Circovirusinfeksjon hos svin
Porcine circovirus forårsakar fleire ulike sjukdomstilstandar hos gris. Fire typar av porcint circovirus, Porcint circovirus (PCV) 1, 2, 3 og 4 er til no skildra i litteraturen. Det er PCV2 som er best dokumentert knytt til sjukdomstilstandar hos svin. Sjukdom forårsaka av PCV2 vart diagnostisert i Noreg for første gong i 2003, men viruset er rekna for å vera ubikvitært.
Porcine circovirus smittar etter det ein veit i dag ikkje til andre dyreartar enn svin, og heller ikkje til menneske.
Smittestoff og smittevegar
Porcine circovirus høyrer til i familien Circoviridae. PCV1 er rekna som apatogen, medan PCV2, 3 og 4 i ulik grad er lenka til sjukdomsutvikling. Det er PCV2 som er best studert i relasjon til sjukdom, men dei siste åra har ein i aukande grad også sett på PCV3 som sjølvstendig eller medverkande faktor i PCV2-liknande sjukdomsutbrot. PCV4 er nyleg oppdaga, og ein kjenner lite til den kliniske relevansen.
PCV2 har to dominerande genotypar; PCV2a og PCV2b. Begge genotypane er patogene, men i mange land inkludert Noreg og Sverige har genotype PCV2b vore årsak til dei fleste sjukdomstilfella.
Porcine circovirus smittar ved direkte kontakt mellom grisar, og primært ved opptak av virus via munn eller nase (oronasalt). Virus finst på naseslimhinna og i tonsillar, bronkiar, spytt, avføring, urin, mjølk og sæd. Det blir oppformeira i makrofagar, endotel- og epitelceller. Virusmengda er størst i lymfoid vev.
PCV2 kan smitta frå purke til foster over placenta, og viruset blir oppformeira i fostera sin hjartemuskulatur, i leverceller og i makrofagar. Truleg er mengda PCV2 i sæd ikkje tilstrekkeleg til å smitta purka.
Virus kan bli spreidd med ulike vehiklar, som reiskapar, støvlar, klede og bilar som er ureina med infisert møk, urin eller slim. Fuglar og gnagarar kan truleg også spreia viruset mekanisk.
Circovirus er motstandsdyktige mot uttørking, relativt varmestabile og toler pH ned mot 3. Dei kan halda på smitteevna i lang tid utanfor grisen.
Sjukdomsteikn og diagnostikk
PCV2 kan forårsaka mange ulike sjukdomstilstandar hos gris. I tillegg er subklinisk infeksjon, eventuelt med noko reduksjon i vektauke, kjent. Vidare følgjer eit oversyn over sjukdomsteikn og lesjonar relatert til dei ulike sjukdomsformene.
PCV2 systemisk sjukdom (PCV2-SD), tidlegare kalla Postweaning multisystemic wasting syndrome (PMWS):
Sjukdomsbiletet ved PCV2-SD er lite spesifikt og varierer sterkt frå dyr til dyr og mellom besetningar. Sjukdommen råkar avvennings- og slaktegrisar i alderen 5-16 veker. Grisane blir utrivelege, misser matlysta, veks dårleg, blir raskt tynne og langbusta med innsokne flankar.
Dei blir etter kvart anemiske, og enkelte blir gult misfarga i huda. I enkelte besetningar vil sjukdomsbiletet vera dominert av luftvegssymptom med hoste, mens det i andre besetningar vil vera prega av diaré. Kroppslymfeknutane er ofte tydeleg forstørra. Sjukdommen kan råka 5-50 % av grisane i aktuelle aldersgrupper, og opptil 20 % av dei sjuke grisane daudar, ofte på grunn av allmenn veikskap og sekundær infeksjon med andre bakteriar og virus. I Noreg daudar mindre enn 10 %.
Obduksjonsbiletet ved PCV-SD kan vera uspesifikt, og varierer etter kva organsystem som er råka. Dei mest karakteristiske funna er store lymfeknutar som ved histologi viser svinn av lymfoide folliklar og infiltrasjon med store, histiocytære celler og kjempeceller. Av og til kan ein sjå inklusjonslekamar. Tymus er til vanleg liten og atrofisk. Lungene kan vera store, ståande og ødematøse. Histologisk kan ein sjå interstitiell betennelse. Levra kan vera anten forstørra eller liten, lys og fastare enn normalt. I nyreborken kan ein gjerne sjå talrike, små lyse parti.
