Unormale slaktefunn

I samband med slakting av hjortevilt kan ein finna parasittar (snyltarar) eller ulike endringar i organ og vev. Kan kjøtet frå slike dyr etast? Er dette noko nytt hjå hjorteviltet?

Norsk hjortevilt har generelt god helse, men viltgruppa ved Veterinærinstituttet får kvar haust mange spørsmål rundt unormale slaktefunn hjå hjortevilt felt under storviltjakta. I det fylgjande vert difor dei vanlegaste funna i lunge, lever og muskelhinner omtala.

Lunge

Lungemark er ikkje uvanleg hjå hjortedyra våre og vi kan grovt dela dei inn i små og store.

Elg, hjort og rådyr har kvar sin vesle lungemark innan slekta Varestrongylus. Små lungemark er vanskeleg å sjå med det blotta auga, men ein kan finna yngleknutar i form av spreidde, lyse, litt faste knutar i lungevevet. Hjå rådyr er yngleknutane grågule og som oftast lokalisert til det bakre randpartiet av lungene (bilete 1), mens dei hjå elg er meir spreidde og grågrøne av farge.

Dersom du finn fleire centimeter lange mark i luftrøyrforgreiningane, dreiar det seg om den store lungemarken (Dictyocaulus). Alle hjortedyrartane våre kan ha denne. Som oftast finn ein nokre få markar, men av og til ser ein massive angrep hjå dyr som er svekka, som oftast hjå kalvar (bilete 2).

Ved tunge lungemarkangrep i lungene, kan ein bakteriell lungebetennelse oppstå som ein fylgjetilstand. Dette ser ein som større, faste område i lungevevet, med avvikande farge og ofte med verk (puss) på snittflata. Då bør veterinærkontroll utførast før slaktet vert ete.

Lever

Knutar i levra ser ein no og då og dei kan ha ulik utsjånad og årsak.

Mange ulike parasittar har vandringar i levra som ein del av si utvikling og slike vandringar kan gi kvite eller raudlege flekkar i vevet. Dersom knutane er meir blæreforma kan det dreia seg om cysticerkar, også kalla tinter (bilete 3).

Cysticerkar er mellomvertsstadium av bendelmark. Hjortedyra er mellomvertar for bendelmarken Taenia hydatigena som finnest i tarmen hjå hund, ulv og rev. Hundedyra skil ut egg i avføringa som hjortedyra får i seg når dei beitar. Larvane utviklar seg til tynnveggja blærer (cysticerkar), opp til 15 cm store, som vanlegvis sit under kapselen på levra eller i bukhola. Det er uvanleg å finna parasittblærer i lungene. Innmat frå infisert vilt bør ikkje gjevast til hund.

Av parasittar som har sin levestad i levra, kan nemnast den vesle og store leverikta, der førstnemnde er mest vanleg hjå hjortedyr. Begge held til i gallegangar, er flate, og lengda er om lag 1 cm for den vesle og 2- 5 cm for den store. Dersom du legg djupe snitt i levra gjennom gallegangane og pressar på vevet mot snittflata, vil dei kunna komma til syne. Massive angrep kan gi fortjukka gallegangar og flekkar etter larvevandringar.

I tillegg til parasittar kan det vera andre årsaker til flekkar og knutar i levra. Ulike former for leverkreft, både godarta og vondarta, vil kunna sjåast som knutar med avvikande farge og konsistens. Også ulike sjukdomsframkallande bakteriar kan gi prosessar/knutar av varierande storleik og mengde.

Dersom det er store knutar og/eller verk (puss) i knutar i lever eller lunge, bør veterinærkontroll utførast før slaktet vert ete.

Muskelhinner

Hjernemark (Elaphostrongylus) er svært vanleg hjå elg, hjort og rein her i landet. Dyra blir i stor grad smitta som kalvar. Parasittane har ein komplisert livssyklus og har tilhald i sentralnervesystemet og muskelhinnene. Hjernemark kan sjåast som hårtynne, 3-6 cm lange markar på muskelhinnene, særleg på lår og bog (bilete 4). Dei kan årsaka blødingar, slimdanning og grønleg misfarging i muskelhinnene. Les meir om hjernemark.

Underhudsmark (Onchocerca) er svært lange og trådforma parasittar som finnest i bindevev og sener hjå hjortedyr, spesielt hjå elg. Oftast er den å finna i underhudsvevet på framkne og rundt hasane, men sjølve marken er vanskeleg å sjå med det blotte auga. Når ein flår dyret, kan endringar kan sjåast som eit svampaktig, underminert vev, ofte med ei gul til grønleg misfarging (bilete 5).

Les meir om unormale slaktefunn