Fugleinfluensa påvist hjå storjo på Svalbard

Veterinærinstituttet har påvist høgpatogent aviært influensavirus (HPAI, fugleinfluensa) hjå fem storjoer som vart funne døde på Hermansenøya på Svalbard i byrjinga av juli. Det vart påvist to ulike virusvariantar, høvesvis H5N5 og H5N1.

Det vart meldt om unormal høg dødelegheit blant hekkande storjo (Stercorarius skua) på Hermansenøya under ei teljing tidlegare i juli. Prøver frå fleire av fuglane vart sende til Veterinærinstituttet for undersøking av Børge Moe frå NINA (Norsk institutt for naturforsking), på vegne av Mattilsynet. Veterinærinstituttet påviste høgpatogent aviært influensavirus H5N5 hjå fire av storjoene og H5N1 hjå ein storjo.

Det har tidlegare i sommar vore påvist fugleinfluensa på polarmåse (H5N5) på Svalbard, og fleire tilfelle på m.a. havsule, måsar og havørn langs kysten på fastlands-Noreg.

Det er svært sjeldan at menneske blir smitta med fugleinfluensa. På generelt grunnlag bør ein unngå å ta i sjuke eller døde fuglar utan verneutstyr. Publikum blir bede om å ta kontakt med Sysselmeistaren ved funn av død villfugl på Svalbard.

Ved funn av svake, sjuke eller døde viltlevande ender, gjæser, svaner, vadefuglar, måsar, kråkefuglar og rovfuglar i fastlands-Noreg tilrår Veterinærinstituttet at publikum straks melder frå til Mattilsynet på e-post (postmottak@mattilsynet.no), slik at det kan takast ut prøver frå fuglane.

Les meir om fugleinfluensa hjå villfugl i Noreg her

Del artikkel