Tilstandar som kan visa eit liknande sjukdomsbilete er svolt, manglar ved fôret, vassmangel, magesår, koli-infeksjonar, tarmadematose, lungebetennelse og generelt kroniske infeksjonar.
PDNS gir karakteristiske, uregelmessige fiolette flekkar og hevelsar i huda, særleg på bakparten. Dei affiserte områda blir etter kvart belagde med mørke skorper. Sjuke grisar blir anorektiske og nedstemte, og kan få feber. I alvorlege, akutte tilfelle døyr grisen av nyresvikt få dagar etter at sjukdomen bryt ut. PDNS råkar oftast ein enkelt eller få grisar, og kan råka ulike aldersgrupper frå spedgris til vaksne individ. Mest alvorleg er sjukdomen hos gris over tre månader, der mortaliteten kan vera opp mot 100%. Oftast ser ein tilfelle av PDNS i besetningar der PCV2-SD tidlegare er blitt påvist. Berre få tilfelle av PDNS er blitt påvist her i landet.
I tillegg til blødingar og nekrosar i huda kan ein ved obduksjon finna svulne nyrer med raude, blodrike punkt i borken og ødem i nyrebekkenet. Ved histologisk undersøking kan ein sjå betennelse i karveggar og bløding i huda. I nyrene finst betennelse både i glomeruli og i interstitiet. Milten kan ha infarkt. Internasjonalt er klassisk og afrikansk svinepest viktige differensialdiagnosar til PDNS.
PCV2 er blitt assosiert med abortar sist i fostertida, men det mest karakteristiske ser ut til å vera auke i talet på mumifiserte, daudfødde og svaktfødde grisungar.
Eit karakteristisk funn ved obduksjon av foster som har døydd på grunn av PCV2-infeksjon er forstørra hjarte med lyse område i hjartemuskulaturen, og eventuelt stuving i levra. Ved histologisk undersøking av hjartemuskulaturen kan ein sjå betennelse og bindevevsinnvekst. Ein viktig differensialdiagnose til PCV2-RD er reproduksjonsproblem årsaka av parvovirusinfeksjon.
Ved mistanke om PCV2-infeksjon er det viktig å obdusera tilstrekkeleg mange grisar (tre til fem) sidan obduksjonsfunna kan variera mykje frå gris til gris. Ved obduksjon i felten bør ein ta kontakt med Veterinærinstituttet for å avtala innsending av relevant materiale til vidare diagnostikk. Milt og lymfeknutar er generelt veleigna for undersøking med omsyn til PCV2.
Andre aktuelle organ er lunger, nyrer, lever og bakre del av tynntarmen (ileum), avhengig av obduksjonsfunna.
Ved alle sjukdomstilstandane relatert til PCV2 kan sikker diagnose til vanleg stillast ved immunhistokjemisk påvising av PCV2 i organ med karakteristiske patologiske endringar. Det finst også PCR-metodar for påvising av virus, men positive PCR-svar må tolkast med varsemd, særleg ved fråver av lesjonar, sidan viruset er ubikvitært.
Porcint circovirus 3 (PCV3) er eit nyleg identifisert patogen i svinepopulasjonar. Det vert rekna som ubikvitært og er ofte knytt til subkliniske infeksjonar gjennom ulike stadium i produksjonen. PCV3 har vorte sett i samanheng med reproduktive og postnatale sjukdomar som samla vert kalla PCV3-assosierte sjukdomar (PCV3-AD).
Histopatologisk vert PCV3-AD primært definert av systemisk ikkje-suppurativ periarteritt og arteritt som vert observert i fleire vev, særleg i hjartet, det mesenteriale arterielle pleksus og nyrene.
Diagnostisering av PCV3-AD byggjer på ein kombinasjon av karakteristiske kliniske teikn, samsvarande histopatologiske funn og påvising av viruset i lesjonar in situ.
Førekomst
PCV2 finst utbreidd hos gris i heile verda. Viruset smittar ikkje til menneske eller andre dyreartar enn gris.
Sjukdom oppstår hyppigast i buskapar der grisane i tillegg til infeksjon med PCV2 blir utsett for stress som svekkar immunsystemet.
Tiltak
Det finst ingen spesifikk behandling for infeksjon med PCV2, men det finst gode vaksinar.
I det førebyggande arbeidet legg ein vekt på tiltak for å redusera grisane sitt stressnivå, minska smittepresset og betra dei hygieniske tilhøva i buskapen. Viktige stressfaktorar er lite råmjølk, tidleg avvenning, mykje flytting og blanding av grisar med ulik alder, stor dyretettheit, kontinuerleg produksjon, dårleg klima og andre infeksjonar.