Afrikansk svinepest

Afrikansk svinepest er ein svært alvorleg smittsam virussjukdom hos gris. Sjukdommen er ikkje registrert i Nord-Europa.

Sjukdommen viser seg med høg feber, sterkt påkjent allmenntilstand, raud misfarging og blødingar i huda. Storparten av sjuke dyr døyr. Sjukdommen kan ikkje skiljast frå klassisk svinepest utan ved bruk av laboratorietestar.

Afrikansk svinepest er ein A-sjukdom, og førekomst av eller mistanke om denne sjukdommen skal straks rapporterast til Mattilsynet.  

Smittestoff og smittevegar

Årsaka til afrikansk svinepest er eit DNA-virus. Dette er det einaste viruset i genus Asfivirus. Det finst berre ein serotype, men meir enn 20 genotypar, og mange subtypar med sterkt varierande evne til å gi sjukdom.

Viruset smittar berre dyr av svinefamilien (Suidae). Tamsvin og europeisk villsvin er svært mottakelege for infeksjonen, og dødsraten er høg. Afrikanske villsvin (vortesvin og busksvin) er mottakelege for smitte, men utviklar ikkje sjukdom. I Afrika er vortesvin eit viktig reservoar for smitte til tamsvin.

Infiserte grisar kan skilja ut virus i 1-2 dagar før dei viser teikn på sjukdom. I den akutte sjukdomsfasen er nivået av virus i blod og vev høgt, og store mengder virus blir skilde ut i sekret og ekskret. Utskiljinga av virus stoppar etter 30 dagar hos individ som overlever den akutte sjukdomsfasen, men virus kan påvisast vesentleg lengre i lymfeknutar. Grisar som overlever infeksjonen held fram med å vera infiserte med virus.

Midd frå genus Ornithodoros kan vera infiserte ved viruset i årevis. I visse område, særleg i Afrika, er dei eit viktig reservoar for viruset, og overfører viruset til mottakelege dyr. Ein reknar ikkje med at han spelar nokon rolle for spreiing over lange avstandar. Denne midden førekjem truleg ikkje i nordlige deler av Europa.

Fôring med infisert matavfall er den viktigaste årsaka til spreiing av smitten til nye kontinent og nye land, slik ein har sett det i Kaukasus og andre område i Russland. Virus kan også spreiast over lange avstandar gjennom handel med infiserte grisar og sæd, og ved infiserte dyretransportar, klede og utstyr. Lokalt er kontakt mellom grisar ei viktig årsak til smittespreiing. Spreiing via luft kan truleg berre skje over korte avstandar. Sprøytespissar, fluger og andre insekt kan vera mekaniske vektorar.

Virus er svært motstandsdyktig med omsyn til temperatur- og pH-svingingar (tåler pH frå 4-13) i proteinhaldig materiale °.Det er vist at viruset kan vera smittefarleg etter 18 månader i serum ved 4° C, etter ein månad i blod ved 37° C og etter 11 dagar i avføring ved romtemperatur. I fryst blod og frosne organ, inkludert kjøtt, er viruset smittefarleg i fleire år.

Viruset kan vera infektivt etter 300 dagar i salta og tørka kjøt (spekemat). Det er rapportert at viruset kan inaktiverast ved oppvarming til 60° C i 30 minuttar. Andre rapportar peikar på oppvarming til 70° C i 30 minuttar. Aktuelle desinfeksjonsmiddel er mellom anna 2% NaOH (30 min) eller 2% Virkon S (30 min).

Sjukdomsteikn og diagnostikk

Det er ikkje mogleg å skilje mellom afrikansk og klassisk svinepest på grunnlag av kliniske funn. Inkubasjonstida for afrikansk svinepest er frå 1 til 15 døger. Sjukdommen er ofte akutt og dei fleste smitta  dyr stryk med (opptil 100 %). Dei vanlegaste sjukdomsteikna er høg feber (over 40° C), ingen matlyst, raudflamma hud med blødingar, rask overflatisk pust, og flod frå nase og auger. Ein kan sjå oppkast og diaré (eventuelt blodig), og enkelte grisar kan ha periodar med forstoppelse.. Dei fleste smitta dyra stryk med i løpet av 2-10 dagar.

