Sporotrix schenkii og sporotrikose

Soppen Sporothrix schenkii finst i heie verda, men er sjeldan i Europa, med unntak av Spania og Italia.

Soppen er årsak til sjukdommen sporothrikose hos menneske og dyr.

Smittestoff og smittevegar

Sporothrix schenkii er ein saprofyttisk og dimorf sopp, dvs. ein sopp som kan veksla mellom å vera gjærsopp og muggsopp, avhengig av temperaturen.

Ved 37 °C finst S. schenkii som gjærsopp når soppen har infisert ein varmblodig vert (ein eincella organisme som formeirar seg ved knoppskyting). Ved 25 °C finst soppen som muggsopp.

Infeksjonen skjer som regel via små sår i huda, og berre sporadisk ved inhalering av sporar til lungene. Smitteoverføring frå infiserte dyr til menneske er også beskrive (zoonose), gjennom bit eller kontakt med sårsekret og puss.

Sjukdomsteikn og diagnostikk

Sjukdommen er beskriven hos menneske og mange dyr, mellom anna hestar, hundar, kattar, storfe, fuglar, grisar og mus.

Primært er dette ein kronisk sjukdom på huda eller i underhuda og tilhøyrande lymfekar. Sjukdommen er karakterisert av knutar som kan sprekka opp og danna sår. Sekundært kan infeksjonen spreia seg til ledd, knoklar og musklar.

Hos individ med normalt immunforsvar held sjukdommen seg som regel lokalt, men hos individ med nedsett immunforsvar kan sjukdommen bli systemisk med dødeleg utgang. Friske smitteberarar er ikkje uvanlege.

Diagnostikk

S. schenkii blir påvist ved mikroskopi eller ved dyrking av soppen.

Førekomst

Førekomsten av soppen S. schenkii i Noreg er ikkje kjent.

Soppen er distribuert over heile verda, men er rekna for å vers sjeldan i Europa, med unntak av Spania og Italia. Dei fleste tilfella på hundar og kattar er beskrivne frå USA og Sentral- og Sør-Amerika. Her ser det ut til at ukastrerte hannkattar er mest utsette.

Human sporothrikose finst i hovudsak i Sentral- og Sør-Amerika der sjukdommen til vanleg er endemisk, og berre sjeldan epidemisk. I Brasil har ein sett fleire tilfelle der menneske er blitt smitta via kattar, men også av hundar. Sporothrikose blir her rekna som ein «emerging» zoonose.