Webinar om helse og velferd hos gris

Veterinærinstituttets nasjonale kompetansesenter for produksjonsdyr ønskjer velkomen til kurs om helse og velferd hos gris. Kurset rettar seg mot veterinærar i praksis, forvalting og næring, men er ope for alle interesserte.

{{GALLERY1}}

Kurset er delt i to, der me tysdag 16. april vil ha hovudfokus på velferd og onsdag 17. april konsentrera oss om helse.Webinaret finn stad kl. 11.30 til 15.00 begge dagar.

Me har vore så heldige å få med oss Inger Lise Andersen, professor i etologi frå NMBU, som skal snakka om aktuelle velferdsutfordringar hos gris. I tillegg byr me som vanleg på ei rekkje dyktige fagfolk og interessante presentasjonar både på helse- og velferdstematikken. Me gler oss til å tilby eit webinar med grisen i fokus, og som knyt saman praktisk sjukdomslære, diagnostikk og aktuell forsking på svinehelse- og velferd.

Kurset blir teke opp og vil bli lagt ut her på nettsidene våre for dei som ikkje får det med seg live, eller ønskjer ein repetisjon.

Påmeldingen er nå stengt.

Du vil få ein e-post som stadfestar påmeldinga, og når kurset nærmar seg sender me ut lenke for deltaking til alle påmelde.

 

Hvor
Digitalt
Når
16. april 2024 kl. 11.30 - 17. april 2024 kl. 15.00