Raslesjuke

Raslesjuke er eit omgrep som omfattar to sjukdommar der årsaka er ulike artar av bakterien Clostridium.

Sjukdommane (miltbrannsemfysem og malignt ødem) viser seg ved kaldbrann og gassdanning i muskulatur og underhud. Skadane gir ein karakteristisk raslelyd når ein stryk over affiserte område av kroppen.

Smittestoff og smittevegar

Klostridiar (Clostridium spp.) er grampositive, sporedannande stavbakteriar som er strikt anaerobe (veks utan tilgang av oksygen). Evna til å danna sporar (overlevingsform) gjer bakteriane svært motstandsdyktige mot ytre miljøpåverknader, slik at dei kan overleva i miljøet i mange år.

Dei to sjukdomane blir ikkje overførte ved direkte smitte frå dyr til dyr.

Det er to ulike former for raslesjuke. Forma miltbrannsemfysem skuldast bakterien C. chauvoei. Bakterien kjem inn i mage/tarmsystemet via fôr ureina med jord. Frå fordøyingskanalen spreiast bakterien med blodet til mellom anna muskulaturen, der dei kan bli værande inaktive. Mekanismen for korleis bakterien kjem frå tarmen til muskulaturen er ikkje fullstendig klarlagd. Ved forhold som fremjar spiring av sporane, mellom anna vevsskade eller muskeltraume, kan bakterien aktiverast og formeire seg. Dette fører til produksjon av toksin og andre virulensfaktorar som bidreg til nekrotiserande myositt, gassdanning og raskt utviklande sjukdom. Det er i første rekkje storfe og sau som blir råka, og storfe i alderen 6 månader til 2 år er mest utsette. Risikoen for sjukdom er størst i den varme årstida då dyra går på beite.

Den andre forma blir kalla malignt ødem og er vanlegvis ein sårinfeksjon som oppstår når klostridiar blir tilførte vev gjennom sår eller annan vevsskade. Årsaka kan vera fleire ulike klostridieartar, og hos storfe er C. septicum den vanlegaste, medan C. novyi og C. perfringens og kan vere involverte. Djupe sår og vevsskadar kan gi gode vekstvilkår for klostridiar. Sjukdomen kan mellom anna oppstå etter kirurgiske inngrep, fødsel eller injeksjonar dersom bakteriar blir førte inn i vevet. Ureine forhold i samband med sår eller inngrep kan auke risikoen for infeksjon.

Sjukdomsteikn og diagnostikk

Ved miltbrannsemfysem kan ein sjå bråe dødsfall utan tidlegare sjukdomsteikn. Typiske sjukdomsteikn er akutt og uttalt haltheit saman med hevelse i lårmuskulaturen, men andre muskelgrupper kan og vere råka. Hevelsen er varm og smertefull i eit tidleg stadium, men blir etter kvart kald og kjenslelaus. Huda over det affiserte området kan bli misfarga og pergamentaktig, og det kan kjennast knitring ved palpasjon på grunn av gassdanning. Dyret sluttar ofte å ete, er tydeleg påkjent og kan ha feber og høg puls. I nokre tilfelle kan tunge- og hjartemuskulatur vera råka. Sjukdomsforløpet er svært raskt, og dyret kan døy innan få timar etter at sjukdomsteikna oppstår. Nær 100 % av dei sjuke dyra stryk med av sjukdommen.

Ved malignt ødem utviklar det seg raskt ein tydeleg hevelse i området rundt eit infisert sår eller annan vevsskade. Hevelsen kan spreie seg i underhuda til større delar av kroppen. Det kan førekomme gassdanning som gir knitring ved berøring, men gass er ikkje alltid til stades. Dyra er tydeleg påkjente, med høg feber og nedsett matlyst. Dei kan ha muskelskjelvingar og haltheit. Sjukdomsforløpet er svært raskt, og dyra kan døy innan eitt til to døgn etter at dei første sjukdomsteikna er observert.

Klostridiane si produksjon av toksin fører til omfattande vevsskade, nekrose og koldbrann i det affiserte vevet, og kan føre til alvorleg systemisk sjukdom og brå død.

Sjukdomsteikn og forløp kan vere like ved dei to formene for raslesjuke, og det er agenset som avgjer kva form sjukdomen blir klassifisert som.

Obduksjonsfunn

  • Ved miltbrannsemfysem er angripne muskelgrupper mørkeraude til svarte og oppsvulma. Snittflata verkar turr, kan sjå metallisk og skinande ut ved ferske  snitt, og luktar harskt. Blodfarga væske som kjem frå muskulaturen inneheld ofte gassbobler. I tillegg kan ein finna varierande grad av endringar i indre organ.
     
  • Ved malignt ødem er det vanlegvis koldbrann i huda over affisert område, med tydeleg hevelse i underhuda og vev som grensar til affisert område. Desse område inneheld rikeleg med gulraud væske som kan ha tynnflytande til gelatinøs konsistens. Væska inneheld ofte gassboblar.

Diagnostikk

Diagnosen blir stilt på grunnlag av kliniske teikn, obduksjonsfunn og laboratorieundersøking. Ved mistanke om miltbrannsemfysem eller malignt ødem kan affisert muskulatur eller bindevev sendast til Veterinærinstituttet for bakteriologisk undersøking.

Førekomst

Begge former er utbreidd over heile verda og kan opptre som sporadiske tilfelle eller i utbrot. Miltbrannsemfysem kan vere knytt til bestemte beiteområde der sporar av C. chauvoei finst i jorda. Utbrot kan særleg oppstå etter hendingar som endrar jordforholda, til dømes flaum eller graving. Jord er reservoar for klostridiesporar, som kan overleve i miljøet i mange år.

Malignt ødem opptrer oftast sporadisk og kan ramme fleire husdyrartar i alle aldrar, medan utbrot av miltbrannsemfysem særleg kan førekome i storfe- og sauebesetningar med kjend førekomst av sporar i miljøet.

Tiltak

Behandling av klinisk sjuke dyr ofte liten effekt. Eventuell behandling bør følgje gjeldande terapianbefalingar. Ved utbrot på beite bør andre dyr på det aktuelle beitet flyttast til eit anna beiteområde.

Miltbrannsemfysem kan førebyggjast med vaksinering. Vaksinasjon er særleg aktuelt i område med kjent førekomst av sjukdomen. Val av vaksine og vaksinasjonprotokoll bør baserast på gjeldande preparatomtale og ei vurdering av smitterisikoen i besetninga.

For å førebyggje malignt ødem bør ein redusere risikoen for sår og vevsskade og sørgje for god hygiene ved kirurgiske inngrep, injeksjonar og andre prosedyrar som kan føre bakteriar inn i vevet.