Kartlegging av smittestatus av Gyrodactylus salaris i Ranelva

Programmet kartla smittestatus av Gyrodactylus salaris i Ranelva i perioden 2014-2017. 

2017

Denne rapporten presenterer Mattilsynet sitt overvakingsprogram for Gyrodactylus salaris i Ranelva etter at parasitten vart funne i august 2014. Målet har vore å kartlegge kvar den patogene parasitten G. salaris var til stedes samt opphavet til smitta.

Etter epidemiologisk kartlegging i 2014 vart det ikkje funne G. salaris i andre elver i den gamle smitteregionen. Dei andre elvene som vart undersøkt var Røssåga, Bjerka, Bardalselva,  Sannaelva/Busteråga og Slettenelva. Utgreiinga vart difor fokusert på nedbørsfeltet til Ranelva,  g i dei områdene som utmerka seg med parasittintensitet og -prevalens.

I perioda 2014 - 2017 har til saman 2834 røyer (Salvelinus alpinus) og 579 laks (Salmo salar) frå 15 lokalitetar innanfor Ranelva sitt nedbørsfelt og frå seks elver innanfor den gamle  mitteregionen vorte undersøkt. Opphavet til resmitta vart ikkje funne.

Last ned rapporten