Tungeorm

Tungeorm (Linguatula serrata) er ein parasitt som lever i nasehole og svelg hos hund, katt, rev og andre rovdyr. Parasitten kan smitte til menneske.

Parasitten finnes ikkje stasjonært i Noreg, men den har vore påvist hos importerte hundar frå Aust-Europa.

Livssyklus tungeorm. Figur: Rebecca Davidson, Veterinærinstituttet

Smittestoff og smittevegar

Tungeorm har sitt vaksne stadium i nasehole og svelg hos ein hovudvert (ulike kjøttetande dyr). Hovudverten nyser eller hostar ut egga, egg kan og svelgast og kome ut med avføringa.

Mellomvertar (mange pattedyr, men spesielt planteetande dyr som småfe og storfe, kaninar og smågnagarar) kan bli smitta via fôr som er forureina med egg frå hovudverten. Etter opptak i mellomverten utviklast egga til larvar. Larvane vandrar frå tarmen via lymfeknutar og lever, mens de utviklar seg videre til det smittsame nymfestadiet. Nymfene er 4-6 mm lange og kapslast inn i indre organ hos mellomverten. Slike innkapsla stadium av parasitten kan overleve i mellomverten i opp til eit år. Ein ny hovudvert infiserast ved å ete mellomvertar med innkapsla nymfer i rå innvollar og lymfeknutar. Nymfene frigjer seg frå cystene og vandrar via spiserør til nasehole/svelg kor dei utviklar seg til vaksne L. serrata og fullfører livssyklusen.

Vaksne hann-parasitter er opp til 2 cm lange, hoene er 10-13 cm lange. Hoa produserer egg fra cirka 6 månader etter smitte og produserer i snitt fleire tusen egg per dag. Det er antatt at hele livssyklusen tar mellom 1-2 år frå egg til egg. Parasitten kan produsera egg i opp til 15 månader i hovudverten. 

Sykdomsteikn og diagnostikk

Infiserte hundar kan vise symptom frå øvre luftveier; nysing, utflod frå nase, og hosting. Infeksjonen kan også forløpe utan symptom. Symptom hos mellomverten er sjeldan.

Prøvemateriale for å påvise egg eller parasitt er enten skylleprøver frå nase eller avføringsprøver, gjerne samleprøve over tre dagar.

Sjukdom hos menneske
Menneske kan fungere som både hovudvert og mellomvert avhengig om dei blir smitta med innkapsla nymfer i kjøt/innmat eller med egg frå ein hovudvert. Tilstanden er kjent som “Halzoun syndrom ” i Midt-Østen og “Marrara syndrom” i Sudan. Dersom parasitten lever i nasehole/svelg kan det føre til pustevanskar, svelgbetennelse og ødem. Symptom relatert til nymfestadium i bukorgan avhenger av kva slags organ som er affiserte.

Førekomst

Tungeorm finnes hos dyr, spesielt hund, i fleire land i Europa og i Midt-Østen.

Tiltak

Det finst ingen godkjent behandlingsmetode per dags dato. Det viktigaste førebyggande tiltaket er å hindre hovudverten i å ete rå innvollar frå smitta mellomverter.

Kontaktpersonar

Inger Sofie Hamnes

Inger Sofie Hamnes

Seniorforsker/veterinær
Bente Fjermestad-Eie

Bente Fjermestad-Eie

Veterinær, fagansvarlig smådyr og zoonoser
Alle ansatte

Aktuelle dyr

Aktuelle fagområder