Krepsepest

Krepsepest er ein svært smittsam sjukdom der årsaka er eggsporesoppen Aphanomyces astaci.

Krepsepest er dødeleg for all ferskvasskreps (som ikkje stammar frå Nord-Amerika), inkludert vår eigen Edelkreps (Astacus astacus).

Krepsepest er listeført i Noreg (kategori F), og førekomst av eller mistanke om krepsepest skal straks rapporterast til Mattilsynet.

Smittestoff og smittevegar

Eggesporesoppen Aphanomyces astaci (Saprolegniaceae, Oomycota) lever naturleg som ein harmlaus parasitt i skalet på nordamerikansk ferskvasskreps inkludert signalkreps (Pacifastacus leniusculus). Desse har utvikla eit immunforsvar mot parasitten og kan difor vera symptomlause smitteberarar av sjukdommen. Europeisk ferskvasskreps har ikkje utvikla eit slikt immunforsvar og stryk med av A. astaci-infeksjon.

A .astaci er ein parasittisk eggsporesopp som truleg ikkje kan overleva særleg lenge utanfor verten. Soppen angrip alle artar ferskvasskreps og  er årsak til akutt sjukdom og død hos artar som ikkje stammar frå Nord-Amerika.

Smitten spreier seg lett i vassdrag, raskast nedstraums med vassmassane, men også motstraums, truleg med infisert kreps eller med fisk som kan fungera som vektor for sjukdommen.

Eggesporesoppen blir spreidd ved hjelp av zoosporar som blir danna i store mengder og skilde ut frå sjuk og daud kreps. Nordamerikansk kreps, som signalkreps, kan vera friske smitteberarar som likevel skil ut zoosporar til vatnet. Smitte kan overførast mellom vassdrag ved ulovleg flytting av kreps eller fisk, med vatn (tømming av vassbehaldarar eller liknande) eller med båtar og fiske- og fangstreiskapar som har vore brukte i smitta vassdrag.

Ein kjenner ikkje til at smitten kan gi sjukdom hos andre dyr eller menneske.

Sjukdomsteikn og diagnostikk

Infisert kreps kan visa teikn på unormal åtferd før den daudar. Den kjem ofte fram i dagslys og viser ikkje normale flukt- og forsvarsreaksjonar. Sjuk kreps er gjerne slapp og har eit uregelmessig, stolprete ganglag. Avvikande åtferd og rørslemønster kan likevel ikkje brukast som kriterium på krepsepest, då dette er uspesifikke teikn ein også kan sjå i samband med andre sjukdommar (infeksjonar).

Lokal kvitfarging av muskulaturen under det tynne bukskjoldet (cuticula) og mellom ledda på beina (peripoder), og brunlege fargeendringar i skalet (melanisering) er også beskrive.

Diagnostik

Veterinærinstituttet brukar molekylærdiagnostiske metodar  for påvising av A. astaci direkte i infisert vev, i tråd med tilrådingar frå WOAH.

Metoden som blir brukt, ein såkalla realtime PCR-metode, påviser eit DNA-sekvensmotiv (arvestoff) som all tilgjengeleg kunnskap peikar på er spesifikt for A. astaci. I prinsippet kan ned til ein cellekjerne av A. astaci i ein prøve påvisast. Molekylære metodar kan nyttast både for påvising av krepsepest hos edelkreps og for verifisering av berarstatus hos signalkreps. Metoden kan også nyttast til påvising av krepsepest frå ferskt, frose eller fiksert (etanol/formalin) materiale frå infisert kreps. Den kan også brukast til å spora smittestoffet direkte i vatn.

I dei fleste tilfelle kan diagnose stillast innan to til tre dagar etter mottak av kreps med mistanke om krepsepest.

Før molekylær diagnostikk for krepsepest var utvikla og validert måtte krepsepestdiagnosen verifiserast ved hjelp av dyrking av A. astaci. Slik dyrking var i mange tilfelle mislukka. Årsaka til dette kunne vera at materialet ikkje eigna seg for dyrking, men også at A. astaci er seintveksande, krevjande og kan lett overveksast av andre soppar som også er til stades på sjuk, døyande eller daud kreps. Dette førde til at dei færraste mistenkte utbrot av krepsepest blei verifiserte. Først i 2005 lukkast det for Veterinærinstituttet å dyrka A. astaci i reinkultur. Molekylære analysar av historisk materiale har i etterkant bekrefta at det var krepsepest som var årsak til alle mistenkte utbrot i Noreg sidan 1971.

