Styreleiar blir konstituert som fungerande administrerande direktør

Styret ved Veterinærinstituttet har vedteke å konstituera styreleiar Øyvind Fylling-Jensen som administrerande direktør i ein overgangsperiode. 

Som fungerande administrerande direktør vil han ha eit overordna ansvar for å føra Veterinærinstituttet vidare etter ein krevjande periode internt. Han tiltrer i stillinga 1. februar, i første omgang med varigheit fram til 30. juni. Han vil i nevnte periode tre ut av rollen som styreleder. Styret vil i løpet av kort tid starta arbeidet med å rekruttera ny leiar til instituttet.

-Eg ser fram til å jobba saman med dei dyktige medarbeidarane til instituttet i ein tidsavgrensa periode fram til ein direktør er på plass. Samtidig vil eg takka Merete Hofshagen som har fungert i stillinga sidan 1. november 2023, seier Fylling-Jensen.

Øyvind Fylling-Jensen

Fungerende administrerende direktør
Send e-post

Del artikkel