Regjeringa fremmer auka overvaking av kystsona

Denne saken er eldre enn to år

I framlegget til statsbudsjett for 2021 har regjeringa gjort framlegg om 2 millionar kroner til Veterinærinstituttet og 11 millionar kroner til Havforskingsinstituttet øyremerka forsking og overvaking av kysten. Dette for å utvikle meir kunnskap og utvikle eit varslingssystem for helsetruslar langs kysten.

Løyvinga skal dekke behov for betre overvaking av kystsona i form av auka kunnskap om samanhengar mellom økosystema i havet og langs kysten, og om endringane som skjer kan medføre nye helsetruslar. Målet er å betre overvakinga gjennom å styrke eiga innsamling av data, samle data frå private og offentlege aktørar og få dette tolka tverrfagleg. Slik kan ein betre identifisere, forstå og forutsjå til dømes utbrot av skadelege algar, sjukdomar eller endringar av fiskevelferda innan oppdrett. Satsinga omfattar etablering av datainfrastruktur og samankobling av datastrøymer mellom Havforskingsinstituttet, Fiskeridirektoratet og Veterinærinstituttet.

For øvrig inneheld framlegget til statsbudsjett løyvingar til kunnskapstøtte frå Landbruks- og matdepartementet og frå Nærings- og fiskeridepartementet på 103 mill kronar og 69 mill kronar, inkludert dei to nye millionane frå NFD.  Ser ein bort frå ekstraløyvinga til flytteformål på 20 millionar som Veterinærinstituttet fekk i 2020, betyr det ei lita nominell auke i løyvingane neste år.  

Del artikkel