Klassisk svinepest

Klassisk svinepest er ein svært smittsam og alvorleg virussjukdom karakterisert av høg feber, sterkt påkjent allmenntilstand, manglande matlyst, blødingar i hud og indre organ, ustø gange og høg dødelegheit hos grisar i alle aldrar.

Klassisk svinepest er ein liste 1-sjukdom og førekomst av eller mistanke om klassisk svinepest skal straks rapporterast til Mattilsynet.

Viruset smittar ikkje til menneske eller andre artar.

Smittestoff og smittevegar

Årsaka til klassisk svinepest er eit RNA-virus som tilhøyrer genus Pestivirus. Virus er nær i slekt med bovint virusdiaré- og border disease-virus, og kan kryssreagera med desse i ein del testar. Det finst berre ein serotype av svinepestvirus, men tre genotypar med ti subtypar som har ulik evne til å framkalla sjukdom.

Viruset smittar berre til svin (inkludert villsvin) som difor er det einaste naturlege reservoaret. Viruset blir skilt ut med avføring, urin, spytt, sæd og utflod frå auger og nase, gjennom heile sjukdomsperioden. Kronisk sjuke grisar kan skilja ut virus i periodar i fleire månader. Foster som blir smitta i livmora kan vera persistente virusutskiljarar gjennom heile livet.

Viruset blir teke opp gjennom munn og svelg, men kan også takast opp over andre slimhinner og skada hud. Det blir i hovudsak spreidd ved direkte kontakt mellom grisar, og ved at grisar et slakteavfall eller mangelfullt varmebehandla matavfall frå infiserte grisar. Virus kan også spreiast med personar, klede, transportmidlar, innreiing og utstyr som har vore i kontakt med infiserte grisar.

Ikkje-varmebehandla produkt kan vera årsak til spreiing av viruset over lange avstandar. Det sama kan skje ved bruk av infisert sæd. Viruset kan truleg spreiast via luft over avstandar opp til ein kilometer, men faren for spreiing med luft er vesentleg mindre enn ved utbrot av munn- og klauvsjuke. I mange land er villsvin eit viktig reservoar for smitte til tamsvin.

Svinepestvirus er middels motstandsdyktig utanfor grisen. Det blir raskt inaktivert ved uttørking og i UV-lys. I fuktig og kaldt miljø kan det overleva i fleire veker, til dømes i grisebingar.

Viruset kan vera infektivt etter fleire månader i ikkje-varmebehandla kjøtprodukt, til dømes i salta, tørka og røykt kjøt, og etter fleire år i frosne produkt. I kjøt blir viruset inaktivert ved 65,5 °C i 30 minuttar og ved 71 °C i eitt minutt. Det held seg infektivt i 3-4 dagar i rotnande organ, og opp til 15 dagar i rotnande blod og beinmarg. Viruset blir inaktivert av dei fleste desinfeksjonsmiddel (til dømes 2 % NaOH eller 2 % Virkon S), og det blir raskt inaktivert ved pH<3 og >11.

Sjukdomsteikn og diagnostikk 

Det går til vanleg 2-14 dagar frå grisane blir smitta til sjukdommen bryt ut. Men ved infeksjon med lågvirulente stammer og hos eldre grisar kan det ta betydeleg lengre tid. Antistoff mot svinepestvirus kan påvisast etter to til tre veker. Det kliniske biletet kan variera mykje alt etter virulensen hos det aktuelle viruset, alderen til grisane, om andre smittestoff er til stades og tilhøva elles i besetningen.

Det er vanleg å skilja mellom tre former for klassisk svinepest; akutt, kronisk og medfødd.

Diagnostikk
Ved obduksjon tek ein vevsprøvar frå følgjande organ for virusisolasjon og antigenpåvising: Tonsillar, milt, bakre delen av tynntarmen (ileum), nyre, krøslymfeknute og minst ein kroppslymfeknute (til dømes retrofaryngeale).

I tillegg tek ein prøvar for histologisk undersøking frå tonsillar, milt, ileum, nyre, hjerne, krøslymfeknute, kroppslymfeknute og eventuelt andre organ med patologiske endringar. Desse skal formalinfikserast.

Ein tek ut blodprøve (EDTA) frå grisar med feber eller andre teikn på sjukdom. Her dyrkar ein for virus frå leukocyttar eller påviser virus med PCR og/eller antigen-ELISA. Ein tek ut fullblod frå grisar som enten har vist teikn på sjukdom eller som har vore i kontakt med dyr som er mistenkte for svinepest. Desse prøvane skal undersøkast for antistoff mot klassisk svinepestvirus.

Veterinærinstituttet er nasjonalt referanselaboratorium for diagnostikk av klassisk svinepest og utfører obduksjonar og virologiske undersøkingar (molekylærbiologiske (PCR) og serologi) i samsvar med WOAH og EU sitt regelverk.

Førekomst

Skandinavia, USA, Canada, Australia og New Zealand har vore frie for klassisk svinepest i mange år.

I Noreg blei svinepest diagnostisert for siste gong i 1963. Sjukdommen førekjem i mange land i Asia, Afrika og Sør- og Mellom-Amerika.

Dei siste åra har det vore spreidde utbrot av klassisk svinepest i fleire europeiske land, hovudsakeleg fordi villsvinpopulasjonen er smitta- Problema har vore spesielt store i Russland.

I 1997 var det eit svært alvorleg utbrot av svinepest i Nederland, med spreiing til Italia og Spania. Cirka 12 millionar griser vart avliva og destruerte, og utbrotet kosta Nederland over 20 milliardar kroner.

Oppdatert informasjon om førekomsten av svinepest rundt om i verda finst på WOAHS hjemmesider.

Tiltak

Klassisk svinepest er ein liste 1-sjukdom og vil bli kjempa mot i samsvar med ”Bekjempelsesplan for klassisk svinepest”.

Les meir om bekjemping av klassisk svinepest på Mattilsynets hjemmesider.

Tiltak for å unngå spreiing av smitte må setjast i verk inntil situasjonen er avklart. Ta kontakt med Veterinærinstituttet for å avtala uttak av prøver, eventuelt innsendelse av kadaver til obduksjon.