Veterinærinstituttet arrangerer workshop i Brussel om hylletid av mat
-Hylletida til matvarer må vera kort nok til å hindre sjukdom og lang nok til at maten kan seljast med så lite svinn som mogeleg. Det er matprodusentane som har ansvar for å bestemme hylletida på eigne varer. Avveging av omsyn til mattryggleik, kvalitet og logistikk er komplisert, seier forsker Taran Skjerdal, som skal holde fleire foredrag i Brussel, og viser til den stadig pågåande debatten om «haldbar til» og «best før» merking av matvarer.
- Vi trur det er noko å vinne på å sjå grundigare på sikkerheitsmarginane som bevisst eller ubevisst blir brukt når hylletida blir bestemt. Veterinærinstituttet har arbeidd på området i mange år og mellom anna vore med å utvikle internasjonale retningslinjer for korleis hylletida kan bereknast ut frå eit mattryggleikperspektiv. Vi har dessutan utvikla dataverktøy for avveging av fleire omsyn, analysemetoder, gjort risikovurderingar og studert vekst av bakteria Listeria monocytogenes i spesifikke matprodukt. Vi samlar no essensen av dette i ein workshop for at matindustri og laboratorier skal kunne dra nytte av arbeidet. Workshopen er lagt til Brussel fordi lovgjevinga på området er den same i heile Europa og fordi temaet er like aktuelt i alle land, seier Skjerdal.
Workshopen er retta mot kvalitetsleiarar og produktutviklarar i matbransjen, laboratorier og matmyndigheiter. Medarrangørar er Mariem Ellouze i Nestlé, som vil dele sine erfaringar på området og gje innblikk i matematiske modellar, og Annie Beaufort, som leia utviklinga av dei internasjonale retningslinjene på området.
- Det er andre gong vi arrangerer workshopen, den første var fullteikna og hadde deltakarar frå fem land, avsluttar Skjerlaug.
- Hvor
- Norwegian Research Council, Rue du Trône 98, 1050 Brussels, Belgium
- Når
- 19. april 2017 kl. 09.30 - 20. april 2017 kl. 16.00