Ved infeksjon med mindre virulente variantar av viruset kan sjukdommen vara i fleire dagar. Desse dyra får varierande feber, luftvegssymptom, inkludert hoste, diaré og leddsmerter. Nokre grisar døyr an hjartesvikt. Dyr som lever i lengre tid magrar av, blir halte og får skorper og sår i huda over utsette stader. 20-80 % av dyra kan stryka med, avhengig av viruset sin virulens, alderen til dyret og dyra sin mottakelegheit.

Ein finn lite spesifikke endringar ved obduksjon av grisar som døyr raskt.. Etter lengre tids sjukdom kan ein finna hudendringar som raud misfarging og bløding i huda over beina og buken. Ein kan også finna raud misfarging og bløding i slimhinner, serøse hinner og i indre organ, som til dømes nyrer. Lungene er store og væskefylte. Milten er ofte sterkt forstørra. Lymfeknutane er store og blodige, og det kan vera blodig væske rundt nyrer og i hjartesekken.

Det mest karakteristiske histologiske funnet ved afrikansk svinepest er blødingar og massivt bortfall av lymfeknutevev. Ein kan også sjå skader i veggen i blodkar og betennelse i lunger, nyrer, lever og hjernehinner.

Differensialdiagnosar
Dei viktigaste differensialdiagnosane blant sjukdommar som finst hos gris i Noreg er «postweaning multisystemic wasting syndrome» (PMWS) «porcine dermatitis and nephropathy syndrome» (PDNS), trombocytopenisk purpura (spedgrisar) septikemiske bakterieinfeksjonar (raudsjuke, streptokokkinfeksjonar (spedgrisar, Salmonellose, Glässers sjukdom, ødemsjuke og forgiftingar (rottegift).

Viktige differensialdiagnosar på sjukdommar som ikkje finst i Noreg er klassisk svinepest, Aujeszkys sjukdom og «porcine reproductive and respiratory syndrome» (PRRS).

Diagnostikk
Veterinærinstituttet er nasjonalt referanselaboratorium for diagnostikk av afrikansk svinepest, og utfører obduksjonar og virologiske undersøkingar (molekylærbiologiske (PCR) og serologi) i høve til OIE og EU sitt regelverk.

Førekomst

Sjukdommen har vore kjent i det sørlege og austlege Afrika sidan tidleg på 1900-talet. Ved fleire høve er sjukdommen blitt spreidd til andre land i Afrika, Sør-Amerika og Europa (Portugal, Spania, Frankrike, Malta, Belgia og Nederland).

Med unntak av øya Sardinia i Italia (der sjukdommen har vore endemisk sidan 1978) er smitten utrydda i Sør-Europa. I 2007 blei det rapportert om smitte til Georgia med vidare spreiing til Armenia, Aserbajdsjan og Russland. I Russland spreidde infeksjonen seg raskt over lange avstandar, truleg med infiserte dyr og matvarer. Sjukdommen spreidde seg vidare med rapporter frå Ukraina i 2012 og Hviterussland i 2013. Dei første rapporteringane frå EU kom i januar og februar 2014 frå høvesvis Litauen og Polen. I 2014 blei afrikansk svinepest og rapportert frå dei andre Baltiske landa. I desse landa er sjukdommen rapportert regelmessig frå både villsvin og tamsvin i perioden etter 2014. I 2017 blei sjukdommen rapportert frå villsvin Tsjekkia, då mellom 400-500 km unna tidligare rapporterte tilfelle. Same år rapporterte Romania om tilfelle på tamsvin. I løpet av 2018 har spreiinga fortsatt, med påvisingar frå villsvin i Ungarn og Belgia, tamsvin i Bulgaria og frå tamsvin og villsvin i Kina.

Oppdatert informasjon om førekomst av afrikansk svinepest rundt om i verda kan finnast i OIE sin database.

Tiltak

Afrikansk svinepest er ein A-sjukdom. Tiltak må setjast i verk for å unngå spreiing av smitte til stoda er avklart. Ta kontakt med Veterinærinstituttet for å avtala uttak av prøver, eventuelt innsending av kadaver til obduksjon.

Afrikansk svinepest vil bli bekjempa i høve til «Bekjempelsesplan for afrikansk svinepest».

Det er ingen effektiv vaksine mot afrikansk svinepest. Les meir om kamp mot afrikansk svinepest på Mattilsynet sine heimesider

Aktuelle dyr

Aktuelle fagområder