Bonamiose

Bonamiose er ein smittsam sjukdom på skjel der årsaka er den eincella parasitten Bonamia ostreae (Haplosporidia).

Bonamiose er ein liste 2 sjukdom, og førekomst av eller mistanke om bonamiose skal straks meldast til Mattilsynet.

Smittestoff og smittevegar

Parasitten B. ostreae spres fra sted til sted ved transport og flytting av smittet ulike arter av østers.

Sjukdomsteikn og diagnostikk

Parasitten angrip skjelet sine hemocyttar (blodceller), og sjukdommen kan føra til død i opptil 100 % av smitta bestandar. Infiserte østers viser sjeldan spesifikke sjukdomsteikn før dei daudar, men lukkemuskelen kan bli svekka slik at skjela blir ståande halvopne ("gaping").

Tidleg i infeksjonen vil skjela vera normalt fylte ved opning. Seinare magrast dei av. Østersyngel kan vera smitteberarar, og klinisk sjukdom vil som regel utviklast når østersen nærmar seg kjønnsmodning, dvs. når vekta er om lag 30 gram.

Parasitten kan påvisast ved lysmikroskopisk undersøking av innstøypt vev (histologi) og vevsavtrykk frå hjarte (imprint), og ved molekylærbiologisk baserte metodar som PCR og in situ hybridisering.

Førekomst

Bonamia ostreae blei først påvist i Arendalsområdet i 2008, men er ikkje påvist seinare. Bonamiose blei første gang beskriven i Europa i 1979, og sjukdommen er påvist i dei fleste europeiske landa. Bonamiose og parasittsjukdommen marteiliose vore årsak til full kollaps i produksjonen av flatøsters i store delar av Europa.

Noreg fekk fristatus i EU for Bonamia sp. i 2004.

Overvaking

Noreg har sidan 1995 hatt eit overvakings- og kontrollprogram for bonamiose hos flatøsters. Frå 2015 er ikkje Veterinærinstituttet involvert i programmet..

Gå til overvakingsprogram.

Tiltak

Bonamiose er ein liste 2 sjukdom. Dersom sjukdommen blir påvist, vil Mattilsynet setja i verk strenge tiltak for å hindra smittespreiing. Eit av  dei viktigaste tiltaka vil vera forbod mot flytting av østers mellom smitta og frie område.

Etter at B. ostreae blei påvist utanfor Arendalsområdet i 2008 blei det oppretta ein sone for vern og overvaking. Denne sonen gjeld framleis.