Q-feber

Q-feber skuldast bakterien Coxiella burnetii. Q-feber råkar drøvtyggjarar, men også menneske og kjæledyr som katt, kanin og fuglar kan bli sjuke.

Termen Q-feber kjem frå engelsk og står for «query fever» som tyder ein sær og ukjend feber. Dette namnet fekk sjukdommen før ein kjende til årsaka. Q-feber er ein liste 2-sjukdom

Smittestoff og smittevegar

Årsaka til Q-feber er bakterien Coxiella burnetii. Drøvtyggjarar er reservoar for bakterien og skil ut bakterien i mjølk, urin, avføring og i store mengder i fostervatn og fosterhinner. C. burnetii kan overleva lenge i miljøet.

Smitte skjer via lufta gjennom inhalering av aerosolar eller ureina støv. Smitten kan også skje via upasteurisert mjølk, men dette er mindre vanleg. Ved import av grovfôr frå andre land kan bakteria innførast og smitte mottakelege dyr og eventuelt menneske.

Sjukdomsteikn og diagnostikk

Symptom på Q-feber kan vera svaktfødde avkom, seinabortar, tilbakehalden etterburd, livmorbetennelse og nedsett fruktbarheit. Det er også sett lungebetennelse, augebetennelse og leverbetennelse.

Smitten spreier seg raskt i ein buskap etter introduksjon, og kan føra til ein «storm» av abortar.

Berre få av dei smitta dyra blir sjuke, men mange kan fungera som friske smitteberarar.

Smitte til mennesker
Særleg folk som arbeider med dyr er utsette for smitte med Coxiella burnetii, til dømes bønder, veterinærar og slakteriarbeidarar. Det ser ut til at ca. 50 % av dei som blir smitta utviklar sjukdom.

Inkubasjonstida er 10-14 dagar, og dei vanlegaste symptoma er ein sjølvavgrensande influensaliknande sjukdom, men også varierande grad av utslett, lunge- eller leverbetennelse.

Gravide som blir smitta har ein auka risiko for abort, små foster og for tidleg fødsel. I sjeldne tilfelle og hos personar med dårleg immunsystem kan sjukdommen bli kronisk med betennelse i hjarteklaffane..

Les mer om Q-feber hos menneske hos Folkehelseinstituttet

Diagnostikk
Ein kan påvisa antistoff mot Coxiella burnetii i blod eller mjølk. Bakterien kan også påvisast ved hjelp av PCR.

Førekomst

Q-feber råkar i første rekkje drøvtyggjarar, men også menneske og kjæledyr, som til dømes katt,  kanin og fugl kan bli sjuke.

Veterinærinstituttet gjennomførte i perioden 2008-2010 gransking av prøver frå over 3450 norske mjølkebuskapar, 55 kjøtfebuskapar, 348 geitebuskapar og 118 sauebuskapar utan å finna antistoff mot bakterien.

Q-feber finst over heile verda, med unntak av New Zealand. Sjukdommen har vore rekna for å vera relativt vanleg i Sør-Europa, men i dei siste åra er ein blitt meir oppmerksame på sjukdommen også i andre europeiske land.

I Danmark er Q-feber vidt utbreidd hos drøvtyggjarar. I Sverige har sjukdommen tidlegare vore påvist hos storfe og sau på Gotland. I løpet av 2008-2009 blei tankmjølk frå 1590 tilfeldig utvalde mjølkebuskapar i Sverige undersøkte, og 127 buskapar testa positivt for Coxiella burnetii.

Hausten 2008 blei det også rapportert funn av Q-feber i  Finland.

Tiltak

Q-feber er ein liste 2-sjukdom. I buskapar der Q-feber blir rapportert, bør ein vera nøye med å fjerna fosterhinner og abortert materiale fordi bakterien finst her i store mengder, og dette kan vera ei stor smittekjelde til dyr og menneske. Ein bør også unngå å bruka upasteurisert mjølk.

Vaksine finst i nokre land, men er ikkje tilgjengeleg i Noreg.

Forskningsprosjekter