Kurs i veterinært beredskapsarbeid

Veterinærinstituttet inviterer til beredskapskurs hausten 2023. Kurset er retta mot veterinærar i dyrehelseforvalting og i produksjonsdyrpraksis, og er lagt opp slik at både erfarne og nyutdanna veterinærar vil kunna ha nytte av kurset.

Kurset er todelt, med ein webinardel 25. oktober og ein fysisk kursdag 1. november i lokala til Veterinærinstituttet Sandnes på Høyland.

Målet med kurset er å trena på korleis ein som veterinær førebur seg og handlar i ein beredskapssituasjon, og å hjelpa deltakarane til å bli trygge i si beredskapsrolle.

Webinardelen gir ei innføring i beredskapsarbeid og rollefordeling ved utbrot av listeførte dyresjukdomar, samt eit oversyn over aktuelle sjukdomar på frammarsj og diagnostiske kriterier. Under det påfølgjande praktiske treningsopplegget på Sandnes vil deltakarane få øva praktisk på feltobduksjon og prøvetaking. Ein feltobduksjon kan styrka eller svekkja mistanken om alvorleg smittsam dyresjukdom, avdekka dødsårsak, eller gi informasjon som er viktig for førebygging og behandling. Me vil derfor bruka tid på å gå gjennom vurdering av organfunn ved obduksjon, samt målretta prøveuttak og innsending. Deltakarane vil også få tørrtrena på avliving av produksjonsdyr. På den måten får ein, innanfor trygge rammar og god fagleg rettleiing, trena seg på fleire ulike prosedyrar som er sentrale ved eit alvorleg sjukdomsutbrot.

Etter gjennomført kursopplegg er målet at deltakarane har tileigna seg praktiske og teoretiske kunnskapar og evner for førebygging og handtering av smittsame dyresjukdomar, er blitt tryggare og meir rollemedvitne.

  • Inkludert i kurset er lunsj og kaffi under den fysiske delen av kurset, samt undervising og forbruksmateriell.
  • Det er ikkje deltakaravgift på kurset, men reisekostnader må dekkjast av deltakar/arbeidsgjevar.
  • Påmelding gjeld begge kursdagane, det vil ikkje vera mogleg å melda seg på berre den eine dagen.

Ved spørsmål, ta kontakt med Elisabeth Skatvedt Jordal.

Meld deg på kurset her →

Frist for påmelding: 01. oktober 2023. 

NB! Ver tidleg ute! Det er plass til inntil 25 deltakarar på den fysiske kursdagen 1. november, og dermed vil påmeldinga bli stengt etter dei 25 første påmelde, eller når påmeldingsfristen er passert.

Hvor
Digitalt og fysisk (Sandnes)
Når
25. oktober 2023 kl. 10.00 - 1. november 2023 kl. 10.00