Aviær klamydiose 

Aviær klamydiose (også kalla psittakose, papegøyesjuke eller ornithose) er ein zoonose, det vil seie ein sjukdom som kan overførast frå dyr til menneske.

Aviær klamydiose er ein liste 2-sjukdom, og førekomst eller mistanke om aviær klamydiose skal straks rapporterast til Mattilsynet.

Smittestoff og smittevegar

Årsaka til aviær klamydiose er bakterien Chlamydia psittaci. Svært mange av selskapsfuglane i verda er berarar av sjukdomen.

Ein smitta fugl kan skilje ut bakteriar før fuglen sjølv viser klinisk teikn på sjukdom. Infiserte fuglar skil ut smittestoff i avføring, urin, spytt og eksudat frå auger og luftvegar. Bakteriar i små vassdropar (aerosol), støv og anna organisk materiale er smittekjelder. Fuglar støvar mykje, og mikroben kan spreiast mellom fuglane sjølv om dei er plasserte med god avstand frå kvarandre.

Sjukdomsteikn og diagnostikk

Symptoma hjå fugl er ofte lite tydelege med lett diare, nedsett matlyst og milde symptom frå respirasjonssystemet. Dei kan i nokre tilfelle også være tydelege med alvorleg sjukdom i luftvegane, hjartesekk, lever, bukhinna og milten. I eit utbrot i ein flokk, kan ein ha alle former representerte samstundes.

Sjukdomsutviklinga avheng mellom anna av smitteveg, fugleart, alder og kondisjonen til individet, og kor aggressiv den aktuelle bakteriestammen er. Stress ved flytting eller fanging kan utløyse sjukdom.

Inkubasjonstida kan variere frå nokre dagar til fleire månader og opptil år, men forventa inkubasjonstid er 5-20 dagar.

Diagnostikk

Ein kan ikkje stille diagnosen berre ut frå dei kliniske symptoma, fordi fleire sjukdommar kan gje liknande sjukdomsteikn. Endeleg diagnose blir stilt ved påvising av typiske endringar i vev frå daude fuglar, og ved å påvise bakterien i vevs- eller svaberprøver frå dyret.

Førekomst

Infeksjon med C. psittaci kan gi sjukdom hjå mange ulike fugleartar, som villfugl, fjørfe og selskapsfugl. Også pattedyr kan smittast, mellom anna småfe, storfe, gris og katt. Mennesker kan og bli smitta. Aviær klamydiose har ei global utbreiing.

Svært mange av selskapsfuglane i verda er berarar av C. psittaci, men me veit ikkje kor utbreidd dette smittestoffet er her i landet. Det blir oftast registrert nokre få tilfelle i året av aviær klamydiose i Noreg.

Villfugl fungerer som eit reservoar for smittestoffet, og fuglar kan bere smitten utan å vise teikn på klinisk sjukdom.

Tiltak

Aviær klamydiose er ein liste 2-sjukdom. Etter eit utbrot er det viktig å vaske og desinfisere hus og bur der sjukdommen har vore påvist.

Bakterien er følsam for antibiotika og sjuke dyr kan behandlast. Bakteriane er relativt resistente mot uttørking.