Vondarta katarrfeber hjå hjortedyr

Vondarta katarrfeber er ein alvorleg virussjukdom som av og til førekjem hjå hjortedyr her i landet. Vondarta katarrfeber-virus smittar ikkje til menneske.

Sjukdommen skuldast eit herpesvirus som sau og geit er berarar av. Infeksjonen gir høg feber og betennelse i ulike vev i kroppen, og endar som oftast med døden.

Smittestoff og smitteveier

Vondarta katarrfeber er ein alvorleg virussjukdom som rammar hjortedyr (elg, rådyr, hjort, rein), storfe og gris her i landet. Den skuldast ulike herpesvirus (vondarta katarrfeber-virus) som førekjem hjå sau (OvHV-2) og geit (CpHV-2).

Småfe vert ikkje sjuke, men fungerar som friske smitteberarar til andre og meir mottakelege dyreartar (t.d. hjortedyr). Ein kjenner lite til korleis smitteoverføringa skjer. Viruset synest ikkje å smitta direkte frå hjortedyr til hjortedyr.

Sjukdomstegn og diagnostikk

For hjortedyr er sjukdommen alvorleg, og vi reknar med at dei fleste døyr av infeksjonen. Viruset infiserar kvite blodceller og gir betennelse i blodkar og slimhinner. Dyra får høg feber, redusert allmenntilstand og unormal oppførsel. Dei kan utvikla betennelse i hjerne, auge, fordøyingskanal og luftvegar. Sjukdommen kan truleg ha både ei akutt og ei meir kronisk utvikling.

Forsking ved Veterinærinstituttet har vist at dei fleste hjortedyra som døyr av sjukdommen, er smitta med det saue-assosierte viruset, mens eit mindretal er smitta med det geite-assosierte viruset. Dersom ein har mistanke om at eit hjortedyr lir av denne sjukdommen bør det avlivast av dyrevernomsyn.

Diagnosen er basert på karakteristiske vevsendringar i hjernen, og påvising (PCR) av viruset i dyra sine organ.

Førekomst

Hjå viltlevande hjortedyr ser ein vanlegvis berre enkelttilfelle, det er også påvist ett tilfelle hos tamrein. I dyreparkar, hjorteoppdrett og andre stader der hjortedyr har kontakt med småfe, kan ein sjå mindre sjukdomsutbrot. Her i landet har vi hatt sjukdomsutbrot hjå rein som har vore oppstalla i sauefjøs i samband med fôringsforsøk, og hjå elg og rådyr i dyreparkar som har hatt kontakt med sau.

Overvaking

Veterinærinstituttet har eit nasjonalt ansvar for sjukdomsoppklaring på alle viltlevende dyrearter (og vilt i oppdrett), og utfører obduksjon og virusgranskingar av hjortedyr der det er mistanke om vondarta katarrfeber. All undersøking av viltlevande dyr er gratis for innsendar.

Helseovervakningsprogrammet for hjortevilt (HOP)

Tiltak

Det finst ingen behandling mot vondarta katarrfeber. Sauen (geita) er svært ofte berar av viruset, og sjukdommen kan berre førebyggast ved å hindre at hjortedyra kjem i kontakt med småfe.