Førekomst

Krepsepest blei første gong beskriven i Europa rundt 1860, og sjukdommen er påvist i alle europeiske land.

Dei første utbrota av krepsepest i Noreg slo ut edelkreps (Astacus astacus) i Veksa og Vranselva i perioden 1971-1974. Molekylær analyse av historisk materiale har vist at desse utbrota vart forårsaka av den første genotypen av A. astaci (genotype A/As) som kom til Europa på 1860-talet utan ein kjent nordamerikansk krepsevert.

Dei neste utbrota kom i Glomma og Haldenvassdraget i 1987 og 1989, og førde til at edelkreps over store delar av Austlandet blei utrydda. Krepsebestanden blei deretter reetablert ved utsetjing av ny kreps. Hausten 2004 blei sjukdommen på nytt påvist i Glomma ved Kongsvinger, og i juli 2005 i Haldenvassdraget. Begge vassdraga er framleis smitteerklærte. Alle utbrot i Noreg sidan 1987 skuldast genotype B/Ps 1, og smittekjelda er nordamerikansk signalkreps som blei innført til Sverige på 1960-talet.

Fram til hausten 2006 gjekk ein ut frå at Noreg, saman med Estland, var dei einaste landa i Europa som ikkje hadde sett ut smitteberande signalkreps. I oktober 2006 blei det likevel funne ein populasjon med signalkreps i Dammane landskapsvernområde ved Brevik, Porsgrunn. Denne populasjonen blei utrydda i 2008. og Dammane blei friskmeld i 2014.

Kort tid etter blei det påvist ein ny, ulovleg introdusert populasjon av signalkreps i Øymarksjøen i Haldenvassdraget, Østfold. Her er det ikkje økologisk forsvarleg å gjennomføra utrydding. Signalkreps er også påvist på norsk side av Store Le i Østfold.

Seinare er også ulovleg introdusert signalkreps påvist på Ostøya i Bærum kommune, Akershus (2009), i Skittenholvatnet i Hemne kommune, Sør-Trøndelag (2011), og i Kvesjøen i Lierne kommune, Nord-Trøndelag (2013). Av desse lokalitetane er sanering så langt utført på Ostøya.

I Rødenessjøen (oppstraums Ørje sluser i Haldenvassdraget) blei det i 2014 oppdaga ulovleg utsett signalkreps. Kort tidseinare blei det påvist krepsepest som spreidde seg opp til Skullerudsjøen i løpet av 2015, og der øvre smittesonegrense går ved Fosserdam. 

Overvaking

Overvaking av krepsepest var fram til 2015 basert på såkalla burforsøk der kreps i bur blei overvaka for raskt å kunna oppdaga om det oppstod sjukdom og død. Daud kreps blei send til Veterinærinstituttet for diagnostikk. Slike burforsøk har vore viktige for ein tidleg diagnose av krepsepest i dei områda som no er smitteerklærte.

I 2016 blei eit nytt overvakingsprogram for krepsepest sett i gang. Dette blir koordinert av Veterinærinstituttet på oppdrag frå Mattilsynet. Programmet nyttar ein ny overvakingsmetode basert på miljø DNA (eDNA), der DNA frå smittestoffet (A. astaci) blir spora direkte frå vassprøver basert på A. astaci-spesifikk real-time PCR. Ein vil likevel bruka burforsøk til kontinuerleg overvaking i risikosoner, men ikkje i kontroll- og smittesoner.

Tiltak

Krepsepest er listeført i Noreg (kategori F), og Mattilsynet vil setja i verk strenge tiltak for å hindra vidare smittespreiing når krepsepest blir påvist. Desse omfattar i første rekkje forbod mot krepsing i vassdrag som er snitteerklærte eller der det er mistanke om smitte. I tillegg vil det bli krav om tørking og/eller desinfisering av båtar, fiske- og fangstutstyr mm. som har vore nytta i slike vassdrag, før dei kan brukast andre stadar.

Informasjonsbrosjyre

Last ned brosjyre med råd og reglar for krepsing i Norge. Brosjyren er utarbeidd av Miljødirektoratet og Mattilsynet.