Escherichia coli-sepsis

Sepsis på grunn av infeksjon med E. coli er sjeldan her i landet. Tilstanden kan inntreffa sporadisk, rammar ofte dei yngste grisungane i 0-3-vekers alder, og blir berre ein sjeldan gong årsak til meir generaliserte besetningsproblem.

Smittestoff og smittevegar

Primær kolisepsis:

Ei spesiell gruppe med relativt heterogene E. coli-stammar kalla ExPEC er årsaka til slik primær septikemi, som nesten utelukkande kan sjåast i samband med individuelle grisungar eller heile kull som ikkje får tilstrekkeleg tilgang på råmjølk dei første timane etter fødselen.

ExPEC E. coli smittar fekalt-oralt og blir teke opp i blodet via tarmen. Alternativt kan bakteriane også få innpass via ein kontaminert navlestump eller via luftvegane. Dei aktuelle bakteriane blir deretter spreidd til eitt eller fleire organ via blodbanen.

Sekundær kolisepsis:

Grisungar som blir råka av tarminfeksjon med enterotoksigene E. coli (ETEC) kan i visse tilfelle pådra seg ein sekundær sepsis i det toksina går over i blodbanen. Dette er typisk for særskilte variantar av ETEC (serotype O149 med fimbrieantigen F4), og inntreff gjerne i tilfelle der andre predisponerande faktorar er til stades, slik som virusinfeksjonar i tarmen eller immunsuppresjon.

Sekundær kolisepsis kan også påtreffast hos purker kort tid etter grising.

Sjukdomsteikn og diagnostikk

Septikemi forsårsaka av ExPEC E. coli skil seg ikkje frå septikemi og multiorgansvikt av andre årsakar i det kliniske biletet. Ofte er akutte dødsfall det første og einaste teiknet på infeksjon.

Tidlege teikn på utvikling av septikemi er nedstemte grisar som mistar appetitten. Grisane blir etter kvart strie og ujamne i hårlaget, og tungpusta, med høg feber. Sjuke grisar ligg ofte på brystbeinet og kan vera tydeleg utspilte i magen. Blåleg misfarging (cyanose) på beina er også eit ganske vanleg funn.

Det hender at grisane blir medvitslause og får krampar, eller tek til å padla ukontrollert med beina.

I tilfelle av akutt, primær septikemi kan stuvning i tarmen, krøslymfeknutane og øvrige organ vera dei einaste lesjonane som blir oppdaga ved obduksjon. I subakutte tilfelle er det vanleg med blødningar i affiserte organ, svullen lever og milt, samt fibrintrådar/-belegg på serøse hinner, hjernehinner og ledd.

Når det gjeld sekundær septikemi forårsaka av ETEC finn ein ofte ikterus og punktvise blødningar i dei serøse hinnene på indre organ, saman med typisk diaré og dehydrering.

Ved obduksjon bør det dyrkast bakteriologisk frå indre organ som milt, lever, hjartesekk, hjernehinner og/eller ledd.

Ein sikker diagnose kan berre stillast ved funn av reinkultur med rikelege mengder E. coli av stammar som er foreinlege med utvikling av sepsis. Det blir rutinemessig utført resistensundersøking ved slike funn.

Aktuelle differensialdiagnosar:

  • Streptokokksepsis
  • Akutt raudsjuke
  • Transportsjuke (Haemophilus parasuis) hos smågris og slaktegris

Førekomst

E. coli er ein del av den normale tarmfloraen hos gris og andre dyr, og er i tillegg ein vanleg tarmpatogen bakterie på verdsbasis. Stammar som kan vera årsak til sepsis hos gris finst over heile verda, også i Noreg.

Sjukdomen er ikkje meldepliktig.

Tiltak

Når sjukdomen først bryt ut hos eit individ, er det stort sett for seint å behandla. Det kan då vera aktuelt å behandla resten av kullet med antibakterielle middel, der førstevalet er sulfa/trimetoprim i minst tre dagar.

Av førebyggjande tiltak er tilgang på rikeleg med råmjølk frå fødsel heilt sentralt. Det må sikrast at kvar enkelt grisunge i eit kull får dia etter fødsel, og at purka produserer og gir ned tilstrekkeleg med råmjølk.

I tillegg er optimalisering av miljøet, helst i form av utvask og tomtid mellom innsett, god dagleg hygiene i fødebingane, jerntilskot til alle nyfødde grisungar og optimal temperatur viktige tiltak. Det er også muleg å vaksinera avlspurkene, slik at passiv immunitet blir overført til kullet, men dette blir sjeldan vurdert.