Årsrapport 2021

I årsrapporten kjem det fram at den aller viktigaste  hendinga for instituttet i 2021 var flyttinga frå Adamstuen i Oslo til nye lokalitetar på Ås.

Dei nye fasilitetane på Ås skal gjere Veterinærinstituttet betre i stand til å løyse samfunnsoppdraget. Årsrapporten syner at flyttinga har vore gjennomført utan tap av fagleg aktivitet og alle diagnostiske metodar er no re-akkreditert. Eit høgdepunkt i 2021 var besøket av H.M. Dronning Sonja under opninga der óg tre statsrådar frå Solberg-regjeringa bidrog til markeringa. Ei anna viktig hending er utnevninga av ny administrerande direktør i 2021.