Babesiose
Babesiose er ein flåttboren parasittsjukdom som finst i Noreg i område med flått. Babesiose, også kalla piroplasmose, ser ein hos storfe, rein og av og til hos hund i Noreg. Menneske kan i sjeldne tilfelle bli smitta av sjukdommen.
Smittestoff og smittevegar
Årsaka til sjukdommen er ein eincella parasitt, Babesia. Parasitten har ein livssyklus der han lever i ein mellomvert (flått) og ein hovudvert (varmblodig dyr). Sjukdomsfrekvensen hos varmblodige dyr er høgast i dei periodane der flåtten er mest aktiv (mai/juni og september).
Flåtten blir smitta ved å suga blod frå eit infisert varmblodig dyr, og den kjønna parasittformeiringa skjer i hoflåtten. Parasitten invaderer flåttegg via eggstokken. Flåtten utviklar seg frå egg via larve og nymfe til vaksen flått i løpet av 3-4 år. Ein gong i kvar av dei tre hovudstadia syg den blod, slik at larver og nymfer også er i stand til å smitta dyr med babesiar. Dermed kan flåtten vera infisert med parasittar i fleire år utan å vera i kontakt med Babesia-smitta varmblodige dyr.
Når ein infisert flått syg blod frå eit varmblodig dyr blir babesiar skilde ut frå flåtten sine spyttkjertlar og kjem etter kvart over i dyret sine blodbanar. Der trengjer dei inn i dei raude blodcellene og formeirar seg (ukjønnet formering). Etter kvart øydelegg parasittane dei infiserte blodcellene, blir sette fri i blodet og infiserer nye raude blodceller som i sin tur blir øydelagde.
Det finst mange ulike Babesia-artar, og dei kan infisera ulike artar av flått og dyr. Babesia-artane er generelt svært vertsspesifikke når det gjeld både mellomvert og hovudvert. I Noreg er skogflåtten (Ixodes ricinus) vanlegast mellomvert. Det er eit avgrensa tal på Babesia-artar ein kan finna i denne flåtten. Den vanlegaste er Babesia divergens, men B. venatorum er blitt påvist hos flått på Sørlandet.
Sjukdomsteikn og diagnostikk
Kalvar blir sjeldan klinisk sjuke, mens vaksne dyr kan bli hardt råka ved fyrste gangs infeksjon. Etter ei inkubasjonstid på ca. 1 veke får dei høg feber (40-41° C) i 2-3 dagar. Urinen blir kaffefarga pga. at hemoglobin frå øydelagde raude blodceller blir skild ut gjennom nyrene. Dyra misser matlysta, formageaktiviteten stoppar opp, mjølkeproduksjonen minkar raskt og dyra får diaré. Dei blir anemiske med bleike slimhinner og kan døy etter kort tid. Diagnosen kan stillast på grunnlag av kliniske teikn og ved mikroskopi av blodutstryk.
Babesiose kan vera årsak til sjukdom hos hund, med kliniske teikn som liknar dei ein ser hos storfe. Kliniske teikn ved babesiose hos hund kan variera, men omfattar ofte nedsett matlyst, nedsett almenntilstand, feber, bleike slimhinner, auka hjarte- og respirasjonsfrekvens, raudfarga urin samt forstørra milt. I meir alvorlege tilfelle kan sjukdomen føre til gulsott og kollaps.
Ein kan ta blodprøvar av hundar som blir sjuke etter besøk i utlandet og hundar som blir bitt av flått. Parasittane kan påvisast ved mikroskopi av blodutstryk og ved real-time PCR. Babesia kan artsidentifiserast ved hjelp av PCR og sekvensering av DNA.
Babesia spp. er påvist hos fleire hjortedyrartar i Noreg, mellom anna hos elg, rein, hjort og rådyr, i område der flått finst. Førekomsten varierer frå område til område og heng gjerne saman med tettleik av flått. Hos rein er parasitten påvist hos opptil 36 % av undersøkte reinkalvar i enkelte område. Kunnskapen om den kliniske betydninga av infeksjonen hos norske hjortedyr er likevel framleis avgrensa. Det har vore nokre få mistankar om klinisk babesiose ved obduksjon av daude elgar og rein, men parasitten er òg påvist hos dyr som ikkje har vist teikn til sjukdom.
I Sentral-Europa er sjukdomsteikn oftast rapportert hos yngre hjortedyr og hos dyr med nedsett immunforsvar, men friske smitteberarar finst. Dei kliniske teikna liknar dei som er kjende hos storfe, men det er i tillegg rapportert om symptom frå luftvegane, som pustevanskar.
Diagnosen blir stilt ved påvising av parasitten i blodutstryk eller ved PCR-analyse av blod eller prøver fra milt.
Førekomst
Babesiose ser ein hos storfe, hjortedyr og av og til hos hund i Noreg.
I seinare tid er det påvist Babesia canis hos hund i Noreg. Oftast er det snakk om dyr som har vore ute og reist, fått flåttbit i utlandet og som blir sjuke når dei kjem tilbake til Noreg, men det er nokre få hundar som har fått sjukdommen i Noreg. I Noreg er skogflått (Ixodes ricinus) den vanlegaste flåttarten. Babesia canis trivst best i andre flåttartar, til dømes Rhipicephalus sanguineus og Dermacentor reticulatus. Desse flåttartane reknast ikkje som ein del av norsk fauna, men dei kan følgje med dyr som har vært i utlandet.
Enkelte Babesia artar kan og smitte til menneske, men human babesiose er totalt sett sjeldan samanlikna med andre flåttbårne sjukdommar.
Les meir om babesiose hos menneske hos Folkehelseinstituttet.
Tiltak
I område der babesiose er endemisk, kan smitte til storfe bidra til at dyra utviklar immunitet utan at dei blir alvorleg sjuke. Sterk reduksjon i kontakt med flått kan difor føre til at fleire dyr blir mottakelege for sjukdommen, og dermed aukar risikoen for sjukdomsutbrot dersom smittepresset seinare aukar. Særleg dyr som blir flytta inn i område med babesiose, til dømes ved innkjøp av dyr, eller ungdyr utan immunitet kan vere utsette for sjukdom.
Det er tilrådd å behandle hundar som skal til land der førekomsten av B.canis er høgare enn i Noreg med flåttmiddel for å verne dei mot flåttbitt. Dagleg sjekk og fjerning av flått på hundar vil og kunne forebygge mot smitte, sidan det tar inntil tre dagar for ein smitta flått å overføra parasitten til eit varmblodig dyr.