Prionsjukdommen Chronic Wasting Disease (CWD) påvist for første gong i Europa

Veterinærinstituttet har påvist Chronic Wasting Disease (CWD) hjå ei reinsdyrsimle frå Nordfjella villreinområde. CWD er dødeleg hjå hjortedyr. Sjukdommen er velkjent hjå hjortedyr i Nord-Amerika, men dette er første gongen den er påvist i Europa. Det er også første tilfellet hjå rein på verdsbasis. Saken inneholder video med ekspertintervjuer.

-Villreinsimla døydde i midten av mars 2016. Ho blei funne i samband med merking ved bruk av helikopter i Nordfjella villreinområde i regi av Norsk institutt for naturforskning (NINA). Under merkingsaktiviteten sprang ho ut av flokken og vart funnen liggjande ute av stand til å reisa seg. Simla døydde i løpet av kort tid og blei sendt til obduksjon ved Veterinærinstituttet. Det var eit vakse dyr, seier viltpatolog Turid Vikøren hos Veterinærinstituttet som gjennomførte obduksjonen.

Reinsdyrsimla hadde ein del feittreservar og var såleis ikkje avmagra.

-Hjå hjortedyr som er eldre enn 18 månader, tek vi rutinemessig ut hjerneprøve som ledd i overvakingsprogrammet for CWD, og det blei også gjort på denne simla, fortset Vikøren.

Leiar for det nasjonale referanselaboratoriet for prionsjukdommar ved Veterinærinstituttet, Sylvie Benestad, fortel at hjerneprøven frå villreinsimla var positiv for prionsjukdom både på den innleiande testen (ELISA-test) og i to ulike oppfølgjande testar (Western Blotting, Immunhistokjemi).

Om sjukdommen
Chronic Wasting Disease er ein overførbar prionsjukdom som rammar sentralnervesystemet hjå hjortedyr og årsakar gradvis tap av nerveceller i hjernen. Sjukdommen har ei langsam utvikling og viser seg etter kvart ved avmagring og endra oppførsel, og dyret døyr til slutt. CWD er ein velkjent sjukdom hjå hjortedyr i Nord-Amerika der den er påvist hjå mulhjort, kvithalehjort, nordamerikansk kronhjort og nordamerikansk elg. Sjukdommen har ikkje tidlegare vore påvist i Europa. Dette er også første gong at CWD er påvist hjå rein på verdsbasis. Det er så langt ikkje noko som tyder på at CWD kan smitta menneske.

Vidare arbeid
Veterinærinstituttet vil ta eit initiativ med tanke på å skaffa meir data omkring førekomsten av CWD hjå villrein i Noreg. Det er viktig at folk som observerer sjuke reinsdyr i fjellet, tek kontakt med Veterinærinstituttet med tanke på innsending av prøvemateriale for laboratorieundersøking.

Mattilsynets nettmelding

Miljødirektoratets nettmelding

 

Oppdatering 19.04.2016. Nature har skrevet en nettsak basert på våre funn. 

Les hele saken her. 

Dyr

Aktuelle fagområder