– Eg har sjølv ønska å få eit betre innblikk i Veterinærinstituttet sitt arbeid. Vi må alltid vere klare til å møte nye helsetruslar, difor er det godt å sjå at instituttet bidrar både til eit solid vern om den gode helsestatusen for dyr i Noreg og om trygg mat i landet vårt, seier Blåfjelldal.
- Det eg har sett i dag understrekar kor viktig kompetansen og beredskapen til Veterinærinstituttet er for dyrehelsa og matproduksjonen i Noreg, fortset Blåfjelldal. Ho leia ein delegasjon på fire personar frå departementet. Besøket omfatta fleire laboratorium med orienteringar om pågåande forskingsprosjekt undervegs.
Veterinærinstituttet si viktigaste oppgåve er å avdekke og avverge helsetruslar hos dyr, fisk og det som er felles for dyr og menneske. Veterinærinstituttet er Noregs beredskaps- og forskingsinstitutt for fiskehelse, dyrehelse og dyrevelferd, men òg for trygg mat og fôr.
– Vi er takksame for å få vise fram noko av alt det viktige arbeidet vi gjer her på Veterinærinstituttet gjennom presentasjon av forskingsprosjekt og laboratorieaktiviteter. Vi har i dag vist statssekretær Blåfjelldal korleis overvaking og tilgang på prøvedata legg grunnlag for forsking og risikovurdering av helsetilstanden i Norge. Det er heilt avgjerande skal vi kunne gi forvalting, næring og styresemakter gode kunnskapsbaserte råd som dei kan ta avgjerder på grunnlag av, seier Gaute Lenvik, administrerande direktør ved Veterinærinstituttet.
Då Veterinærinstituttet oppdaga skrantesjuke eller CWD i Noreg i 2016, var det på eit tidleg stadium av smittespreiinga i Noreg. Det var instituttet si mange-årige erfaring med skrapesjuke hos sau på TSE-laboratoriet, kombinert med kunnskap opparbeida gjennom 20 år med helseovervaking for hjortevilt på oppdrag frå Miljødirektoratet, som gjorde dette mogleg.
- Løpande overvaking av antibiotikaresistens og -forbruk gir store mengder data til nytte i forsking både her på Veterinærinstituttet og ved andre fagmiljø. Kunnskap, overvaking og tett samarbeid med næring og forvalting er viktige faktorar for at Noreg har ei av verdas friskaste husdyrpopulasjonar og er blant dei landa som brukar minst antibiotika i landbruket, fortel Lenvik.