Smitte mellom oppdrettsanlegg kan bli redusert med ny struktur

Dersom oppdrettslokalitetane som bidreg mest til lusesmitte blir lagt ned, kan produksjonen aukast på andre anlegg samtidig som lus- og smitteproblem vert redusert. Med ei slik løysing kan totalproduksjonen oppretthaldast, eller aukast noko på sikt.

Forskarar på Havforskingsinstituttet og Veterinærinstituttet har analysert kva som skjer dersom ein endrar på strukturen av oppdrettslokalitetane i produksjonsområde 3 (frå Karmøy til midt på Sotra på Vestlandet).

– Vi har nytta ulike modellar som tyder på at færre lokalitetar vil redusere smittespreiing av lus og virus mellom anlegg. Arbeidet har så langt gitt særs lovande resultat, seier forskingsdirektør Geir Lasse Taranger ved Havforskingsinstituttet. Han påpeikar at det trengst ytterlegare analysar av fleire forhold, samt vidare dialog med næring og forvaltning før ein kan komme fram med konkrete forslag til ny lokalitetsstruktur i produksjonsområdet.

– Arbeidet viser at god anleggsstruktur har stor verknad for lusesmitte og for biosikkerheit generelt. Vi kan oppnå både redusert dødelegheit og bedra fiskevelferd med betre struktur. Resultata bør stimulere til å endre tenkinga rundt plassering av anlegg og organisering av lakseproduksjonen langs norskekysten, seier avdelingsdirektør Edgar Brun ved Veterinærinstituttet.

Resultata er lagt fram i ein rapport som nyleg er sendt over til Næring- og fiskeridepartementet som har tinga arbeidet.

Endringar krev tett samarbeid mellom forvaltning og næring

Forskarane hadde planlagt fleire dialogmøte, men dei vidare møta måtte utsettast grunna koronasituasjonen.

Framover håpar Taranger og Brun på fleire innspel frå både næring og forvaltning før eit konkret forslag til ny lokalitetsstruktur kan leggjast fram, då det er ein rekke ulike omsyn som må inngå i dei vidare analysane. Dei vil samstundes takke alle dei som har delteke med svar på ulike spørsmål som institutta har hatt i samband med arbeidet som no er gjort.

Det er mange ulike selskap som nyttar oppdrettslokalitetane i området, og ei rekke ulike styresmakter har ei rolle i reguleringa av desse. Det krev difor tett samspel mellom forskarar, næring og myndigheiter, både for å finne fram til den optimale strukturen, og for faktisk å kunne endre lokalitetsstrukturen for å oppnå dei mogelege gevinstane.

Kan redusere smitten

Analysar av smittespreiinga i produksjonsområde 3, viser at det er mogeleg å dele området inn i seks undergrupper eller klynger.

– Smitten internt i desse gruppene er vesentleg større enn smitten mellom dei, forklarar forskar Ingrid A. Johnsen ved Havforskingsinstituttet. Ho er ein av dei som har utvikla modellane som blir brukt i dette arbeidet.

– Analysane viser at ein kan redusere smittepresset mellom lokalitetane i området ved å flytte produksjonen frå lokalitetar med stor smitte til lokalitetar med lågare smitte, forklarar ho.

Ulike modellar peikar i same retning

Forskarane på Havforskningsinstituttet har analysert kva som kan skje om ein fordelar dagens produksjon av oppdrettsfisk på 100 oppdrettslokalitetar i staden for dei 135 vi har i dag.

– Resultata tyder på at smitten av lakselus mellom anlegg kan blir redusert med nesten 50 % frå dagens situasjon, og at den potensielle virussmitten kan reduserast med over 20 %, seier Ingrid A. Johnsen.

Optimal lokalisering av oppdrettsanlegga kan på sikt også gjere det mogeleg å auke produksjonen av oppdrettsfisk samtidig som lusesmitten og virussmitten vert redusert i forhold til dagens situasjon.

– Som eit døme tyder analysane på at ved optimal lokalisering av anlegga kan produksjonen i området aukast med 10 % og framleis vil smittereduksjonen i forhold til dagens situasjon kunne bli om lag 30 % for lus, og smittepotensialet for virus bli redusert med om lag 20 %, seier Johnsen.

– Analysar frå smittespreiingsmodellen til Veterinærinstituttet viser at både lusemengda i anlegga og talet på avlusingar kan reduserast med rundt 20 % dersom halvparten av lokalitetane fjernast og produksjonen blir flytta til dei andre lokalitetane. I arbeidet er det ikkje tatt omsyn til praktiske utfordringar i forbindelse med dette, og det er heller ikkje sett på andre moglegheiter for smitteavgrensing. Foreløpige analysar viser også at færre og større anlegg vil kunne redusere den samla PD-belastinga i området, seier seniorforskar Bang Jensen frå Veterinærinstituttet.

Modellane til både Veterinærinstituttet og Havforskingsinstituttet viser at for få best mogeleg effekt av å fjerne anlegg, er det viktig å fjerne dei anlegga som bidreg mest til lusesmitte hos naboane.

Forskarane har òg sett på kva som er effekten av å ta i bruk ulike teknologiske løysingar på lokalitetane som bidrar med mest smittespreiing. Innføring av lukka, eller delvis lukka («snorkel»)-merd teknologi på strategisk utvalde lokalitetar er meir effektivt enn å gjere det på tilfeldige lokalitetar.

Bakgrunn for rapporten

Nærings- og fiskeridepartementet sendte 23. oktober 2019 ei bestilling til Veterinærinstituttet og Havforskningsinstituttet der dei bad om ei analyse av ny lokalitetsstruktur i produksjonsområde 3. Det som skulle leverast var: 

  • analyse av smittespreiing mellom lokalitetar ved dagens struktur
  • berekning av smittespreiing mellom omstrukturerte lokalitetar
  • vurdere effekten av å lukke slaktemerdane i området.

Målet med arbeidet er å få kunnskap om ei endra struktur av oppdrettslokalitetane kan gje redusert smitte mellom oppdrettsanlegga. Ein føresetnad er at produksjonen i området ikkje blir redusert. Mindre smitte mellom lokalitetane vil gjere det lettare å drive oppdrett av laks med færre lus, samt betre fiskehelse og fiskevelferd. 

Finn rapporten her.

Ein tilsvarande nettmelding er publisert hos Havforskningsinstituttet.

Del artikkel