flokkar, og forureina egg og utstyr kan derfor bidra til indirekte smittespreiing.

ILTV kan overleve ei tid i miljøet, særleg når det er beskytta av organisk materiale. Grundig reingjering og desinfeksjon er derfor viktig for å redusere risikoen for vidare smitte.

ILT kan råka særleg høns, men òg fasanar, rapphøns, påfuglar og meir sjeldan kalkunar. Ville fuglar, som duer og andefuglar, kan bere med seg viruset utan sjølv å visa sjukdomsteikn.

Sjukdomsteikn og diagnostikk

ILT kan gi sjukdom av ulik alvorlegheitsgrad. Dette er mellom anna avhengig av virusstamme, alder og allmenntilstand hos fuglane og eventuell samtidig infeksjon med andre smittestoff. Utbrot varer typisk i 2–6 veker.

Ved alvorleg sjukdom får fuglane uttalte pustevanskar, hoste, rallande eller gurglende pustelydar og gisping. Fuglane kan puste med ope nebb og halde halsen strekt for å lette pustinga. Blodig slim frå luftvegane kan hostast opp eller risteast ut og finnast på hovud, hals, fjørdrakt, innreiing eller veggar. Plutselege dødsfall kan førekome.

Ved mildare sjukdom kan ein sjå hoste, nysing, rennande nase og auge, konjunktivitt og lettare pustevanskar. Allmenntilstanden kan vere lite påverka. Eggproduksjonen kan gå noko ned.

I flokkar som ikkje tidlegare har vore eksponerte for ILTV, kan ein stor del av fuglane bli sjuke. Dødelegheita varierer mykje mellom utbrot. Alvorlege utbrot kan gi svært høg dødelegheit, medan mildare former kan gi låg dødelegheit. Sekundære bakterieinfeksjonar kan forverre sjukdomsforløpet.

Typiske patologiske funn ved alvorleg ILT er kraftig betennelse og bløding i strupehovudet og luftrøyret. Det kan vere blodig, fibrinrikt eller nekrotisk materiale i luftrøyret. I alvorlege tilfelle kan ein plugg av fibrin, slim og nekrotisk vev blokkere luftrøyret og føre til kveling. Ved mildare sjukdom kan ein sjå katarralsk betennelse i luftvegane og konjunktivitt.

Ved mikroskopisk gransking av vev frå akutt sjuke fuglar kan ein finne syncytia og intranukleære inklusjonslegeme i epitelcellene i luftrøyret, strupehovudet og konjunktiva. Desse funna er svært karakteristiske for ILT. Dei er lettast å finne tidleg i sjukdomsforløpet og kan gå tapt når fuglane har vore sjuke over lengre tid.

Diagnostikk

Kliniske teikn og obduksjonsfunn kan gi sterk mistanke om ILT, men er ikkje tilstrekkelege for å stille diagnosen. Andre luftvegssjukdomar kan gi liknande symptom og patologiske funn.

PCR kan brukast til å påvise ILTV direkte i prøver frå luftvegane. Prøver frå luftrøyret og øvre luftvegar er aktuelle, og prøvetaking tidleg i sjukdomsforløpet aukar sjansen for å påvise viruset.

Histologisk undersøking av vev frå luftrøyr og eventuelt strupehovud eller konjunktiva kan påvise dei karakteristiske celleforandringane. Ved behov kan immunhistokjemi brukast for å påvise viralt antigen.

Serologisk undersøking kan påvise antistoff mot ILTV nokre veker etter infeksjon. Antistoff viser at fuglen har vore eksponert for viruset, men kan ikkje brukast til å avgjere når infeksjonen fann stad eller om fuglen framleis skil ut virus.

Differensialdiagnosar

Infeksiøs bronkitt (IB), aviær rhinotrakeitt (ART), Newcastle disease (ND), fugleinfluensa (AI), aviær mykoplasmose og infeksjon med Ornithobacterium rhinotracheale.

Førekomst

ILT finst i store delar av verda, inkludert dei fleste europeiske landa.

I Noreg har ILT ikkje vore påvist i kommersielle fjørfeflokkar sidan 1971, men sjukdomen blir sporadisk påvist hos hobbyfjørfe. Det nasjonale overvåkingsprogrammet for ILT hos kommersielt fjørfe bidreg til å overvake smittestatusen i den norske fjørfepopulasjonen.

Overvaking

Noreg har sidan 1998 hatt eit nasjonalt overvåkingsprogram for ILT hos kommersielt fjørfe. Programmet omfattar serologisk undersøking av kommersielle avlsflokkar.

Gå til overvakningsprogrammet

Tiltak

ILT er ein liste 2-sjukdom, og mistanke om eller påvising av sjukdomen skal straks rapporterast til Mattilsynet. Mattilsynet vurderer kva tiltak som skal setjast i verk ved mistanke eller påvising.

I mange land blir ILT førebygd med vaksinasjon, og både levande og rekombinante vaksinar er tilgjengelege. Vaksinasjon blir ikkje brukt som eit generelt førebyggjande tiltak i Noreg.

God biosikkerheit er viktig for å hindre introduksjon og spreiing av ILTV. Særleg viktig er å unngå kontakt mellom flokkar med ulik smittestatus, avgrense flytting av levande fuglar, bruke eigne klede og sko i fjørfehuset og ha gode rutinar for reingjering og desinfeksjon av utstyr og transportmiddel.

For hobbyfjørfe er kjøp, sal og utstilling av levande fuglar særlege risikofaktorar. Nyinnkjøpte fuglar bør haldast i karantene og ikkje blandast med den eksisterande flokken før dei er vurderte som friske. Karantene kan likevel ikkje garantere at ein unngår ILT, fordi fuglar som har gjennomgått infeksjon, kan vere latente smitteberarar utan synlege sjukdomsteikn.

ILT blir ikkje overført frå foreldre til avkom gjennom egget. Rugeegg kan likevel bli forureina på utsida og dermed bidra til smittespreiing. Egg som skal brukast til klekking, bør derfor vere reine og handterast på ein måte som hindrar overføring av smitte.

Det finst inga spesifikk antiviral behandling mot ILT. Fuglar med alvorleg sjukdom bør vurderast av veterinær av omsyn til dyrevelferd.

Kontaktpersoner:

Silje Granstad

Silje Granstad

Forsker, fagansvarlig fjørfe
Grim Rømo

Grim Rømo

Fagansvarlig fjørfe
Alle ansatte

Aktuelle dyr

Aktuelle fagområder