Valpesjuke

Valpesjuke er ein alvorleg sjukdom hos valpar og unge hundar. Sjukdommen blei sist påvist hos ein hund i Noreg i 2013. Viruset gir ikkje sjukdom hos menneske.

Valpesjuke er ein liste 3-sjukdom. Dersom sjukdommen blir påvist hos dyr, skal ein utan ugrunna opphald melde frå til Mattilsynet.

Illustrasjonsfoto av valp

Smittestoff og smittevegar

Valpesjuke skuldast eit virus i familien Paramyxoviridae og slekta Morbillivirus. Virus kan gje sjukdom hos artar innan hundefamilien (hund, rev og sjakal) og i tillegg mårfamilien (mink, oter og ilder). Huskattar blir ikkje sjuke etter smitte med dette viruset, men andre kattedyr, som til dømes løver, kan bli alvorleg sjuke.

Valpesjukevirus er følsamt for ytre påverknader, men kan overleva i nokre få veker dersom miljøvilkåra er gunstige. Smitteoverføring mellom hundar skjer oftast direkte etter kontakt med virushaldig materiale frå sjuke hundar eller med utandingsluft (dråpesmitte). Indirekte smitteoverføring etter kontakt med gjenstandar, klede, hender som er ureina med virus, kan og skje.

Sjukdomsteikn og diagnostikk

Valpesjuke er, som det går fram av namnet, først og fremst ein alvorleg sjukdom hos valpar og unge hundar. Forløpet kan vera akutt, med nedsatt allmenntilstand, høg feber, inga matlyst og slappheit. Betennelse i augneslimhinna, luftvegar og mage-/tarmkanal kan føra til «rennande auger», pustevanskar og diaré. Sjukdommen kan vara i fleire veker, og i slike tilfelle kan ein finna kroniske endringar i til dømes hud eller hjerne. Dersom viruset blir spreidd til hjernen, kan det gje  betennelsesendringar som kan medføre neurologiske symptom, som til dømes kramper.

Vaksne, uvaksinerte hundar som blir smitta får som regel milde symptom med lett hoste og allmennpåkjenning.

Diagnostikk
Det kan takast prøver hos ein sjuk hund frå auge og andre organ for å påvisa virus. Undersøking av blodprøver for antistoff kan vera problematisk hos vaksinerte hundar fordi det ikkje let seg gjera å skilja mellom antistoff produserte etter naturleg infeksjon og antistoff danna etter vaksinasjon. Parprøver tekne ut med 2-3 vekers mellomrom for påvising av titerstiging kan visa om hunden har vore smitta.

Ein hund som er daud/avliva med mistanke om valpesjuke, bør obduserast. Organendringar og undersøking for virus med ulike metodar kan vera til hjelp når ein skal stilla ein diagnose.

Førekomst

God vaksinedekning hos hundepopulasjonen i Noreg gjennom meir enn 60 år har ført til at valpesjuke er ein svært sjeldan sjukdom hos hund i Noreg.

I våre granneland også er valpesjuke ein svært sjeldan sjukdom. Danmark hadde eit utbrot på 1980-talet og Finland på 1990-talet, truleg på grunn av manglande vaksinedekning.

Valpesjuke er utbreidd i heile verda. I land med dårleg vaksinedekning og i land med stor bestand med uvaksinerte gatehundar, er valpesjuke vanleg. Innførsel av slike hundar til Noreg kan medføra innførsel av valpesjukevirus.

I ein uvaksinert hundebestand kan valpesjuke spreia seg raskt, og gje alvorlege konsekvensar. Dette blei tydeleg demonstrert på Grønland på slutten av 1980-talet. Der spreidde sjukdommen seg som ei farsott, og i enkelte område der hundane ikkje var vaksinert, dauda opp til 80 % av hundane.

Tiltak

Valpesjuke er ein liste 3-sjukdom. Dersom sjukdommen blir påvist, skal ein melde frå til Mattilsynet.

Sjukdommen kan effektivt førebyggjast med vaksinasjon. Vaksinerte hundar overfører antistoff til valpane med råmjølk. Slik blir valpar av vaksinerte mødre beskytta dei første vekene etter fødsel (passiv immunitet). Veterinærinstituttet tilrår at alle hundar blir vaksinerte mot valpesjuke. Jo betre vaksinedekning, jo mindre sjanse for utbrot av denne alvorlege sjukdommen.

Valpar bør vaksinerast ved 7–8 og 12 veker. I miljø med påvist smitte kan vaksinasjon startast frå 6 veker med eigna vaksine, medan éi dose ved 12 veker er tilstrekkeleg ved svært låg smitterisiko. Ved auka smittepress kan ei ekstra dose ved 16 veker vurderast. Første revaksinering skjer ved 6 månader, deretter kvart tredje år, sjølv om vernet ofte varer lenger. Dyr som er over 6 månader ved første vaksinering treng vanlegvis berre éi dose, men ved utbrot kan to dosar med 3–4 vekers mellomrom vurderast.

Kontaktpersonar:

Bente Fjermestad-Eie

Bente Fjermestad-Eie

Veterinær, fagansvarlig smådyr og zoonoser
Alle ansatte

Aktuelle dyr