Cryptosporidium og kryptosporidiose

Eincella parasittar i slekta Cryptosporidium kan gi diaré hos dyr og menneske.

Kryptosporidiar kan spreiast direkte mellom menneske og dyr, via miljø, fôr og vasskjelder som er ureina med gjødsel eller kloakk.  Enkelte kryptosporidieartar frå dyr kan vera årsak til sjukdom hos menneske. Den viktigaste av desse er Cryptosporidium parvum.

Smittestoff og smittevegar

Det finst fleire ulike artar. C. parvum kan finnast både hos dyr og menneske, medan mange kryptosporidieartar er knytte til bestemte vertsartar. C. hominis er ein viktig art hos menneske.

Parasittane blir skilde ut i avføring som smittsame oocyster. Dei er hardføre og kan overleva i fleire månader i miljøet. Oocystene er motstandsdyktige mot klorbehandling, men kan inaktiverast ved mellom anna koking, UV- og ozonbehandling av vatn. Uttørking reduserer overlevinga, medan oocystene kan overleva frysing. Dei kan ikkje oppformeira seg utanfor tarmen (slik som i vatn eller miljøet).

Sjukdomsteikn

Hos dyr er kryptosporidiane først og fremst årsak til diaré hos heilt unge dyr. Hos kalv er klinisk sjukdom vanlegast typisk frå 1. til 4. leveveke. Hos lam og kje kan sjukdom også oppstå i dei første levevekene. Eldre dyr kan bli infisert av kryptosporidier, men utviklar sjeldan klinisk sjukdom. 

Kryptosporidiar forårsakar ofte lysgul, vassaktig diaré med varierande grad av feber og svekka allmenntilstand.

Diagnostikk

Cryptosporidium kan påvisast i avføringsprøver. Ved enkeltståande tilfelle av diaré hos kalv er det vanlegvis ikkje nødvendig å undersøkje for årsaka, då behandlinga i hovudsak er støttebehandling. Ved gjentekne tilfelle eller diaréproblem i ein besetning kan laboratorieundersøking vere aktuelt for å identifisere smittestoff og leggje grunnlag for førebyggjande tiltak. Ved besetningsproblem hos kalvar kan avføringsprøver frå fleire dyr undersøkast for C. parvum og andre årsaker til kalvediaré ved bruk av «Diarépakke kalv». Cryptosporidium sp. kan også påvisast ved immunofluorescensfarging (IFAT) og mikroskopi.

Kryptosporidiose hos menneske

Menneske kan smittast gjennom ureina vatn og matvarer, ved kontakt med smitta dyr, særleg speddyr, og ved smitte frå andre menneske. C. parvum er den viktigaste kryptosporidiearten som kan smitte frå dyr til menneske. Personar med svekka immunforsvar kan få alvorleg og langvarig sjukdom. 

Les meir om kryptosporidiose hos menneske hos Folkehelseinstituttet

Førekomst

C. parvum finst hos mange dyreartar og hos menneske over heile verda, og er en vanlig årsak til diaré hos spedkalv i Noreg. I 2025 blei C. parvum påvist i 44 % (37 av 85) av dei undersøkte storfebesetningane i samband med undersøking av diaré hos spedkalv. Parasitten kan og finnast i overflatevatn som er ureina med avføring frå dyr eller menneske.

Tiltak

Ved problem med kryptosporidiose i ein besetning bør ein arbeide for å redusere smittepresset og hindre fekal forureining av miljø, fôr og drikkevatn. Føde- og oppstallingsboksar bør haldast reine og tørre, og dyr med diaré bør haldast skilde frå friske dyr. Ved vedvarande problem kan alt-inn-alt-ut med grundig reinhald og tørking mellom innsett vere aktuelt. God hygiene ved fôring og stell er viktig. Tilstrekkeleg inntak av råmjølk og god ernæring bidreg til å styrkje motstandskrafta hos unge dyr.

Ved gjentekne tilfelle eller diaréproblem i ein besetning bør ein undersøkje fleire dyr for å identifisere aktuelle smittestoff og målrette dei førebyggjande tiltaka.

Med tanke på det zoonotiske potensialet er god handhygiene viktig ved handtering av speddyr, særleg speddyr med diaré. Personar med svekka immunforsvar bør vere særleg varsame ved kontakt med smitta dyr.