Det er beskrive meir enn 25 artar av fjørmidd (Megninia spp.) på domestiserte fjørfe, men samanlikna med Dermanyssus gallinae (raud hønsemidd) og Ornithonyssus sylviarum (Northern fowl mite) betyr fjørmidd lite i kommersiell fjørfeindustri.

Smittestoff og smittevegar
Det finst mange ulike artar av fjørmidd. Dei er morfologisk svært ulike og dei fleste er vertsspesifikke. Dei er mindre enn både lus og raud hønsemidd (0,35-0,50 mm), og det er eit tydeleg skilje mellom hann- og homidd.
Hos hønsefuglar er Megninia cubitalis og Megninia ginglymura mest vanlege.
Fjørmidd lever heile livet sitt på verten. Dei legg egg på fjørene, og både juvenile og vaksne midd lever på fjørdrakta, der dei livnærer seg av hud- og fjørerestar samt hudsekret. Fjørmidd utviklar seg i fleire stadium, frå egg til vaksen via larve- og to nymfestadium.
Smitte skjer i hovudsak ved direkte kontakt mellom fuglar, når nymfer vandrar over til ein ny vert. Ulikt raud hønsemidd finn ein sjeldan fjørmidd i miljøet utanfor verten. Overføring via menneske, utstyr eller avfall blir rekna som mindre vanleg, men kan ikkje utelukkast.
Sjukdomsteikn og diagnostikk
Fjørmidd gir ofte ingen symptom, men ved kraftige angrep kan fuglane utvikle kløe, fjørplukking, uro og hudforandringar. Dette kan igjen gje grobotn for sekundære hudinfeksjonar med bakteriar eller sopp. Hos verpehøns er det òg rapportert om nedgang i eggproduksjonen. Slike utbrot kan få både økonomiske og dyrevelferdsmessige konsekvensar.
Fjørmidd kan identifiserast ved undersøking med mikroskop. Dei viser seg som små, ljose partiklar på fjørene, og kan makroskopisk lett forvekslast med støv eller hudrestar.
Førekomst
Fjørmidd blei påvist for fyrste gong i Noreg hausten 2015, på ein sultanhane i samband med obduksjon. Hanen kom frå ein hobbyhøneflokk og var nyss innkjøpt. Dette har så langt vore det einaste funnet av fjørmidd i Noreg.
Megninia er påvist hos fjørfe i mellom anna Europa, Australia, Nord-, Mellom- og Sør-Amerika og Afrika. Fjørmidd i slekta Megninia førekjem sporadisk hos hobbyhøns i Sverige.
Det finst også publikasjonar om infeksjon med Megninia spp. hos ville fuglar som bobwhite quail (USA), hokkoer (Brasil og Trinidad), perlehøns (Nigeria) og fasanar (Nebraska), men ingen av desse artiklane peikar på at parasitten betyr noko for kommersielt fjørfehald.
Tiltak
Sjukdommen er ikkje meldepliktig i Noreg.
Megninia spp. smittar i hovudsak ved direkte kontakt mellom fuglar, og det er difor lite truleg at parasitten blir overført frå hobbyhønsehald til kommersielt fjørfehald. Fjørfehaldet i Sverige liknar på vårt, og det er ikkje rapportert om smitte til kommersielle flokkar der.
Det ser ikkje ut til at ville fuglar er eit trugsmål mot kommersielle flokkar dersom ein kan hindra direkte kontakt mellom vill og domestisert fugl. Frittgåande flokkar med verpehøns som blir haldne utadørs er utsette for å få overført sjukdommar, både frå hobbyhønsehald og frå ville fuglar.
Det er viktig å kontrollera livdyr for ektoparasittar ved kjøp og sal.
Megninia spp. er ein liten (ca. 0,5 mm lang) gråaktig kvit fjørmidd. Ein ser midden som støv/flass på fjørene. Ved å rufsa på fjørene over eit mørkt underlag vil støv som rører seg på underlaget vera teikn på infeksjon med Megninia spp.
Behandling
Alle dyr i flokken må behandlast med ektoparasittmiddel. Ta kontakt med veterinær for rettleiing om førebygging og bekjemping av parasittar hos fjørfe.
Dyrerommet må i tillegg reingjerast grundig med varmt vatn og såpe, særleg vagl og reirkassar. Før vasking må gammalt strø og reirmateriale fjernast saman med anna laust materiale og skit. Avslutt gjerne denne grovreingjeringa med støvsuging.
Etter reingjering skal huset behandlast med acaricide midlar. Huset/rommet må så stå lukka ei stund etter behandlinga før hønene blir slepte inn.