Flaggermusrabiesvirus påvist hjå norsk flaggermus

Denne saken er eldre enn to år

Veterinærinstituttet har påvist flaggermusrabiesvirus hjå ei vassflaggermus. Dette er første gongen at denne typen flaggermusvirus er funne i Noreg. Smitterisikoen til menneske er rekna som svært lav.

Vassflaggermusa blei funne svak og i live, men døydde etter nokre dagar i pleie. Hjernevev frå dyret blei rutinemessig undersøkt for flaggermusrabiesvirus, og det vart påvist European Bat Lyssavirus 2.

Om viruset

Flaggermusrabies er ein virussjukdom i det sentrale nervesystemet hjå flaggermus som skuldast lyssavirus. Lite er kjent om dei smitta flaggermusa blir sjuke av viruset og kva symptom dei då har. Flaggermusrabies i Europa er hovudsakleg årsaka av European Bat Lyssavirus (EBLV), der det finnest to ulike genotypar av lyssavirus: EBLV-1 og EBLV-2. Ulike flaggermusartar fungerer som eit reservoar for dei to virustypane. Førekomst av EBLV hjå flaggermus i Noreg er ikkje kartlagt.

Av flaggermus som er funne smitta med EBLV er meir enn 95% av arten sørflaggermus (Eptesicus serotinus) som har vore smitta med EBLV-1. Meir skjeldan har ein påvist EBLV-2 og då hovudsakleg hjå vassflaggermus (Myotis daubentonii) og andre Myotis-artar. 

EBLV-2 er påvist hjå flaggermus hovudsakleg i Storbritannia og  Nederland, men er også påvist i Finland, Tyskland og Sveits.

Alle dei europeiske flaggermusartane er insektetarar. Vassflaggermus er vanleg i Noreg og finnest nordover til Trøndelag. Den lever i skog, helst lauvskog i nærleiken av vatn. Ofte jaktar dei like over vassoverflata. Ynglekoloniar finnest i ulike habitat som innhola trær, bergsprekkar, steinbruer o.l. Dei blir skjeldan påvist i bygningar. Dei går i dvale om vinteren.

Lav risiko for menneske og andre dyr

Det er svært liten risiko for å bli smitta av flaggermusrabiesvirus. Smitten blir overført via spytt ved bitt eller ved rifter i huda samt dersom eksisterande hudsår får spytt på seg. Det er først og fremst forskarar og amatørzoologar som jamt handterer levande flaggermus som står i fare for å kunne bli smitta. Det er difor rådd til at desse vaksinerer seg mot rabies.

I Europa er det berre fire kjende tilfelle der menneske har døydd av flaggermusrabies. Berre to av desse var årsaka av EBLV-2. Det vert òg rekna som liten risiko for andre pattedyr.

Veterinærinstituttet er nasjonalt referanselaboratorium for rabies. Veterinærinstituttet har nytta molekylærbiologiske metodar for  å påvise viruset og samanlikna viruset med andre EBLV-2 virus. Mattilsynet er ansvarleg for å oppfølging av påvisingar eller utbrot av dyresjukdommar i felten, sjå mattilsynet.no. Flaggermusrabies vert handtert som ein gruppe A-sjukdom, jamfør Matlova. 

 

Fakta om flaggermusrabies

Fakta om rabies

 

Meldingar frå andre:

Les nettmelding frå Mattilsynet

Les nettmelding frå Folkehelseinstituttet

Les nettmelding frå Miljødirektoratet

Om flaggermus fra Norsk zoologisk forening

Del artikkel