Avmagring/vintersvolt hos vilt

Underernæring som fører til ekstrem avmagring (kakeksi) er ein viktig dødsårsak hjå vilt, særskilt hjå rådyr. Den norske vinteren kan vera ein flaskehals for rådyr, spesielt dersom det er store snømengder kombinert med streng kulde.

Hjortedyra er drøvtyggarar som treng jamn tilgang på mat gjennom heile året. I store deler av Noreg, med stadvis mykje snø og låge temperaturar om vinteren, kan det difor verta vanskelig å finna nok fôr, spesielt for rådyr og dels hjort.

Rådyret er ein relativ ny art i norsk fauna og er best tilpassa eit mildare klima, utan store mengder snø på vintrane. Dei tynne føtene med små klauver søkk langt ned i djup snø og dyret brukar difor mykje oppspart energi på beiting under slike værtilhøve. Rådyra er òg meir utsatt for predasjon av til dømes gaupe dersom vintrane har djup snø.

Generell avmagring er også noko vi ser hjå gamle individ av alle hjortedyrartar når tennene er nedslitne og kroppsfunksjonane gradvis sviktar på grunn av høg alder, eller som ledd i ein kronisk sjukdomstilstand, til dømes alvorleg kreft. Enkeltindivid av hjortedyr kan bli svært gamle og ulike typar kreftsjukdom førekjem relativt ofte i denne aldersgruppa.

Sjukdomsteikn og diagnostikk

I kroppen nyttast feitt til lagring av energi, polstring kring indre organ og isolering mot kulde.

Når dyrets forbruk av energi er større enn inntaket gjennom fôret, til dømes om vinteren mange stader i Noreg, oppstår det ein negativ energibalanse i kroppen. Dyret byrjar då nedbryting av feitt for å oppretthalde kroppsvarmen og dei nødvendige kroppsfunksjonane.

Ved alvorleg avmagring, såkalla kakeksi, vert energilagra i form av feitt brukt opp og det er berre eit gjennomsiktig, gelatin-liknande vev att, til dømes kring hjartet og i beinmargen (serøs feittvevsatrofi).

Førekomst

Heile landet, men særleg i område med mykje snø om vintrane eller ved spesielle værtilhøve.

Enkeltindivid eller fleire hjortedyr, særleg rådyr og dels hjort, kan døy innanfor eit mindre geografisk område som fylgje av alvorlig avmagring.

Avmagring hjå enkeltindivid førekjem også ved alvorleg kronisk sjukdom eller særs høg alder.

Tiltak

For å hindra spreiing av skrantesjuke (CWD) er det forbode å fôra hjortedyr i heile landet, men du kan likevel søka Mattilsynet om løyve til kortvarig naudfôring.