Vestnilfeber

Vestnilfeber er ein virussjukdom som blir overført med mygg og som viser seg med alvorleg hjernebetennelse (encefalomyelitt/encefalitt) hos hest, menneske og fuglar. Sjukdommen er ikkje påvist hos dyr i Noreg.

Vestnilfeber hos dyr er ein liste 2-sjukdom, og førekomst av eller mistanke om vestnilfeber skal straks rapporterast til Mattilsynet.

Smittestoff og smittevegar

Vestnilvirus er eit arbovirus som tilhøyrer familien Flaviviridae, genus Flavivirus. Viruset blir overført mellom ulike dyreartar med mygg, mellom anna Culex-artar og asiatisk tigermygg, Aedes albopictus.

Ville fuglar fungerer som naturlege vertar for viruset. Mellom anna er kråkefuglar, gråspurv og stær kompetente vertar som utviklar viremi. Mygg som syg blod frå desse får i seg virus og spreier smitten vidare til neste offer.

Dette er den naturlege smittesyklusen, men menneske og hestar kan bli «tilfeldige vertar». Desse er ikkje ei viktig kjelde for vidare spreiing av viruset fordi dei i lita grad får viremi.

Sjukdomsteikn og diagnostikk

Viruset er årsak til akutt hjernehinnebetennelse hos hestar. Vanlegaste symptom frå nervesystemet er at dyra er ustøe (ataksi) og svake i bakbeina. Ein ser ofte dirring og små trekningar i mulen, men ein kan også sjå lammelse i ansiktsmuskulaturen. Dyra kan bli hypersensitive eller sløve. Om lag ein tredel av kliniske kasus har feber. Nokre hestar utviklar kløe, sirkelgang og sjangling. I dei alvorlegaste tilfella blir dyra lamma i bakbeina, får epilepsiliknande anfall eller går i koma. Etter utbrot i USA i 1999 og 2000 blei det rapportert at 35 % av klinisk affiserte hestar dauda eller blei avliva nokre dagar ut i sjukdomsforløpet.

Vestnilfeber hos hest kan forvekslast med andre nevrologiske sjukdommar, til dømes botulisme, Wobbler, herpesvirus type 1 og andre virale encefalittar (WEE, EEE og VEE).

I område der vestnilviruset finst til vanleg, kan fuglar utvikla ein langvarig viremi utan å bli  sjuke. Auka dødelegheit hos kråker, slik ein har sett det i USA, er ikkje typisk i Europa.

Diagnostikk

Diagnosen hos dyr blir stilt ved påvising av antistoff i serum eller cerebrospinalvæske (IgM capture ELISA (MAC-ELISA) hemagglutinasjonstest (HI) og IgG ELISA). Virus kan også påvisast direkte ved molekylærbiologiske metodar (PCR).

Vestnilfeber hos mennesker

Dei aller fleste som blir smitta av vestnilvirus (ca. 80 %) viser ingen symptom. Dei fleste som viser symptom, får ein mild sjukdom med feber som går over i løpet av 3-5 dagar. Vaksne viser alvorlegare symptom enn born. Hjernehinnebetennelse ser ein berre hos vaksne, og dødelegheita aukar med aukande alder. Les meir om vestnilfeber hos menneske hos Folkehelseinstituttet.

Førekomst

Viruset er ennå ikkje påvist i Noreg men synes å ha etablert seg i austre deler av Tyskland dei siste åra. Det er påvist at virus overvintrer i mygg, og det er påvist klinisk sjukdom på fuglar og hest. Viruset er vanleg i visse område i Aust-, Sentral- og Sør-Europa og i Midt-Austen.

Vestnilviruset blei første gongen isolert i 1937 frå ein febril pasient i Vestnil-området i nordlege Uganda. Viruset er seinare isolert frå menneske, fugl, mygg og pattedyr i Afrika, Midt-Austen, Sør-Europa og Asia. I USA blei det første tilfellet registrert i 1999 i New York. Sjukdommen er i åra seinare blitt spreidd i Nord-Amerika.

Ein av myggartane som kan vera berar av viruset Culex pipiens, er vanleg i Noreg. Ein annan, tigermyggen Aedes albopictus, er i ferd med å spreia seg globalt.

Tiltak

Vestnilfeber hos dyr er ein liste 2-sjukdom. Risikoen for at viruset skal etablera seg i Noreg er rekna for å vera låg. For at myggen skal kunna overføra virus til ein ny vert, trengst ein lengre periode med høg døgertemperatur, slik at viruset kan oppformeirast og overførast til andre artar via myggstikk. Ein reknar med at klimaet i Noreg er for kaldt til at dette kan skje. Dei ulike myggane sin preferanse for vertar varierer også, slik at sjølv om viruset kan finnast i myggen Culex pipiens, så vil denne helst suga blod frå fugl, og menneske vil i lita grad bli eksponert. Det kan likevel tenkjast at trekkfuglar kan bera med seg smitte til nye område dersom klimatilhøva endrar seg, slik at viruset kan etablera seg.

Det finst vaksinar til hest som vernar dei mot sjukdommen.

Når menneske oppheld seg i område der viruset finst, blir det tilrådd å nytta seg av generelle tiltak mot myggstikk som myggmidlar, bruk av myggnett og tildekkande klede.