Hjarteorm

Parasitten Dirofilaria immitis er årsak til hjarteorminfeksjon, som er ein alvorleg og potensielt dødeleg sjukdom hos hund og katt.

Parasitten kan føra til betydeleg liding. Parasitten blir overført med vektor, men bortsett frå i nokre varme sommarveker i Sør-Noreg kan den ikkje spreiast frå dyr til dyr på grunn av det kjølige klimaet her i landet.

Smittestoff og smittevegar

Hjarteorm er det norske namnet på parasitten Dirofilaria immitis som har hund og katt som hovudvertar, og som blir overført med mygg (Culex, Aedes og Anopheles-artar). I sjeldne tilfelle kan også andre artar, inkludert menneske, bli smitta.

Smitteberande mygg deponerer hjarteormlarvar (mikrofilariar) i hudvevet til hovudverten. Etter ei stund (opptil eit par månader) vandrar mikrofilariane til hjartet og utviklar seg til vaksne ormar, som kan vera opptil 20-30 cm lange. Vaksne hjarteormar finst i høgre hjartekammer, lungepulsåra og hovudvena. Etter paring produserer hoene små larvar (mikrofilariar). Vaksne parasittar kan leva i hjartet og produsera mikrofilariar i opptil 7 år.

Mikrofilariar kan overleva 2-18 månader i blodet. Dersom dei blir tekne opp av blodsugande mygg, kan smitten bli overført til neste hovudvert. Det kan ta opptil 6 månader frå dyret er smitta til mikrofilariar kan påvisast i blodet.

Moglege vektorartar finst i Noreg, og analyser viser at temperaturen om sommaren på Austlandet og delar av Sørlandskysten er høg nok og langvarig nok til at smitteoverføring med vektor kan skje dersom parasitten er til stades.

Sjukdomsteikn og diagnostikk

Symptom hos hund og katt skuldast vaksne parasittar lokalisert i hjarta og/eller blodårene fordi dei hindrar normal blodtilførsel. Dette kan føra til pustevanskar, hosting, lungeendringar, nyreproblem og stuving i levra og hjartesvikt. Parasittar kan også løysna og føra til blodpropp. Hos katt er det meir vanleg med infeksjonar i andre organ enn i sjølve hjarta (lungearterier, auger, sentralnervesystemet, underhuda).

I samband med behandling skal ein vera merksam på at vaksne hjarteormar i hjarta og mikrofilariar i blodet har ulik følsamheit for parasittmidlar. Behandlinga er heller ikkje ufarleg for hunden/katten. Toksiske reaksjonar etter behandling er ikkje uvanleg, og dei daude ormane kan vera årsak til blodproppar.

Hjarteorm kan i svært sjeldne tilfelle finnast hos menneske. Infeksjonen fører oftast til ein knute i lungene, men det er også rapportert om tilfelle der ormen er blitt påvist i hjarte eller auge.

Diagnostikk

Hjarteorm kan diagnostiserast ved direkte påvising av mikrofilariar i blodet, eller serologisk ved påvising av antistoff mot parasitten. Dette kan gjerast på EDTA-blod, serum eller plasma. Antistofftest blir rekna for å vera ein meir påliteleg metode enn påvising av mikrofilariar. Det er vist at mikrofilariar ikkje kan påvisast hos 30 – 50 % av infiserte hundar sjølv om dei har persisterande vaksne ormar. Sidan det vil ta om lag 6 månader før vaksne ormar er utvikla, vil desse diagnostiske testane først vera aktuelle tidlegast 6 månader etter at hunden har vore eksponert for smitteberande mygg.

Røntgen og ultralyd: Hjarteorminfeksjon kan gi endringar i hjarta (forstørra høgre hjartekammer, endringar i blodkar) og i nokre tilfelle kan ein sjå sjølve parasitten på bileta.

Førekomst

I Europa er hjarteorm utbreidd i Middelhavsområdet (frå Portugal i vest til Hellas og Tyrkia i aust) i tillegg til Tsjekkia, Romania, Bulgaria, Slovakia og sørlege delar av Sveits. Parasitten er også utbreidd i India, Nord- og Sør-Amerika, Kina, Japan og Australia.

Skilnader i utbreiing heng saman med faktorar som førekomst av dei aktuelle myggartane, klima (utvikling av mikrofilariane i myggen er mellom anna avhengig av temperaturen), førekomst av villhundar/laushundar og førebyggjande parasittbehandling hos hundar.

Tiltak

Ved innførsel av dyr frå område der hjarteorm er utbreidd, bør dyret vera undersøkt for og testa negativt for hjarteorm. Det er også tilrådd at hunden blir undersøkt på nytt 6 månader etter innførsel for å sikra seg at den ikkje var nysmitta ved innførsel. Dersom testen er positiv, må hunden behandlast.

Dersom ein skal ha med seg hund eller katt til område der hjarteorm er utbreidd, blir det tilrådd å behandla dyret førebyggjande mot desse parasittane ein gang per månad med eit preparat som drep mikrofilariar. Dyra bør behandlast gjennom heile perioden dei er i området. Ein bør også behandla førebyggjande mot insektbit.

Les meir om importvilkår hos Mattilsynet