Piscirickettsiose

Piscirickettsiose er ein alvorleg bakteriesjukdom hos laksefisk. Sjukdommen er påvist sporadisk i Noreg dei siste tjue åra, men hyppige påvisingar i Skottland og Irland gjer at fiskehelsepersonell må være merksame.

Smittestoff og smittevegar

Piscirickettsiose eller salmonid rickettsial septicaemia (SRS) skuldast ein gramnegativ, fakultativ intracellulær bakterie som heiter Piscirickettsia salmonis. Det er fenotypiske og genetiske forskjellar mellom ulike isolat, og klinisk er det variasjon både når det gjeld patogenese og virulens. Sjukdommen er fortsatt eit betydeleg problem i land hvor vaksinering er utbredt. Bakterien er inndelt i fleire genotypar, og koinfeksjon med ulike genotypar er dokumentert. Utbreiing og betyding av ulike stammer er likevel lite forstått.

Sjukdommen er påvist hos Atlantisk laks, rognkjeks, havabbor og ulike artar av stillehavslaks, deriblant regnbogeaure. Bakterien overlever betre i saltvatn enn i ferskvatn og vekst best ved cirka 22 °C. I Noreg er sjukdommen typisk påvist hos laks i løpet av den første hausten etter sjøsetting.

Sjukdomsteikn

Kliniske teikn kan vere apati, nedsett appetitt og ukoordinert svømming, bleike gjeller samt knutar, sår og mørk misfarging i huda. Ved obduksjon kan ein finne bleike flekker og knutar i levra, blødingar i svømmeblæra, peritoneum og visceralt feittvev samt svullen nyre og milt. I kroppshula kan det vere klar eller blodig væske (ascites). Dødelegheita kan vere moderat auka.

Diagnostikk

Innsendte kadaver eller organ blir vurderte makroskopisk, og vevsprøvar blir granska i mikroskop for å sjå etter endringar som er karakteristiske for piscirickettsiose. Bakterien kan dyrkast i cellekultur eller på cysteine heart agar med blod (CHAB), og den kan påvisast med immunhistokjemisk undersøking eller PCR.

Førekomst

Sjukdommen vart først beskriven i Chile på slutten av 1980-tallet. Sjukdommen fører til høg dødelegheit, store økonomiske tap og høgt forbruk av antibiotika i Chile. Betydinga av sjukdommen har vore lågare på den nordlege hemisfære, men reknast som ein stor trussel i irsk lakseoppdrett. Piscirickettsiose vart påvist på særleg mange lokalitetar i Noreg på slutten av 1980-tallet og i 2002. Dei siste 20 åra er sjukdommen berre påvist sporadisk her i landet.

Overvaking

Det er ikkje etablert eit overvakingsprogram for piscirickettsiose i Noreg.

Tiltak

Piscirickettsiose er ikkje listeført i Noreg, men Mattilsynet har eit mål om å hindre etablering og spreiing av sjukdommen. Ved ei påvising vil det kunne vere aktuelt å legge ned forbod mot flytting av fisk og stryking og pålegge umiddelbar slakt eller destruksjon.

I Chile kontrollerast sjukdommen med vaksinering, avl og antibiotikabruk. Overvaking og genotyping av isolat er viktig for å forstå virulens og bestemme følsomheit for antibakterielle medikament for eventuell bruk.

Veterinærinstituttet arrangerte i mars 2023 et webinar om piscirickettsiose. Se opptak fra webinaret her