Skabb hos gris

Den viktigaste ektoparasitten hos gris verda over er skabbmidden Sarcoptes scabiei var. suis. Infestasjonar fører til sterk kløe og hudskade, samt redusert velferd og produktivitet hos grisen. Svinenæringa har som mål at alle norske svinebesetningar skal vera frie for skabb.

Smittestoff og smittevegar

Skabb er forårsaka av gravemidden Sarcoptes scabiei. Skabbmidden er rekna som ein enkelt art med eit stort mangfald av vertsspesifikke variantar. Den varianten som etablerer seg hos gris er Sarcoptes scabiei var. suis. Skabbmidden er ca. 0,5 mm lang og er berre så vidt synleg for det blotte auge.

Sarcoptes scabiei var. suis lever ut heile sin livssyklus som parasittar på og under grisen si hud. Parring går føre seg på hudoverflata, og hoa grev seg deretter nedover i ytre del av epidermis for så å leggja egg nedover i denne gangen. Larvene vert klekte etter 3-5 dagar, og homidden døyr i tunnelen etter 30 dagar. Skabben gjennomgår larve- og nymfestadiet i hudgangane, før den vaksne midden til slutt grev sidetunnelar som ender opp som grunne lommar i hudoverflata, der parring og starten på ein ny syklus igjen kan finna stad.

Hovudreservoaret for skabbmidd i ei besetning er infesterte purker som overfører vaksne, nyleg fertiliserte homidd ved fysisk kontakt med andre grisar i besetninga. Denne overføringa mellom grisar i besetninga er relativt treig. Skabbmidd kan i visse tilfelle også overførast via eit kontaminert miljø. Dette kan vera ein aktuell smitteveg i bingar med kontinuerleg drift, men er vanlegvis sjeldan då midden overlever maksimalt 3 dagar utanfor vertsdyret under normale forhold. Menneske som handsamar både infesterte og friske dyr kan fungera som mekaniske vektorar for skabbmidden.

Sarcoptes scabiei var. suis kan forårsaka kortvarige symptom også hos andre artar enn gris, inkludert menneske, men midden døyr då ut utan å formeira seg i løpet av 2-3 veker.

Sjukdomsteikn og diagnostikk

Skabb er assosiert med intens kløe, som er det viktigaste kliniske symptomet. Ut over dette kan skabbinfestasjon gi to ulike kliniske bilete:

  • Kronisk skabbsjukdom med hyperkeratose, oftast sett hos avlspurker
  • Hypersensitiv skabbsjukdom, oftast sett i besetningar med smågris og slaktegris

Når skabbmidden først etablerer seg på ein ny vert, vil det etter 2-11 veker oppstå intens kløe, og deretter skorpeutvikling på innsida av øyrene. Grisungar under 3-4 veker viser sjeldan symptom.

Skabbmidden skil ut enzym som bryt ned hudceller. Desse enzyma, saman med feces og egg frå midden, fører til ein allergisk hypersensitivitetsreaksjon, som oppstår i etterkant av at dei første skorpene går tilbake. Det vert utvikla erytematøse papler i huda, og det er vanskeleg å skrapa fram sjølve midden ved prøvetaking i denne fasen.

Kløe over lang tid fører til den kroniske, hyperkeratotiske varianten av skabb som ein oftare ser hos vaksne grisar. Tjukke skorper som er laust festa til underliggjande hud lokalisert til øyrene, hasene og nedover frambeina er karakteristisk. Ofte er lesjonane assosiert med eit tjukt, illeluktande eksudat. 

Påvising av karakteristiske hudforandringar saman med kløe er sterke indikasjonar på skabb, og det bør i slike tilfelle utførast målretta prøvetaking i form av skrap frå indre delar av den ytre øyregangen og frå andre hudparti med skorper. Det må prøvetas frå fleire dyr. Ved prøvetaking frå øyregangen er det viktig å gå djupt inn, men unødvendig å skrapa djupt ned i huda, då midden ofte vil finnast i sjølve voksmassen inst i øyregangen. Ved skraping frå affiserte hudparti utenom ørene er det oftest nødvendig å skrape til det så vidt blør.

Prøvematerialet kan klarast i 10% KOH før mikroskopering. Dersom midden er komen med i skrapet, er han lett å få auga på i mikroskopet. Veterinærar med tilgang til mikroskop vil derfor vanlegvis, dersom det blir påvist levande og artstypiske skabbmidd i prøvematerialet, ikkje ha behov for å senda inn prøvar til laboratorium. Dersom prøvane skal sendast, må hudskrapet plasserast i ein tett behaldar, t.d. eit blodprøveglas.

Påvising av levande midd og/eller egg i hudskrap stadfestar aktiv infestasjon. Ved skabbkontroll etter sanering skal ein vera klar over at daud midd kan påvisast i prøvar frå øyrekanalen i fleire månader etter ei vellukka skabbsanering.

Differensialdiagnostikk er viktig ved observasjon av dei første symptoma, då fleire andre hudsjukdomar kan likna på skabb. Parakeratose, eksudativ epidermitt («spedgrisseborré»), niacin/biotinmangel, dermatomykose, insektbitt, solforbrenning og fotosensitisering bør vurderast under norske forhold.

I enkelte tilfelle kan ein finna midd i hudskrap frå øyregangen som ikkje er skabbmidd. Slike funn kan tilskrivast pseudoparasittar som lever i støv eller høy.

Førekomst

Skabb er ein C-sjukdom som næringa dei seinare åra har sett inn ressursar på å redusera førekomsten av i den norske svinepopulasjonen, med gode resultat. Skabb er i dag svært sjeldan i norske svinebesetningar.

Tiltak

Ved funn av midd hos ei svinebesetning i Noreg, vil det mest aktuelle vera å sanera. Skabbsanering blir gjort på besetningsnivå ved hjelp av avermektiner i to omgangar med 14-18 dagars mellomrom.

Vanlege smitteverntiltak som alt-inn-alt-ut, inn- og utslusing og regelmessig, godt reinhald er førebyggjande mot skabb. Det viktigaste enkelttiltaket er likevel at det ikkje blir introdusert gris frå besetningar med skabb.