Overførbar venerisk tumor hos hund
Overførbar venerisk tumor (Transmissible venereal tumor (TVT)) er ein smittsam kreftsjukdom hos hund. Utbredelsen er særleg høg i tropiske og subtropiske område, og risikoen for å få sjukdommen inn i Noreg aukar med import av hundar frå land utanfor Norden.
Smittestoff og smittevegar
Ved TVT er sjølve kreftcellene smittestoffet. Overførbar venerisk tumor (TVT) blir vanlegvis overført mellom hundar ved paring. Sjukdommen er likevel ikkje avgrensa til smitte via kjønnsvegane. Overføring kan og skje når hundar kjem i nær kontakt med kvarandre gjennom snusing, slikking, kloring eller biting. I tillegg kan tispa overføre tumorceller til kvalpane sine under pelsstell.
TVT smittar ikkje til menneske eller andre artar.
Sjukdomsteikn og diagnostikk
Svulstar oppstår som regel i kjønnsvegane, men kan også sjåast i nase- eller munnhole. Svulstar kan og spreie seg til indre organ. Ein hund kan ha éin eller fleire svulstar, og dei kan variera i storleik frå få mikrometer til 15 cm i diameter.
Symptoma vil variera etter lokalisering og storleik på tumorane. Ofte veks dei raskt, og overflata får lett sår, slik at det kan siva blodtilblanda væske frå tumorane. Sekundærinfeksjon med bakteriar sest ofte.
I klassiske tilfelle av TVT, med svulstar i kjønnsorgana, vil ein veterinær raskt kunna mistenkja TVT. Ein vevsprøve frå tumoren er nødvendig for å stadfesta diagnosen. Diagnosen kan vera vanskelegare i utypiske tilfelle, t.d. viss svulstane er lokaliserte utanfor kjønnsvegane.
Førekomst
TVT finst i store delar av verda, inkludert Sør- og Aust-Europa. I Noreg har TVT berre vorte påvist nokre få gonger, og kun hos importerte hundar. I Sverige er det registrert rundt tjue tilfelle av sjukdommen hos importerte hundar mellom 2012 og 2022.
Tiltak
Dersom ein mistenkjer TVT hos ein hund, skal Mattilsynet kontaktast og hunden blir isolert frå andre hundar inntil diagnosen av avklart. TVT er ikkje ein listeført sjukdom i Noreg, men sjukdommen er ikkje ønska og blir difor handtert strengt.
Det finst ingen vaksine mot TVT.