Spedgrisdiaré

Infeksjon med særskilte variantar av Escherichia coli kan føra til diaré, rask dehydrering og akutte dødsfall hos spedgris dei første tre levevekene. Sjukdomen gir seg mest typisk til kjenne i løpet av dei første fire levedøgna.

Dersom spedgrisen får nok råmjølk heilt frå starten, er vaksinering av avlspurker eit effektivt førebyggjande tiltak som i dag blir gjort rutinemessig.

Smittestoff og smittevegar

Spedgrisdiaré er forårsaka av tarmpatogene, toksinproduserande E. coli (Enterotoksigene E. coli, ETEC). Spedgrisen blir utsett for desse bakteriane i det han forlét fødselskanalen og kjem i kontakt med eit kontaminert miljø i fødebingen. Dårlege hygieniske forhold og manglande vasking mellom innsett kan føra til opphoping av sjukdomsframkallande E. coli-stammar, og dermed auka risikoen for eit utbrot av spedgrisdiaré.

Bakteriane kan overleva i fleire veker til månader i eit fuktig og kjølig miljø. Terskelen for utvikling av klinisk sjukdom er også lågare ved låge temperaturar, fordi den peristaltiske tarmaktiviteten går ned og bakterien forblir lenger i tarmen før utskiljing. Spedgris som over tid blir utsette for temperaturar under 25°C får som regel større oppbløming av bakteriar og eit meir alvorleg sjukdomsforløp enn spedgris som har tilgang til eit tilpassa miljø t.d. i eit spedgrishjørne.

Sjukdomsteikn og diagnostikk

Infeksjon med tarmpatogene E. coli hos spedgris er kjenneteikna av gulgrøn til lys gul, vassen diaré med påfølgjande dehydrering 0-4 dagar etter fødsel. Sjukdomsforløpet er vanlegvis raskt, og kan involvera enkeltindivid eller større delar av kullet.

Hos enkelte grisar er sjukdomsforløpet så raskt at dei døyr akutt utan først å ha vist teikn til diaré. Dersom sjukdomen ikkje blir behandla, kan eit utbrot resultera i høg dødelegheit.

Diaré forårsaka av E. coli er ofte kjenneteikna av irritasjon og raud/inflammert hud i området rundt anus og perineum, særleg dersom sjukdomen har eit subakutt til kronisk forløp.

Ved mistanke om spedgrisdiaré bør det obduserast 3-4 ubehandla individ som enten har døydd eller blitt avliva i den akutte sjukdomsfasen. Vanlege obduksjonsfunn er dehydrering og eventuelt avmagring. Tynntarmen er gjerne hyperemisk og utspilt av gass og væske. Tarminnhaldet er tynt, ofte gulfarga eller blodtilblanda både i tynn- og tjukktarm. Under obduksjonen skal det prøvetas frå tynntarmen med tanke på bakteriologisk undersøking.

Eit alternativ til obduksjon er svabring av endetarmen på affiserte, ubehandla grisar. Det er då nødvendig å senda inn svaberprøvar frå minst fem individ, og gjerne frå fleire kull. 

Aktuelle differensialdiagnosar under norske forhold:

  • Rotavirus
  • Tarmbrann (Clostridium perfringens type C)
  • Enterococcus hirae
  • Koksidier

Ytterlegare relevante differensialdiagnosar på verdsbasis:

  • TGE (smittsam gastroenteritt)
  • PED (porcin endemisk diaré)

Ein sikker diagnose kan berre stillast ved funn av  E. coli med typisk OK-type i tilnærma reinkultur ved dyrking frå tarmen.

E. coli kan delast inn etter type antigen, og Veterinærinstituttet kan utføra såkalla OK-typing av bakteriekulturar av E. coli. Dersom den aktuelle kolistammen lar seg typa, blir det rutinemessig også utført resistensundersøking.

Førekomst

E. coli er ein del av den normale tarmfloraen hos gris og andre dyr, og er i tillegg ein vanleg tarmpatogen bakterie på verdsbasis. Sjukdomen er ikkje meldepliktig.

I bakre tarmavsnitt hos spedgris er E. coli ein del av normalfloraen, og dei fleste stammar er ikkje sjukdomsframkallande. Dei stammane som er patogene, tilhøyrer vanlegvis nokre få serotypar. Klinisk diarésjukdom hos spedgris skal derfor ikkje automatisk tilskrivast eit bakteriologisk funn av E. coli, dersom denne ikkje lar seg typa for dei vanlegaste O-antigena eller virulensfaktorane.

I Noreg blir avlspurker i kommersielle besetningar rutinemessig vaksinerte mot E. coli, og vi ser derfor i dag langt færre tilfelle av spedgrisdiaré enn det som var vanleg nokre tiår tilbake.

Tiltak

Ved utbrot av spedgrisdiaré er det aktuelt å behandla med antibakterielle middel i minst 3 dagar, hos grisungar som er allment påkjende, sulfa/trimetoprim er førsteval. Dersom grisungane ikkje er allment påkjende, anbefalas behandling med væske og elektrolyttar.

For å unngå problem med spedgrisdiaré er vaksinasjon av avlspurker, god hygiene i fødeavdelinga og tomtid med vask og desinfeksjon mellom innsett grunnpilarane i førebyggingsarbeidet.

Vaksinering av purker baserer seg på grunnvaksinering med ein inaktivert vaksine som deretter blir gitt som revaksinasjon før kvar grising. Vaksinen fører til aktiv immunisering av purka, som deretter via råmjølka og purkemjølka overfører passiv immunitet til dei diande spedgrisane.

Dersom miljøet der spedgrisane oppheld seg er reint og tørt, varmt og trekkfritt og dei i tillegg får tidleg tilgang på rikelege mengder råmjølk frå ei vaksinert purke, oppstår det sjeldan vedvarande besetningsproblem med spedgrisdiaré som følgje av E. coli-infeksjon.