Nytt tilfelle av skrantesjuke hjå elg frå Steinkjer

Denne saken er eldre enn to år

Veterinærinstituttet har 28. april varsla Mattilsynet at prøver frå hjernevev prøve frå eit elgkadaver funne i Steinkjer er positiv for skrantesjuke (CWD).

 

Sidan prøven frå hjernevev var positiv for CWD-prionar medan det ikkje vart påvist CWD i lymfeknutevev frå same dyr, syner dette at det er eit nytt tilfelle av den same CWD-varianten som er gjort i eldre elgar og hjort i Noreg tidlegare. Kadaveret stammer mest truleg frå ei eldre elgku.

-Dette stadfester at det omfattande overvakingsprogrammet for skrantesjuke hjå hjortedyr satt i verk av norske styremakter fungerer godt. Då er det forventa at vi finn nokre slike isolerte tilfelle av skrantesjuke hjortedyr frå år til år, seier forskar Sylvie Benestad ved Veterinærinstituttet. 

Kadaveret såg ut til å ha logge lenge og mykje var borte. Etter innsendt prøve frå felt, blei hovudet seinare skipa til Veterinærinstituttet i Oslo for vidare undersøkingar.

Sidan Veterinærinstitutt oppdaga skrantesjuke i 2016 for første gong i Europa, er over 103.000 hjortedyr blitt testa for sjukdomen i Noreg.

To variantar av skrantesjuke

Forsking ved Veterinærinstituttet, publisert i anerkjente forskingstidsskrift etter fagfellevurdering, har slått fast at det er to variantar av skrantesjuke, ein som kan smitte mellom levande hjortedyr og ein variant som truleg ikkje kan det. Den smittsame varianten er berre funnen på villrein i Nordfjella Sone 1 kor heile flokken er tatt ut. Atypisk skrantesjuke er funnen på til saman sju elgar; tre i Selbu, ein i Lierne, ein i Flesberg, ein i Sigdal og sist no i Steinkjer, pluss ein hjort i Gjemnes.

Alle testar av prøver av hjortedyr i Noreg er utført av Veterinærinstituttet.

fakta om CWD

Les meir på Hjorteviltportalen

Del artikkel