Bovin virusdiaré (BVD)

BVD er ein virussjukdom hos drøvtyggarar, i hovudsak storfe. Ein reknar Noreg for å vera fritt for BVD. 

Noreg blir rekna som fri for virussjukdommen BVD.  Foto: Anne Mette Kirkemo
Noreg blir rekna som fri for virussjukdommen BVD. Foto: Anne Mette Kirkemo

I 1994 var det nesten 3000 besetningar med BVD i Noreg, men etter eit vellukka bekjempingsprogram blir Noreg rekna som fritt for virussjukdomen BVD. Siste påvising var i 2005. 

BVD er ein liste 2-sjukdom, og førekomst av eller mistanke om sjukdommen skal straks rapporterast til Mattilsynet.

Smittestoff og smittevegar

Årsaka til BVD er eit bovint virusdiarévirus (BVDV) som tilhøyrar genus pestivirus.

Sjukdomen blir oftast spreidd ved nærkontakt mellom dyr, spesielt frå persistent infiserte dyr som skil ut store mengder virus. Smitte kan også overførast indirekte via ureina utstyr og biologisk materiale, mellom anna sæd.

Dersom eit foster blir infisert mellom om lag første og fjerde månad av drektigheita, kan kalven bli persistent infisert. Slike dyr er infiserte resten av livet og kan sjå friske ut, men er ei viktig smittekjelde for andre dyr. Nokre av desse kalvane vil veksa opp og føda nye persistent infiserte kalvar og vil dermed føre smitten vidare til neste generasjon.

Sjukdomsteikn

Dei fleste infeksjonar hos vaksne dyr gir ingen eller milde sjukdomsteikn. Ved akutt infeksjon kan dyra få feber, nedsett appetitt, redusert mjølkeproduksjon og diaré. BVD kan også føre til immunsuppresjon og gjere dyra meir mottakelege for andre infeksjonar.

Den viktigaste kliniske betydninga av BVD-infeksjon er knytt til infeksjon hos fosteret. Infeksjon tidleg i drektigheita kan føre til abort eller til at kalven blir persistent infisert. Seinare i drektigheita kan infeksjon føre til abort, svakfødde kalvar eller medfødde misdanningar.

Persistent infiserte kalvar kan sjå friske ut eller ha uspesifikke sjukdomsteikn. Nokre utviklar seinare mucosal disease, ein alvorleg sjukdomsform som kan gi feber, kraftig diaré og sår og erosjonar i slimhinnene, og som vanlegvis fører til død. I sjeldne tilfelle kan infeksjonen gi eit hemoragisk syndrom med blødingar som følgje av redusert tal blodplater.

Diagnostikk

Viruset kan påvisast ved PCR eller ved påvising av virusantigen. Antistoff mot BVD kan påvisast med ELISA i blod eller mjølk og blir brukt i overvakinga av BVD i Noreg. Eit positivt antistoffresultat viser at dyret har vore eksponert for viruset, men kan ikkje brukast til å identifisere persistent infiserte dyr. Disse dyra er som regel antistoff-negative, men skil ut virus kontinuerleg. Ved mistanke om eit PI-dyr er påvising av virus eller virusets antigen derfor nødvendig.

Førekomst

Alle de nordiske landene har gjennomført systematisk arbeid for å bli kvitt BVD-viruset. Ein reknar Noreg for å vera fritt for BVD. Danmark, Sverige og Finland har offisiell fristatus for BVD frå EU.

BVD er framleis eit stort problem i mange land over heile verda.

Overvaking

Eit program for å utrydde BVD blei starta i 1992, og talet på buskapar med offentlege restriksjonar fall frå 2950 i 1994 til 0 i 2006. Sidan 2007 har målet for programmet vore overvaking og kontroll, og ein reknar Noreg for å vere fritt for BVD. Overvakinga baserer seg på antistoffundersøkingar av tankmjølk frå mjølkekubesetningar og blodprøver frå storfe i kjøtfebesetningar. Sidan 2005 har alle prøvene vore negative for antistoff mot BVD.

Gå til overvakingsprogram

Tiltak

BVD er ein liste 2-sjukdom som ikkje let seg behandla. Den einaste måten å bli kvitt sjukdomen i ein populasjon er å finna persistent infiserte dyr som skil ut virus, og fjerne desse dyra frå buskapen.

Utryddingsprogrammet som starta i 1992, var eit samarbeid mellom meieri-, kjøtbransjen, Geno, Statens dyrehelsetilsyn (no Mattilsynet) og Veterinærinstituttet.

Populasjonen blir nå overvaka for å dokumentere at Noreg framleis er fritt for BVD og for å oppdage eventuelle nye tilfelle tidleg. Dersom sjukdom blir påvist, blir buskapen bandlagt og det blir innført restriksjonar på drifta.

Kontaktpersonar

Lise Marie Ånestad

Lise Marie Ånestad

Fagansvarlig storfe
Siv Meling

Siv Meling

Fagansvar biosikkerhet og forebyggende helsearbeid hos produksjonsdyr
Alle ansatte

Aktuelle dyr

Aktuelle fagområder